Erik Gunleikson 50 aar

(Biografi, 1922)

Av Anton Aure

Nynorske bokreidarar V.

    I dag skal de faa høyra litegrand um den mannen som med so stor offervilje hev gjeve ut "Ung-Norig" i snart fem aar no og som hev teke seg av so mangt eit ungt bokmannsemne, kosta ut og tapt pengar paa dei fyrste bøkerne deira.
    "No kjem turen til deg i bokreidarrekkja", sa eg til honom; "og so høver det so godt at du nett er 50 aar au, so no set eg deg i 'Ung-Norig'."
    "Er du gælen gut", svara han, "eg kann daa ikkje setja meg sjølv inn i mitt eige blad! Og so bera ut at eg alt er 50 aar; eg som ikkje hev fenge tid til aa gifta meg enno".
    "Ikkje noko motlegg farr, det er eg som styrer bladet og som raar for kva som skal koma i det. Du lyt berre prenta det eg sender du, eller faa deg ein ny styrar. Og dette med giftingi kunde du tenkt paa fyrr; no kann du hava det so godt", meinte eg.
    Hadde no Gunleikson vore en sinna mann, so veit du eg aldri torde fortelja slike private samtalar; men no er han den mest godlynde og venelskne mann du kann raaka. Eg kan aldri tru han nokon gong hev havt ein uven. For ingen som kjenner honom kann verta sinna paa honom – ikkje eingong ein illsinna riksmaalsmann, trur eg.
    Det er dei som meiner han er altfor snill til aa vera bokreidar; og det kann kanskje vera noko i det. Der hev nok kome ut ting hjaa honom som aldrig burde vore prenta; men det er daa helst slikt som boksmedarne sjølv hev kosta ut. For aa hjelpa desse folk sette han likevel sitt forlagsmerke paa bøkerne deira, og hugsa ikkje paa at han dermed fekk skuldi for at reine undermaalsarbeid kom ut, og at det var til skade for honom sjølv. I dei seinaste aari hev han vore meir varsam i so maate. Og det aller meste av det han hev gjeve ut hev vore gode folkebøker. Det kann nok vera at ikkje alt heldt maal fraa ein rein kunst-synsstad; men ein skal hugsa paa at det kann vera gode, ja framifraa folkebøker um dei ikkje er store diktarverk.
    Visst er det at Gunleikson hev hjelpt fram mang ein lovande ung bokmann. Med makelaus offervilje tok han mot desse unge og kosta ut fyrste-arbeid i deira, endaa han visste fyreaat at han kom til aa tapa pengar paa det. Han meinte vel det vilde ganga betre naar dei fyrst var noko kjende. Det slo ogso til med sume; men daa gjekk dei rett nok til Oslo-forlagi. Desse forlagi gjev umlag aldri ut ei bok av ein ny mann som skriv norsk. Difor er det arbeidet Gunleikson hev gjort for nynorsk bokheim større enn mange vil tru. Kven veit um ikkje desse unge hadde gjeve upp i modløysa um ikkje G. hadde teke seg av dei? Eg kjenner personleg dei som vilde gjort det, og som no vert rekna millom dei sers lovande
    Det arbeidet Gunleikson gjenom bokreidarverksemdi si hev gjort for maalsaki er so stort at alle gode maalfolk – og serskilt daa dei som les "Ung-Norig" – vil senda honom si varmaste helsing no han fyller 50 aar. Og dei vil nok gjerne vita noko meir um denne heilhuga idealisten.
    Erik Gunleikson er fødd 5te oktober 1872 paa garden Gjernes i Søndeled. Gjernestangen er det gamle Rygjarbit som var grenseskilet millom Agdir og Telafylket. Det var nok ikkje sunge ved vogga hans at han skulde verta bokhandlar og bokreidar. Faren var bonde og Erik var eldste sonen. Daa han var 20 aar gamall døydde faren og so tok han garden etter honom. Han var ein flink bonde. Dyrka upp mykje ny jord. Fekk stipendium og reiste ned til Danmark og studerte gardsbruket der. Var medarbeidar i "Landmandsposten" og skreiv stykke i "Folketanken" under merket Steinar Rygjarbit. I ungdomsbladi skreiv han og, daa serleg i Steinhamars blad "Avholdsungdomen" den tid den kom ut. Han kom soleis tidleg med i ungdoms- og fraahaldsarbeidet. Dei hadde eit ungdomslag i krinsen, og der var han formann nokre aar. Sjølv fekk han skipa Gjernes avhaldslag og han ferdast mykje paa dei store fraahaldsstemnor og landsmøte. Her vart han kjend med fleire av dei fremste menner i fraahaldsfylkingen og knytte veneband med dei.
    Han hadde ein farbror som han er uppattkalla etter som hadde boklege hugmaal og hadde fenge tak i mange bøker og blad; men han døydde ung. Det er likt til at Gunleikson ikkje berre fekk namnet aat farbroren, men og dei sterke boklege hugmaali hans. Av bøkerne hans fekk han derimot ikkje anna enn ein gamali rar bilætbibel; all den andre "verdslegdomen" tok bestemori og brende upp daa farbroren var død. Men den lesehuga guten fekk laana bøker hjaa læraren sin, og so snart han vart vaksen tok han til aa samla bøker sjølv. No tel boksamlingi hans kring 4000 band og mykje av dette er store verdfulle verk.
    I politikken var han helst konservativ for det fyrste; men daa han vart eldre og fekk meir vit paa slikt, skyna han at paa den vegen gjekk det ikkje. Maalsaki fekk han rett augo upp for daa Bjørnson tok til med sine illgjetne fyredrag imot det norske bondemaalet i 1899. Fraa den stundi var han maalmann med liv og sjæl. G. er ogso interessera songar og er aktiv medlem av Risør mannskor.
    Der var ein bokhandel i Risør og ein dag i 1906 daa Gunleikson var i byen, var han som vanleg innum der og kjøpte seg ei bok. Daa sa bokhandlaren til honom: "Kjøp no likso godt av meg heile bokhandelen, eg skal slutte no". Ja, dette var eit lokkande tilbod for ein mann som var glad i bøker. Han tenkte paa dette nokre dagar, og so slo han til. Garden let han broren Peder G. Gjernes faa, og so flutte han til byen og vart bokhandlar.
    Fryxells bokhandel som G. kjøpte hadde i si tid drive bokreidarverksemd og gjeve ut mest religiøse bøker. Daa so Gunleiksons gode ven Høgevold kom med eit manuskript "Fra Telemarken", so tenkte G. at det var best aa halda tradisjonen uppe og kosta ut denne boki (1912). Snart etter kom ein annan av venerne hans, August Steinhamar med manuskript. Soleis kom han inn paa bokreidarvegen.
    Men desse bøkerne var paa norsk-dansk og det var ikkje nett etter Gunleiksons hug. Skulde han fyrst vera bokreidar, vilde han gjeva ut bøker paa norsk og hjelpa fram nye norskmaalsbokmenner. Dei fyrste nynorske bøkerne han gav ut var "Fraa kaksebygda" av Kristen Løland og "Song or skogen" av Arne Smeland, baae i 1912. Aaret etter sende han ut sju bøker paa norsk. Dei var fyredrag av Sven Aarrestad og B. Th. Anker og hugleiksbøker av desse unge: Olai Aalen, Andreas Agdestein, Arne Espeland, Severin Kvaale og Hallvard Sandnes. Nye folk aa rekna for alle fem. I 1914 var det meir kjende folk: Rikard Berge, John Lie og Peter Slotsvik og ein ny: Oskar Brostrøm.
    Etter den tidi hev han sendt ut 10-12 bøker um aaret, og alt i alt hev det i desse 10 aar han hev drive bokreidarverksemd kome kring 90 nynorske bøker hjaa honom. Og det er ikkje berre smaating heller. Paa hans forlag er soleis kome det store prydverket "Bondesylv" av Rikard Berge, det største bilætverk som til denne tid hev kome paa nynorsk og som baade etter innhald og utstyr er til æra for norsk bokheim. Ei onnor større vitskapleg bok "Husgudar i Norig" av same bokskrivar maa og nemnast. Det fine bilætverket "Saumkunst i norske bygder" hev han landsmaalsutgaava av. Han hev og kosta ut Rasmus Steinsviks skrifter i tri band og det fint utbudde "Haakonarvarde" som kom ifjor.
    Det meste av det han hev gjeve ut er likevel hugleiksbøker (forteljingar, dikt, skodespel), helst av unge folk. Av alle dei bokmenner som umframt dei fyrr nemnde hev fenge ut bøker paa hans forlag skal eg berre nemna: Hallvard Bergh, Olav Gulivaag, Torleif Homme (vitskaplege bøker), Jon Norstog, Henrik Rytter, Torvald Tu, Einride Tveito og Kristofer Uppdal.
    Men vitskaplege verk og fyrstearbeid av unge bokmenner er ikkje slikt som "gjeng" og som gjev bokreidaren mynt. Og ein stor part av maalfolket kjende seg fritekne for aa kaupa slike bøker som kom ut i Risør. For jamvel millom maalfolk finn ein denne meiningslause hovudstadstrui at det er undermaals alt som ikkje kjem fraa "Christiania". Me kjenner alle det gamle ordet som i hovudstaden hev fenge denne formi: "Kan der komme noe godt fra 'provinsen'?" At bokhandlarane – daavisst dei i hovudstaden – kjende seg fritekne fraa aa stella ut eller leggja fram desse bøkerne er sjølvsagt.
    At tapet daa laut verta større enn ein mann kunde greida er ikkje aa undrast paa. Det var berre rimeleg at han maatte koma i vandskar no naar nedgangstidernc kom, so han lyt taka rev i segli. Men me vil vona at det lagar seg og at det ikkje gjeng alt for lang tid fyrr han kann arbeida seg upp att og faa halda fram (med sitt gagnlege yrke.
    Attaat bokreidarverksemdi hev han vore bladutgjevar. I aari 1913-16 gav han ut ungdomsbladet "Dølen" som Kristen Løland styrde. Prentevanskar var mest skuld i at det laut stogga. Fraa 1914 hev han gjeve ut det gode og fint utstyrde folkeminnetidsskriftet "Norsk folkekultur" styrt av Rikard Berge med hjelp av O. Olafsen, Alexander Bugge og Kristofer Visted. Til dette tidsskriftct hev han dei siste 3-4 aari havt noko statstilskot. Det hev fenge vellæte baade av innan- og utanlandske vitskapsmenner. Etter nyaar 1918 tok han so til aa gjeva ut "Ung-Norig" som soleis snart fyller 5 aar. Dei seinste aari hev han havt eige prenteverk som prentar "Ung-Norig" og sume av dei bøker han gjev ut.
    Me ynskjer honom helsa og heppa i framtidi.

 


Frå Ung-Norig. Nr. 10. Oktober 1922. 5. aarg. Risør: Utgjevar: Erik Gunleikson. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad