Vårt mål

(Artikkel, 1965)

 Av Olav Aukrust

 

I.

«Vort sprog» hev Bjørnson sett yver det store åtaket sitt på norskt mål. Med «vort mål» meiner Bjørnson sjølvsagt riksmålet. Sjølvsagt, ja. Men merkeleg nok: i det Herrens år 1907 hev Bjørnson likevel funne det naudsynlegt å prova dette sjølvsagde - enno ein gong. I tri lange teigar frå toppen av «Mrgbl.» for 19. mars. Jamvel no på sine gamle dagar, stend Bjørnson med stort blankt sverd i brodden for dei, som vil daudslå norskt mål. Men flokken tek småningom til å tynnast ut. Det er «opløsningens vederstyggelige tilstande» i riksmålslægeret no. Den eine skulemannen etter den andre stend fram og vitnar (me hugsar t.d. skulestyrar Voss for ei stund sidan); ordlistemenn og forfattarar slæst, so fillorne fyk, og her og der møter me «nystavarar» på ordsank. Alle slær dei um seg med «norskt sprog», «norsk tale» o.s.b. - Det er eit tidarteikn. I desse siste dagar kunde våre gamle, konservative «sprogbevarere» ha ymis grunn til det klassiske sukk: «Sic transit gloria mundi» ... Det var ei tid, dei rådde grunnen åleine, og alle var som ein. Trygge og rolege livde dei i landet, røkta kulturen og rådde bygderne. Det kjendest nok som eit provins-liv, sandt å segja, og kulturen heldt seg noko bleik og blod­laus. Men kva gjorde vel det? Med dokter og lensmann, skrivar og fut, prest, postil og preikestol gav dei folket, det som trongst i liv og i daude: skøytor på gardane, medisin mot astma, giktsmurning mot ryggjeverk, vigjing og barnedåp og gudsord i alderdomen. Meir trong ikkje folket, det var «bønderne», det. Skrinn er vår norske jord; med moldute hender grov bonden seg fram mot gravi, i slit seint og tidleg med å livnæra seg og sine. Og dei, som ikkje dugde til arbeid, draumfuglane, dei med «fantasi», - ja, dei vart oftast fark og fant, klokkemakarar og spelemenn, Gjest'ar og Gynt'ar.

Men bonden heldt ut. Han grov og han braut, og det livna i bygderne. Han dyrka sin gard, og det grodde i grenderne; várt heldt han vakt um odelsjordi. Han pløgde og sådde og heldt auga med sin åker - der munde vera skattar løynde.

Og det var gull i åkeren. Umsider, då varmt vår-ver kom yver Norigs land, låg gull-ædrerne skire og skein i dagen; Ivar Aasen og P. A. Munch hadde funne deim. Og Henrik Wergeland braut seg fram or våre innarste naturgrunnar. So kom Vinje og sidan Garborg.

Tiderne hev skift. I staden for «bønderne» hev me fenge stor­fjølden av det norske folk som krev rett for sitt mål i tale og skrift. Dette kravet, som hev vakse fylgjerett fram med vår framgongssogu, trur våre motmenn seg til å døyva. Byguten på dei høgre skulane skal ikkje ha upplæring i folkemålet; men bondeguten skal trælka med dansknorsken og gløyma sitt eige. Jamstelling vilde vera det same som at «dialekternes fællesmål» kom «på rang med» riksmålet -, og det vilde vera «letfærdigt», segjer Bjørnson. Og då so -. Og so skal det då bera laust att med målstrid, utsetjing, folkeavrøysting o.s.b. Våre motmenn vil ikkje ha landsmålsstil til artium.

Men denne flokken hev fylka seg um eit daud-dømt program: det er vonlaust å vilja kverka og tyna det nasjonale instinkt hjå eit folk - allvisst i eit land, der naturen er so sermerkt - og hjå eit folk med so sermerkt huglag som vårt.

Dei vil i kulturens namn leggja seg på tverke yver sjølve fram­gongsvegen i landet.

II.

 

Landsmålet duger ikkje i kunst, meiner Bjørnson; berre slike klåre og enkle emne som elskhugen, naturkjensla og den religiøse lengting kann landsmålet magta. Bjørnson treng berre å lesa Aasens gramatikk og våre norske ordbøker, so skal han koma på andre tankar. Elles er desse «klåre og enkle» emne, som Bjørnson nemner, det store, ævelege, løyndomsfulle, det djupaste i mannalivet og i menneskjesjæli. Kvar einskild av desse kjenslor er som eit namnlaust stillehav: i den store einsemd, under dynjing frå aude, ævelege heimsbylgjor, ser menneskja i døkke draumar dulde land, der den klåre tanke ikkje rekk fram. Ved desse einsame, ævelege heimshav hev dei store diktarane lagt sitt hjarta til jordi og drøymt (Frants av Assisi, Dante, Shakespeare, Keats, Shelley, Goethe, Poe, Rosetti o.s.v.). Kann det norske mål gjeva oss djupe, fullgode diktarverk på desse umkverve, so tarv me ikkje bera otte og umsut for dei andre bolkane i åndsheimen. Og landsmålet hev alt no synt oss, at det magtar både eitt og hitt. Det er ikkje livlaust, det beint fram ventar ... Her er i det norske huglynde og i vår ville, vidsveimde naturbundne sjæler, som jamrar etter utløysing og form.

Den høgste kunst i riksmålet vilde tapa seg i norsk umsetjing, segjer Bjørnson. Ja, sjølvsagt -, skal det vera eit prov? Kiellands «Else» kann ikkje meir umsetjast til landsmål enn t.d. Garborgs «Fred» kann umsetjast til riksmål. Den eine som den andre vilde «miste sin tid og sit milieu, dermed vilde duften og lyset bli borte». - Eller um eg tek eitt dikt or «Haugtussa» - «Under Jonsok» t.d. Her hev Garborg gjeve oss ein song um fjell, sumar og einsemd so dårande fager at det er som sjølve fjell-åndi kviskrar deg i sjæli si sorg, si ævelege einsemd og sin namnlausaste løyndom. Ein innfødd, som med vart øyra hev vanka i fjell, høyrer i dette dikt underlege tonar - tonar, som ein Theodor Caspari aldri hev drøymt um.

Eit diktarverk, segjer Edgar Poe («The philosophy of composition»), kann ein mæle etter den evne det eig til å gripa den som les. - Bjørnson veit, at det er noko, som heiter race-psykologi, individualitet (einmanns-lag) og instinkt - og at det er eit samhøve millom sjæl og likam, millom tanke og form. Trur Bjørnson, at den sjæl, som er i norsk natur og norskt huglynde kann berge seg i ein dansk ham? - Me hev slike vanfoster i bokheimen vår; dei er som fån og folnande lik.

Å vera diktar er: å vera fødd til det. Poeta nascitur. Minst av alle kann diktaren riva dei røter, som bind honom til ætt og fedrejord.

«Sterk personlighed», segjer den fine svenske diktar og bokdomar Ola Hansson (i eit stykke um ei merkeleg bok «Rembrandt als Erzieher», som kom ut i Tyskland i nittiåri), «fremspirer alene av sterk stammefølelse. Den ægte kunstner kan ikke være lokal nok. - - Århundredets store spørgsmål på kunstens område er: Hvordan får vi en ny stil? Svaret er: Nye åndelige strømninger udgåede fra folkesjælens dyb, skal gjennem nye, sanselige former, der naturligt danner sig om dem, finde sit håndgribelige udtryk». «Norig er, som Tyskland, eit bondeland, og «bondeånden er fædrelandsånden; jordånderne beholder overalt og altid retten og det sidste ord».

*

Ein underleg lagnad hev dette landet havt. Myrkr og ljos hev skift gjenom tiderne. Kaldgufsar hev gløypt upp etter strenderne, og skorne skuggar hev tøygt seg gjenom dalarne. Bøygar hev ringa seg og nattfrost kjøvt kjeldorne. - Vonde vilkår hev den norske lands­ungdom havt. Kaldt og framandt låg heimelandet, og utferd vart villarkornet. Veikt og valhendt, magtlaus og mergsogen gjekk mang ein norsk gut på framande tufter.

Lang var vinteren; men våre kjeldor grunn-fraus ikkje. Folkevisorne livde. (No lyt me snart få ei nokonær heil, fullgod, vitskapleg utgåva av folkevisorne våre.) Under aur og stein, under berg og fjell renn klårvatnet, og uppkoma bryt seg ut um våren. Sterk er den norske vår; i strålande sol skal bøygarne geispa. - Kristiania er ikkje lenger den store gren-orm, som magtstel og dreg. I storbyen finn me att oss sjølve og lærer å vyrda vårt eige.

Vårherre hev gjeve oss eit underlegt, eit sermerkt land. Han hadde vel som ei meining med, at han gav oss eit fedreland óg. Og difor vil me no ha rett for vårt norske mål.

På den grunnen skal nordmenn i sanning samlast, samlast til eit folk.

På den grunnen skal me stå, på den skal me veksa, og på den skal me vinna.