Rasmus Steinsvik

(Dikt, 1931)

In memoriam

Av Olav Aukrust

Sorgi skyggjer over landet,
ottefull i skuggen står eg,
skodar over heile Norig -
nyleg bjart ved varden brann det,
ja, ved øvste varden står eg -
vetten vår, som varden vaktar,
gufsar mot meg, spør, og spår meg:
Romet etter Rasmus Steinsvik
ingen mann i landet magtar.
Norigs beste bladmann var han.
Burte er den gode mann.
Fremst i lina merket bar han,
til han stupte for sitt land.

I den norske stiden fall han,
men i landet liva skal han:
takk for mange tunge tak
i vår store livsens sak!
«Fedraheimen», «Den 17de mai»,
Garborg, Mortensson og han -
desse menn og desse bladi
våga Norigs von og vann
i ei fårleg røynestund
att vår gard og odelsgrunn.
Halve riket eig prinsessa,
ho, som erver  alt til sist, -
syrgjande no sit prinsessa,
trufast hirdmann hev ho mist.
Bleik innunder merket glødde,
hoggfus fremst i striden blødde
Rasmus Steinsvik med sitt blad,
til han ikkje orka meire, -
gjev, at mange nordmenn fleire
makta dikte slikt eit kvad!
Med si eigi hond han skreiv det,
av hans eigi ånd det lyste,
fals og fusk med rotom reiv det,
ærleg hug den mannen hyste.
Gløgg og sikker i logikken
leit han på sin kvasse penn,
kravde klårt i politikken
reine linur, rake menn.


Stundom eld og ofse var det,
serleg når det galdt forsvaret. - - -


Norigs jord for Norigs søner,
Norigs mål for Norigs folk -
for det nye Norigs bøner
var han stødt vår beste tolk.
Men den norske stakarsdomen!
Treiske trollet, tidt han treiv det,
som på kvasse honn han heiv det,
slengde det i bakken ned, -
fira aldri, baud 'kje fred -
heller kamp då, for det fyrste, - -
norsk var hugsen, som han hyste.
Hoggbert stod den klåre panna,
skire ljos i augo brann,
læra si med liv han sanna,
denne norske kulturmann.

Kvast det blenkte, heitt det loga,
no er siste elden sløkt,
ende fekk no martyrsoga,
lel so ropar sorgi høgt.
Lat so sorgi ha sin song.
Det er tungt å misse slike,
stød han stod i mangt eit slag, -
lat oss aldri verket svike,
gjev so sorgi ein god dag!


Men ei einsleg sorg eg veit um,
ja, mi eigi sorg eg veit um,
hugsefull med tankom sine,
mott åleine, langt frå hine -
kløkt ei bleik og tåreblind
møy eg ser, som blomar finn,
blom frå skogen, blom frå fjelli, -
bod frå heile Norigsveldi
berst på henne utan stans - -
Bleik ho flettar på sin krans,
høyrer einsleg skaldegråt,
sit med kransen frisk og våt.
Einsleg sorg, som saknad grøter,
du, som seint med kransen møter -
gakk no fram og legg min krans
varleg ned på grefti hans!


Stort han vann, og stort me miste,
minnekransen til hans kiste
strålar no i tåreglans:
han var trufast til det siste -
signa vere minnet hans!
 

Frå Norske terningar. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag 1931. Side 41-45. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad