Vårblå himil i mars

(Dikt, 1926)

Av Olav Aukrust

I stekkja, nedsnøa fjellskog gøymde,
var kjervi utrivne, lasset lesst.
Eg låg på lauvlasset, dorma, drøymde,
og morgonstjerna stod bleik i vest.
Og hesten lunka, og bjølla singla,
det song so vakkert i massing-dingla:
A linge-ling, linge-linge-lan -
tobak og pipe, so går det an!
 
Eg låg på ryggen og såg på røyken
vart blåe risar og rare dyr.
Og heid og himil og eg og øyken
og alt ikring oss vart eventyr.
Kva er so gufsande friskt og godt som -
og mildt og drivkvitt og reint og blått som
- å linge-ling, linge-linge-lei -
ein vårblå himil og mars på heid!
 
Det skein og blenkte so hål ein blåne,
der slede-meian' på vegen rann.
Og uthengd var det so blank ein måne,
og alt var vakkert og vel i stand.
Det var so inderleg mjukt og mildt, at
det rann so lett, og det var so stilt, at
- å linge-ling, linge-linge-lo -
all skog og vigge som fjetra stod.
 
Og grønt var lasset, og kvit var skogen,
og raud var himil'n i aust å sjå.
Og mi var stundi, og vårleg hugen,
og vakker ho som eg tenkte på ...
Ho Guri Jukule, vakker-gjenta,
kven var det, tru, som ho gjekk og venta?
Ja, linge-ling, linge-linge-lan -
de'm ein fyngeho, ljotealt gå an!
 

Frå  Hamar i hellom. Oslo: Gyldendal 1931. Side 49-51. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad