A. M. St. Arctander

(Minneord, 1919)

Av Anton Aure

   So er han ikkje meir denne gamle trufaste maalmannen, den varmhuga idealisten som det ikkje var svik i. A. M. St. Arctander, høgskulemannen og bokmannen, døydde i heimen sin paa Vettre i Asker no den 25. juli, ikkje fullt 72 aar gamall.
    Den nynorske bokheimen hev her misst ein av sine mest dugande menner. Det var ei ovleg vitug uppgaave i norsk maalreising han hadde teke fyre seg; aa umsetja nokre av storverki i heimsbokavlen til norsk maal. Og eit stort arbeid fekk han gjort endaa det var seint han tok til med dette arbeidet. Lengste tidi arbeidde han i folkehøgskulen, og her gjorde han visseleg eit stort og godt arbeid. Daa han fekk reist Lofoten og Vesteraalen folkehøgskule var det reine nybrotsarbeidet han laut taka til med. Folkehøgskulen var lite kjend i Nord-Norig og det vart eit tungt strev aa arbeida høgskuletankarne inn der nord. Men Arctander var sjølv nordlending og han elska Nordland; difor gav han ikkje upp Æ€” fyrr han vart so helseveik at han laut slutta for den skuld. Men daa var grunnmuren lagd og andre kunde halda fram der han hadde teke til.
    Han laut flutte sud i landet, der verlaget var betre, og budde fyrst i Hardangar ei stund, men bygde sidan sin eigen heim i Asker. Helseveik var han heile tidi og i di seinste aari kom han ikkje utanum sin eigen heim; men arbeidslaus kunde ikkje den gamle arbeidsmannen vera, og so tok han paa det store og vande arbeidet aa yverføra "Faust", hovudverket av sjølve heimsdiktaren Goethe, til norsk maal. Det var ei vaagall uppgaava aa taka iferd med; det er alltid fælande vandt aa setja um eit diktarverk fraa framandt maal, og "Faust" er halden for eit av deim som er verst aa umsetja. Det vanta daa heller ikkje paa motburd. Heimedanskarne flirde og hædde som deira vis er. Dei trong ingi norsk umskrift, maavita, dei greider seg so framifraa med aa laana den danske. "Morgenbladet" kom med stygge aatak paa Arctander, og jamvel mange maalfolk stod tvilande og kalde.
    Men Arctander gav ikkje upp. I 1911 kom fyrste bolken ut paa Olaf Norlis forlag i ei framifraa fin utgaave med mange bilæte etter den franske maalaren Delacroix. Det var ei utgaava som var til æra for den nynorske bokheimen, og umsetjingi fekk lovord av mange lærde folk baade heime og ute. Soleis hev den maallærde professor Kreuss i Prag sagt at han kjenner ingi Faustumskrift som ligg so nær upp til originalen som Arctander si.
    No hadde han ogso fenge ferdug andre bolken til prentings. Den vaaga ikkje bokreidaren aa gjeva ut, og so maatte Arctander sanka tingarar fyreaat. Han fekk ogso so mange hundrad at boki vilde bera seg. Ho skulde ha kome til joli 1918; men so vart det streik i prenteverki; og no kom ho altso ikkje ut medan Arctander livde. Me fær vona ho likevel kjem i aar.
    Umframt dette storverket hev Arctander umsett "Wallensteins læger" av Schiller, den andre tyske stordiktaren. Den boki kom ut paa Gunleiksons forlag i 1917. Ein skulde tru at norske maalfolk vilde kaupa mannjamt desse umskrifterne av storverki i heimsbokavlen *); men bokreidarane fortel at det er mest ingi bøker som gjeng so lite som desse klassiske diktarverki. Dette er ei stor skam. Lat vera det kostar arbeid aa lesa dei store diktarverki so at ein fær tak i dei; men so hev ein meir att av aa lesa ei av desse enn hundrad av dei vanlege dusinromanar som mange er so galne etter.
    Arctander hev skrive mykje meir paa norsk maal enn desse umskrifterne. Alt i 1884 gav han ut "Peters fyrste brev" i norsk umskrift og i 1900 sende han ut ei utgreiding "Maalrørsla i Norig" paa "Unglyden"s forlag paa Voss. Desutan hev han skrive mange lenger utgreidingar i "Syn og segn" o. fl. blad og tidsskrift. I dei seinare aari hev han ogso skrive mange bokmeldingar um nynorske bøker, mest i "Norig" og i "Unglyden". Bokmeldingarne hans var alltid so grundige, og dei synte at Arctander hadde framifraa godt skyn paa bøker; difor fekk folk au tiltru til deim. Her vert ikkje romet hans godt aa fylla. Me hev so faae verkelege bokkritikkarar som skriv nynorsk, og endaa færre som alltid kann og vil vera rettvise i sin dom.
    Alt det Arctander skreiv var grundigt og klaartenkt. Han kunde lite med aa gjeva store yversyn, han maatte leggja allting fram og lata detaljerne tala. Stilen hans vart litt tung og maalet hadde ein noko gamall svip. Han var uvanleg kunnskapsrik og so var han dertil so rødug og godlynd at det var ein hugnad aa vera saman med honom. Me som kjende honom vil gøyma minne um honom i hugen vaar, og han hev gjort eit so godt arbeid for vaar norske sak, at alle gode maalfolk vil minnast honom med takk. Si eigi livssoga skreiv han til den boki som vart utgjevi daa han var 50-aars student. Me tek ho med her.

*) Me hev ogso Schiller: Wilhelm Tell ved M. Skard, Shakespeare: Macbeth og Kaupmannen i Venetia ved O. Madshus, Jonsokdraumen ved E. Eggen, Shakespearesonettar ved Edv. Alme, Goethe: Hermann og Dorathea ved Alme, Schiller: Songen um klokka ved Ivar Aasen, Homer: Odyssevskvæde ved Garborg, Sallust: Catilina ved E.Skard o. fl.

 


Frå Ung-Norig. Nr. 8. August 1919. 2. aarg. Risør: Utgjevar: Erik Gunleikson. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad