Hallvard Bergh

(Minneord, 1922)

Av Anton Aure

Hallvard Bergh døydde den 25de april i vaar, og med honom hev det atter falle ei malmfura i den gamle skogen. Han høyrde elles ikkje til dei det gjekk stort rop um; jamvel millom maalfolket var han heller lite kjend. Og svært faae trur eg det var som kjende honom vel. For Hallvard Bergh høyrde fil desse stillfarande, smaalaatne folk som aldri stakk seg sjølv fram, men heller gøymde seg burt. Me hev havt forunderleg mange av dei millom dei fremste i den gamle maalmannafylking. At dei likevel gjorde verk som varer, det veit me vel.

Eg kjende honom berre lite. Eg vitja honom ein gong og tala med honom ei stutt helgedagsstund, og me skifte brev litegrand. Men det var nok til at eg vart glad i den einslege gamle mannen. Einsleg livde han all sin dag, han hadde aldri havt raad til aa gifta seg, sa han. Dei seinste aari drogst han med ein hjartesjukdom, og sjukdomen gjorde nok ogso sitt til at han drog seg endaa meir attende fraa utanverdi.

"Du slepp ikkje inn til honom, han er reint innestengd", sa ein kjenning i Valdris til meg daa eg stod paa vegen og skulde ganga til Bergh. Men eg ikkje berre slapp inn, eg vart vel motteken, og han var svallug og fortalde so det var hugnad aa høyra. Daa eg gjekk att, takka han meg plent som eg skulde gjort honom ei stor velgjerd meddi eg vitja honom, og so sa han med det same me skildest: "Ja no kann eg liva ei god stund paa denne hendingi!" Ja ja, den som hev freista aa liva i ei avstengd bygd, der det kann ganga aar og dag millom kvar gong ein raakar aandsfrendar, han vil skyna det. Etterpaa var det plent som han ikkje visste alt det beste han vilde gjera meg. Fann han ei sjeldsynt bok i tølorne sine, so sende han meg henne. Og daa han frette eg var sjuk, sende han meg varme helsingar og gode raad.

Eg fortel alt dette fordi det gjev oss ein liten glytt inn i sjæli til denne stillslege mannen. Naar me les bøkerne hans, fær me ein sterk tokke av det store hjartelaget for alt det som lid og hev det vondt, og dette hjartelaget er liksom den raude traaden gjenom heile hans liv. Han hev skrive ei bok som heiter "Den godhjarta kona", men til yverskrift paa Hallv. Bergh si livssoga trur eg ein med full rett kunde setja "den godhjarta mannen."Les berre diktet "Livandeskjeraren" (Vivisektøren) og sjaa korleis han lid med desse stakars smaadyri som vert "ofra paa vitskapen sitt altar." Ei hending fraa Bergh sitt eige liv maa eg òg nemna. Paa ein støl i Valdris fann hann vesle Ragnhild Kaata som var baade blind og dauv og dumb. Ho hadde ikkje lært noko, og foreldri var fatige so dei hadde ikkje raad til aa senda henne til byen paa skule. Daa skreiv Hallvard Bergh i bladi og fekk i stand pengeinnsamling til henne, so ho fekk koma paa skule og fekk læra baade aa lesa og skriva som andre born. Og av alle dei kransar som i vaar vart lagde paa Bergh si kista, var det vel ingen det fylgde slik stor og inderleg takksemd med, som den som kom fraa Ragnhild Kaata. -

Det var ikkje fritt eg tykte Hallvard Bergh var noko saar i hugen. Og han kunde hava grunn til det; for han vart ikkje paaskyna som han skulde. Jau ein gong kannhenda: daa han hadde gjeve ut "Ferdi til verdsens ende", ei av dei beste barnebøker som hev kome ut i Nordlandi - kanskje den aller beste for born i 9-10aars alderen. Denne boki var "ei perla so skir at ho reint tryllte oss fyrste gongen ho kom", skreiv ein av vaare beste barnevener. Og den vidgjetne finske barnebokskrivaren Zakarias Topelius gav boki dei sterkaste lovord. Ho kom daa ut paa finsk og svensk, seinare ogso paa islendsk, tysk og engelsk. Her i landet hev ho kome ut i tri ymse maalformer. Fyrst kom ho paa valdrismaal i 1889, eit par aar etter paa dansk, og endeleg paa nynorsk i 1905.

Han skreiv mange andre bøker, Hallv. Bergh, baade paa norsk og dansk, for born og vaksne; men fyrr eg segjer meir um dei, skal eg nemna berre nokre ord um mannen - her er ikkje staden til aa skriva heile livssoga hans.

Han var fødd 1ste desember 1850 i Gol i Hallingdal; men foreldri hans flutte til Valdris og kaupte garden Ellestad i Vestre Slidre, og Hallvard vart meir valdris enn hallingdøl. Han kom paa ein lærarskule daa han var konfirmera og heldt ei stund skule i heimbygdi; men so for han til Amerika og vilde freista lukka i den nye verdi. Der burte dreiv han med hardt kroppsarbeid um sumrane, og um vintrane studera han paa ein norsk høgskule (college). Men han røynde seg for hardt, so helsa fekk ein knekk, og so tok han vegen heim att til Valdris. Her friskna han utruleg til att og tok imot lærarposten i Høyne og og [sic] Skjel krinsar i heimbygdi. Her arbeidde han sidan heile tidi alt til han slutta skulen for nokre aar sidan.Han hadde soleis ein lang arbeidsdag i skulestova. Attaat hjelpte han far sin som hadde teke til med landhandel, og endaa fekk han tid til aa skriva bøker.

Fyrste boki han gav ut var "Segner fraa Bygdom. Sogur m. m. fraa Valdris og Hallingdal", som kom hjaa Det norske samlaget i 1879. Det var baade eventyr og segner, gaator og ordtøke i boki. Sidan sende han ut tri samlingar med eventyr og segner paa dansk. Ein slump av desse var berre umskrift av dei same som kom i "Segner fraa Bygdom", men mykje var nytt. Ei sneis aar etterpaa tok han fyre seg att eventyri han hadde skrive upp og skreiv dei um paa nynorsk. Dei som høvde til barnelesnad kom ut i boki "Folke- og huldreeventyr fraa Valdris og Hallingdal" (Oslo 1905, ny auka utg. 1917).

Folkeminnearbeidet hans er eit gjævt arbeid. Han tok til aa skriva upp saa tidleg at han visseleg hev berga mykje som elles hadde gjenge i gløymeboki. Alt i 1865 hadde han teke til, og han skreiv upp eitt og anna heilt til det siste; men sumt av det er berre prenta i bladi. Vitskapsmennerne hev det aa segja paa uppskrifterne hans at dei er umdikta og stelte paa. For honom galdt det aa faa dei so folkelege som raad var; han var samlar og ikkje granskar. I seinare aar trega han sjølv paa at han ikkje hadde gjeve att alt plent som det vart fortalt; men det kunde rettast paa, for han hadde kladdarne. Daa eg var hjaa honom synte han meg ein stor tjukk protokoll.

"Sjaa her", sa han, "no hev eg samla i denne boki alle folkeminne eg hev skrive upp i mi tid og her er dei skrivne paa valdrismaal og førde attende til den upphavelege forrni. No er dei plent som dei vart meg fortalde."

Eg veit ikkje kva lagnad denne boki hev fenge no sidan Bergh fall ifraa; men vonleg sytte han for at ho kom i gode hender. Ho vil hava ovleg stort verd for folkeminnegranskingi.

Her vert ikkje rom til aa tala noko større um forteljingsbøkerne av Bergh. Dei aller fleste er barnebøker, og um ingi av dei kjem paa høgd med "Ferdi til verdsens ende", so er dei gild barnelesnad. "Ferdi" kom um vaaren 1889, og alt um hausten same aaret kom ei onnor barnebok med det ulenkjelege danske namnet "Hvordan Maria sankede pengene". Boki var paa valdrismaal, men ho er likso tilgjord som "Ferdi" var naturleg og egte barnsleg. Merkeleg nok heldt han henne sjølv for aa vera betre enn "Ferdi", og mange aar etter skreiv han henne um til landsmaal; ho heitte daa "Dokkesjaa" (1912).

I dei fyrste 10-12 aari etter desse bøkerne kom ut skreiv han berre dansk. Av dei bøkerne han gav ut i dette tidsromet nemner eg berre barneboki "Julekagerne" og "Det evige mausolæum", ei ungdomsbok med emne fraa Austerland.

Det saag heller vonlaust ut for maalsaki ikring 1890, og Bergh trudde no at fornorskingi av dansken laut vera rette vegen fram til eit norskt skriftmaal; for under fornorskingsfana hadde daa Bjørnson og mange andre av dei største fylka seg. Men i 1902 skreiv han i "Den 17de mai" at "no er det berrsynt at fornorskingi berre var ei ven fjør som vinden hev stroke med." Sidan stod han alltid traust under det heilnorske merket. Og no kom dei den eine etter den andre av desse nynorske barne- og ungdomsbøkerne hans som merkte seg ut med framifraa fint utstyr, gode bilæte og vakkert innhald. Fyrst kom "fraa fjord og lid og fjell" (1902) og sidan "Den godhjarta kona" (1907), "Ola Eivindset og Halldis Friggtun" (1908) og "Nye bilæte fraa bygdom" (1912).

Alle desse bøkerne inneheldt fleire smaaforteljingar, oftast smaa fintteikna og klaare folkelivsbilæte fraa Valdris. Slike som den smaaløgne forteljingi um han gamle Ola Eivindset er meisterlege paa si vis. Forfattaren er glad i dei folki han skildrar og ser paa dei med kjærlege augo. Difor skildrar han dei ogso med slikt eit varmt hjartelag. Eg trur at jamvel vaksne folk vil hava hugnad av aa lesa desse bøkerne. Berre for det klangreine maalet og den gode norske stilen løner det seg aa lesa dei; for Hallv. Bergh var ein maalmeister av dei sjeldsynte. Det syner at han hev livt seg heilt inn i eit par av dei beste maalføri i landet: valdris- og hallingmaalet.

Bergh freista seg ogso med eit spelstykke "Gjentestrid" (1913); men det var han lite heppen med. Nokre episke dikt "Idyllar fraa dei norske settlementa i Amerika" (1915) og ei lyrisk diktsamling "Norske dikt i utval" (1916) inneheld mange vene ting, men formi er ikkje allstad fullgod. Det siste han skreiv var ei ny barnebok; ho vart so vidt ferdug, men han rakk ikkje aa reinskriva henne heilt fyrr han døydde. Venteleg vil ho verta reinskrivi og utgjevi.

Det synte seg daa Bergh vart gravlagd at valdrisarne høgvyrde diktaren sin og skyna paa det arbeidet han hadde gjort. Men Hallvard Bergh hev gjeve norske born og norsk ungdom so mykje at me alle hev skilleg grunn til aa minnast honom med takk.


Frå Norsk Aarbok 1922 utgjevi av Torleiv Hannaas. Bergen: Norsk Aarbok 1922. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad