Sota

(Dikt, 1916)

Av Olav Aukrust

Det er ei sæter som heiter Sota,
og einsleg ligg ho i svarte audni.
Eg kom der veg-vill ein gong ved midnatt,
og myrke segner imot meg susa, ­
sev for vind uti straum rakte,
kragg og trollskog kraup og krakte ­
kryp og krek der til domedag.

*

Det var ei hildrande ungmøy-hulder
som sat budeigje på denne stulen.
Ho heldt med tvo, og det vart til våe, ­
ho fekk då nøgdi, til sist, av båe,
og dei fekk metta seg båe tvo.

Det hende noko der, langt attende.
Det small eit skot der ein gong ved midnatt.
I ormut otte låg ein og glødde,
han låg og lura, han låg og lødde ­
hin stupte då skotet small.

-----

Han kom til Sota ved midnatts-leite
og kravde løni for velgjort arbeid.
Han stengde døri, ho sløkte ljoset
- det rauta tungt gjenom fenafjoset ­
tvo hjarto dunde i natti nifs.

Han som skaut, var han Kristen Fange,
men han som stupte, fekk ingen spurt meir.
Han jaga fram gjenom natti, fullvåk,
han lengta mot hennar heite famntak ­
i tjønni søkktest han ende ned.  

Han fanst att sidan, i folkehugen ­
der flyt han upp or den svarte tjønni -­
og fer til kyrkje med fagert fylgje, ­
frå høgste Lomsegg lát Fangjen hylje
sin munnharp'-slått over ferdi ned.

Då dryp det blod or den svarte kista,
og som ei saud-soks er harpa stor, og
det syg og syg som på djupe vatn ­
høyr, ned frå Lomseggi fossar slåtten
som nemnest Fangen den dag i dag.

Nifs er slåtten hans Kristen Fange,
og svart er segn i som sjølve Sota;
som høgste Lomseggi ris ho bratt
imot himmelkvelv, og som tjønn ved natt
går ho ende ned i sitt helvit-djup.  

*

Kva dei tvau tala den siste natti
hev ingen høyrt um og ingen spurt um.
Kva løn, kva fagnad -kva lagnad fekk han?
- Og munnharp'-spelar og tulling gjekk han
og ho sat aldri på Sota meir.

*

Eg kom dit myrkrædd ein gong ved midnatt,
og segni gufsa frå gamle tuftom,
og det var nattgangar-vilt ved Sota,
og det var attgangar-stilt ved Sota,
og skoddi rå uppi høom rakte, ­
kragg og trollskog kraup og krakte ­
kryp og krek der til domedag.
 

Forklaringar:
Sev: siv
Kragg: lågt og krokut tre
Heldt med: heldt seg til
Våe: våde, fare
Høom: hø; rundvoren fjelltopp


Frå Himmelvarden, 1916. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad