Hallvard Bergh 70 aar

(Biografi, 1920)

Av Anton Aure

Hallvard Bergh 70 aar
Hallvard Bergh
   Me hev havt nokre framifraa barneforteljarar i den nynorske bokheimen. Per Sivle, Løland. Kristen Stalleland, Stefan Frich og seinare Hans Seland, Halvor Floden o. fl. hev skrive gilde barnebøker. Men den fyrste som skreiv ei norsk barneforteljing som med ein gong "slo igjenom", som det heiter, det var Hallvard Bergh. Boki heitte "Reise te versens ende" og var skrivi paa valdrismaal daa ho fyrste gongen kom ut i 1889. Sidan hev ho kome ut i fleire utgaavar paa dansk og i 1905 kom ho paa landsmaal. No hev ho diverre vore utseld i mange aar, og det er stor spott og skam at ho ikkje vert prenta uppatt. Um denne boki hev barnevenen og harnebokskrivaren Andreas Austlid sagt at ho er "ei perle so rein og skir at ho trylte oss reint daa ho kom ut". Den store finske barnetbokskrivaren Zakarias Topelias fekk tak i boki og gav henne dei varmaste lovord. Snart etter kom ho daa ogso ut paa finsk og svensk, og sidan paa tysk og islandsk.
    Hallvard Bergh hev gjeve oss fleire gilde barnebøker som me skal nemna sidan. Men han er ikkje berre barneforteljar. Han er ogso ein av dei fremste folkeminnesamlarane i landet og hev berga mykje gamallt ervegull fraa gløymsla. Den sida av arbeidet hans er ikkje mindre gjævt. Desutan hev han skrive fine lyriske dikt, han hev arbeidt med stor eldhug for skogplanting og vore ein dugande lærar. Det er vel difor ikkje formykje um Norigs ungdom fær vita noko um honom no han hev fyllt dei sytti, og sender honom ein takk for gjævt arbeid gjenom dei mange aar.
     Hallvard Arneson Ellestad Bergh er fødd 1. desember 1850 i Gol i Hallingdal. Faren var bonde og handelsmann Arne Hallvorson Bergh og mori Liv Haugen. Daa Hallvard var 6Æ€”7 aar flutte foreldri til Lomen (undersokn til Vestre Slidre i Valdres) og kaupte garden Ellestad, der Hallvard sidan vaks upp, og vart kraambudsvein aat faren nokre aar. Han tok so eksamen ved Lands lærarskule i 1867 og var lærar i heimbygdi eit aar, men aaret etter drog han til Amerika og vart kyrkjesongar i Dane Co. i Wisconsin eit par aar. So gjekk han paa Luther College (gymnas) i Decorah i 6 vintrar og heldt skule i ein by um sumrarne. Soleis stræva han seg fram til studenteksamen i 1876.
    Men han hadde slite for hardt. Samstundes med at han las til studenteksamen hadde han vore huslærar, bladsendar og teke privatupplæring i gamalnorsk. Det vart meir enn helsa tolde, og hausten 1876 kom han sjuk heim til Valdres. Her friskna han likevel til att og fraa 1. januar 1878 tok han lærarposten i Høyne og Skjel krinsar i Lomen. Her slog han seg no til ro og vart valdris i hug og haatt. Han hadde denne skuleposten alt til han søkte avskil fraa 15. aug. 1913. Paa Høyne hev han ogso bygt seg ein ven heim, og paa sume av bøkerne hev han brukt dette namnet og kalla seg H. Høyne.
     All sin dag hev han livt ugift og hev serleg i den siste tidi vore noko einsleg elles og. Det var vel faae som skyna honom, tenkjer eg, faae som hadde dei same hugmaal. Og naar han so møtte liti skynsemd vart han kanskje hugsaar og stengde seg inne. Kor ofte hev det ikkje gjenge soleis med dei beste og finaste hjartemenneskje.
    Eg kom upp til honom ivaar og var der ei sundagsstund. Og me svaIla um so mangt og mykje. Eg vilde gjerne hava greida paa nokre valdrissar som hadde skrive noko, og han visste so god greida paa alt sovore. Og slik som han kunde fortelja! Det var ei ugløymande stund for meg denne dagen eg var hjaa Hallvard Bergh. Eg fekk læra aa kjenna ein fin hjartegod mann med store og gode hugmaal. Soleis hadde eg elles alt fyrr lært aa kjenna honom gjenom bøkerne hans, og han svara heilt til det bilætet eg hadde laga meg. Daa me drog avstad att sa han: "No kann eg liva ei god stund paa denne hendingi!" Ja ja, den som sjølv hev freista aa liva langt burte fraa andre aandsfrendar han vil skyna det.
    Ei hending i Bergh sitt liv lyt eg nemna. For mange aar sidan daa han var paa ei fjellferd, fann han paa ein støl i Valdres ein gjentunge, Ragnhild Kaata, som var baade blind og dauv og maallaus. Ho hadde ikkje lært nokon ting og visste mindre enn eit dyr. Bergh skreiv um henne i bladi og fekk istand ei innsamling til henne. Det kom inn yver 7,000 kr. og no kom ho paa skule og fekk læra aa lesa, skriva og tala. Han skreiv ogso snart etter ei barneforteljing um korleis nokre born tok til aa samla inn pengar til vesle Ragnhild. Tittelen paa boki var paa dansk, "Hvordan Marie sanked pengene" heitte ho; men heile boki var skrivi paa valdresmaal og ho kom ut i 1889 same aaret som "Reise te versens ende". For nokre aar sidan arbeidde han boki um og gav ho ut paa landsmaal. Daa heitte ho "Dokkesjaa". (Litlehamar 1912). Sjølv meiner han at denne boki er betre barnebok enn "Ferdi til verdsens ende"; men det er vel ikkje mange som vil vera med paa det. Ho er ikkje so upphaveleg og egte barnsleg; men det er ei ven og gild bok elles.
    Hallvard Bergh hadde alt so tidleg som i 1879 sendt ut fyrste boki si hjaa Det norske samlaget. "Segner fraa bygdom IV" heitte ho. (Det skulde elles vore III, for samlaget hadde fyrr gjeve ut tvo samlingar segner fraa bygdom *). Til undertittel hadde ho "Sogur m. m. ifraa Valdres og Hallingdal". Det var soleis ei samling folkeminne og ho innheld mange utifraa gode segner og eventyr. Denne boki var paa valdresmaal, men same aaret sende han ut ei onnor samling paa dansk paa eit anna forlag, og nokre aar etterpaa kom det tvo samlingar til, ogso paa dansk ("Nye eventyr og sagn fra Valdres og Hallingdal".) Elles hev han skrive upp mange ting som ikkje hev kome i bok. Det er soleis ikkje smaating alt det gamle ervegullet som Bergh hev berga or gløymsla. Og for dette arbeidet fortener han stor takk. Men ein ting hev han trega paa seinare og det er at han klædde so mykje av desse norske folkeminni i dansk bunad og sameleis at han brigda og stelte paa uppskrifterne. Dette hev han no rettta paa; han hev ført dei attende til si upphaveleg form soleis som dei vart fortalde, og til det norske maalet di vart fortalde i. No finst dei alle fint innskrivne i ei stor bok. Berre den boki hadde vore prenta!
    Etter 1889 var det 12Æ€”13 aar at Bergh skreiv umlag berre dansk (eller norsk-dansk). Det var ei vond tid for maalsaki fyrst paa 90-talet; det saag reint vonlaust ut. Og Bergh fylka seg under "fornorskings"-merket. Der fanst so mange gjæve stormenner, som Bjørnson og slike. Dei bøkerne han nø gav ut ("Hvorledes bukken kom til ære og værdighet", "Julekagerne" og "Det evige mausolæum") var paa fornorska dansk. Men i 1902 skriv han at "no er det berrsynt at fornorskingi berre var ei væn fjør som vinden hev reist med", og so gjekk han daa heilt yver til det norske maalet.
    I 1903 sende han ut ei bok som heitte "Fraa fjord og lid og fjell". Det var 10 smaaforteljingar med bilæte av Aug. Berg. Det var nett etter "boer"-krigen dette og difor hadde ogso boki eit tillegg um det modige vesle boerfolket og ei helsing til norsk ungdom fraa boergeneralen Louis Botha. I boki er det elles ogso eit lite koselegt barnespelstykke som heiter "Vesla". Sogorne er sume paa vers og sume paa prosa. Nokre av dei hadde vore prenta fyrr, andre er nye. Det episke diktet "Livandeskjeraren" syner oss Hallvard Berghs store hjartelag for alt som lid vondt. Det same finn me att i dei bøkerne han seinare hev gjeve ut.
    Her er ikkje rom til aa tala um alle bøkerne hans; men nemna dei fær eg daa gjera. I 1905 sende han ut "Ferdi til verdsens ende" paa landsmaal som eg alt hev nemnt og same aar kom "Folke- og huldre-eventyr fraa Valdres og Hallingdal". Det var nokre av dei beste eventyri Bergh hev skrive upp og som høvde til barnelesnad som kom i denne boki Æ€” paa nynorsk maal. I 1907 kom "Den godhjarta kona og fleire nye sogor". Det er 13 smaasogor som helst er etla aat born; nokre av dei fraa Amerika og nokre fraa Norig. Liksom mest alt det andre Bergh hev skrive hev dei erend til norske born, dei vil verka paa borni i ei god leid og vera med og uppseda dei til gode menneskje. Aaret etter kom "Ola Eivindset og Halldis Friggtun". Det er "skildringar fraa folkelivet" og Bergh kann gjeva klaare og sanne folkelivsbilæte, i so maate stend han høgt. Han pløgjer kanske ikkje sa djupt i menneskjesjæli, men gjev egte og truverduge bilæte fraa kvardagslivet slik det ter seg i fjellbygderne vaare.
    I 1912 sende han ut "Nye bilæte ifraa bygdom". "Lesnad aat ungdomslag" set han til undertittel paa boki, og sume av sogorne kann høva til upplesing; men elles er det no helst barnelesnad i denne boki med.
    I 1913 sende han ut eit underlegt skodespel eller "midsumarIeik" som han kallar det; det heiter "Gjentestrid for heim og egtemake", og tvo aar etter "Idyllar fraa dei norske settlementa i Amerika". Heile den siste boki er paa vers, og baade rim og rytme er for det meste sers gode. Boki gjev forvitnelege bilæte fraa livet millom dei norske nybyggjarane i vesterheimen. Bokskrivaren hev fyrstehands kjennskap til dette livet, veit me. Men som namnet segjer, det er idyllar. Den tunge saare striden og det harde slitet aat nykomarane ser me lite til.
    Siste boki hans er "Norske dikt i utval" (av H. Høyne) som kom paa Gunleiksons forlag i 1916. Her hev han gjeve eit utval av dei beste dikti sine, baade episke og lyriske, og her finst mange fine ting som ein gled seg ved aa lesa. Dei som er glade i gode vers burde ogso hugsa paa denne boki.
    Enno hev eg att aa nemna eit av dei hugmaali som Bergh hev ofra mykje av si arbeidskraft og teke mange tunge tak for. Det er arbeidet for skogssaki. Han og broren stortingsmannen H. A. Berg gjorde upptaket til aa faa lovfest ein fast plantedag i folkeskulen.
    I aaret 1900 hadde han stipend av "Selskabet for Norges vel" til aa reisa rundt i Valdres og halda fyredrag um skogplanting, og skipa daa 20 plantelag. Han hev ogso gjeve ut ei bok heiter "Skolernes plantefest" med plantesongar og stykke um planting o. s. b. Til takk for alt dette arbeidet hev han fenge diplom fraa "Det norske skogselskap" og diplom fraa "Den norske nyttevekstforening". Daa han slutta med læraryrkjet fekk han ei fin sylvkaffekanna fraa krinsane.
    Enno eitt lyt eg nemna. Den 22. febr. 1898 sette han inn i "Gjøviks blad" eit upprop til kong Oscar II um aa skilja Norig og Sverike paa fredelig vis og lata sonen prins Carl verta konge i Norig. Daa unionen rauk i 1905 vart denne adressa uppattprenta i "Mrgbl." til døme paa kor djupe røter denne hendingi hadde i folket. Og yverbibliotekar Drolsum sende gjenom "Gj. BI." eit takkeskriv til forf. der han segjer at "det staar ialfald en mand af helstøbt karakter bag saadanne ord."
    I 1904 sende han ogso ut det fyrste uppropet um at ein skulde reisa bautasteinar ved kyrkjorne til minne um heltarne fraa 1808Æ€”14. Den tanken fengde, veit me, og no er det reist slike steinar i mange, mange bygder landet rundt.
    Norsklynd ungdom vil takka Hallvard Bergh for det gjæve arbeidet han hev gjort. Um han ikkje høyrer til dei store diktarar i Norig, so hev han likevel skrive gode ting som kanskje hev naatt djupare ned i folket enn mange av dei store diktarverki. Kor mange tusund er det vel ikkje som med hugnad minnest den tid dei i barneaari las "Ferdi til verdsens ende". Det som sermerkjer Hallvard Bergh og bøkerne hans er framum alt hjartelaget og so den varme fedrelandskjærleiken. Difor er ogso bøkerne hans av dei som ein so trygt kann gjeva borni og den yngste ungdomen. Og god lesnad aat deim treng me ikkje minst no daa det er so mykje som bryt ned og øydelegg alt godt og vent i ungdomshugen.

*) "Segner fraa Bygdom I" (1871) hadde mest segner fraa Valdres uppskrivne av Hallvard Hande og II (1872) hadde segner fraa Selbu uppskrivne av J. P. Sand.

 


Frå Ung-Norig. Nr. 12. Desember 1920. 3. aarg. Risør: Utgjevar: Erik Gunleikson. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad