Hans Mo

(Minneord, 1920)

Av Anton Aure

   Gamle Hans Mo i Bergen er død og med honom er ein av dei eldste og fremste maalmennerne i Bergen fallen burt. Han var no 85 aar gamall, men var likams- og aandsfrisk like til det siste. Som vanleg desse siste aari tok han avstad til Ørsta so snart sumarferien kom, og der i fødebygdi si døydde han den 12. juli. Han ynskte aa faa kvila i den fagre heimbygdi, og soleis vart det.
    Denne bygdi hev fostra mange gjæve søner som det norske folket vil gøyma i minnekransen, og som serskilt me maalfolk bør minnast. Me nemner Ivar Aasen, Anders Hovden og Hans Mo. Den siste naadde nok ikkje so høgt som dei tvo andre i si dikting; men han hev daa skrive ikkje so lite paa nynorsk og elles hev han gjort mykje godt arbeid for maalsaki i Bergen og paa Vestlandet. Han hev skrive fagre tonar til fleire av norskmaalssongarne og desse hev vorte mykje sungne. Pleire av spelstykki hans hev vorte mykje spela i ullgdomslagi og vorte vel fagna.
    Hans Mo vart fødd den 2. mai 1835 paa garden Mo i Ørsta paa Sunnmør. Mori var syster til den kjende Ørsta­klokkaren Anders Velle og skyld Ivar Aasen. Daa han var smaagut var han sers hag til aa gjera trearbeid. Han skjemta seinare med at det var eit mistak av lagnaden naar han ikkje vart snikkar eller treskjerar. "For daa eg var 14 aar," segjer han, "gjorde eg ein spinnerokk berre med tollekniven, og der var dei som vilde forsikra at rokken var svarva.
    Daa han var 15 aar gamall kom han til Aalesund og vart kraambudgut, og der vart han i 5 aar. Daa skreiv dei honom heimatt til aa taka ein lærarpost som han sidan hadde i tri aar med − 12 dalar om aaret i løn! Men i 1858 hjelpte presten i bygdi og stortingsmannen Maurits Aarflot honom so han kom seg til Stord seminar.
    Alt i dei fyrste skulemeisteraari heime i Ørsta hadde han skrive vers som han fekk prenta i "Postbudet" som kom ut paa Egset i Volda. Han skreiv daa paa dansk. Men paa lærarskulen fekk han tak i "Dølen" daa han tok til aa koma ut, og sidan var han maalmann. Straks tok han til aa bruka landsmaalsord i stilane sine. Slikt fekk just ikkje vellæte av lærarane i den tidi; men til eksamen greidde han seg fint, og so snart han var ferdug i 1861 fekk han lærarpost paa "Kristi krybbe" ein av folkeskularne i Bergen. Han tok til med arbeidet der 7. febr. 1862, og heldt ved paa same staden alt til han tok avskil i 1916, daa han var yver 80 aar. Det var soleis ein lang arbeidsdag i same skulestova, yver 54 aar.
    Daa han var komen til Bergen heldt han fram med aa skriva dikt i "Bergensposten", og snart tok han ogso til aa setja tonar baade til sine eigne og andre sine songar. I 1863 bad festnemndi for den store songarfesten honom skriva velkomstsongen. Og paa "Engen" song 500 Bjørgvinsongarar denne songen med ord og tone av Hans Mo. Seinare skreiv han mange vigselsongar (kantatar), baade ord og musikk. Til tusundaarsfesten i 1812 skreiv han ein kantate paa nynorsk.
    I 1874 sende han ut ei "Diktsamling" paa Beyers forlag i Bergen. Fyrste bolken er smaadikt, mest um heimbygdi og barnetidi, um ungdom og elsk. Andre bolken er eit episk sogedikt "Um Njaal og sønerne hans". Ein merkar diverre so altfor lett paaverknaden fraa andre diktarar i denne boki; men der finst elles fleire fine ting, og nokre av songarne hev seinare kome inn i lese- og songbøker.
    Hans Mo var ein ovleg musikalsk mann, og han var alt fraa 70-aari ven med Edvard Grieg. Av honom fekk han baade rettleiding og kveik, og Mo vart sidan ein kjend tonediktar. Millom dei beste tonarne hans kann eg nemna den væne tonen til "At far min kunde gjera". Han er mykje vænare enn den vanlege, men er kanskje litt for "kunstig" til aa verta folketone. Den mest sungne er venteleg den til Krohns "Eg ser dette landet". Elles kan nemnast den rytmefaste tonen til Ivar Aasens "Gamle Norig" og ein til "Gud signe Norigs land".
    Songen var elles ein av dei ting som Hans Mo hadde mest liv for. Han var den fyrste i Bergen som tok til med samsong av gutar og gjentor i barneskulen. Her gjorde han eit stort arbeid, og kom so langt at han heldt fleire konsertar i "Logen" og i Krosskyrkja med 200 skuleborn fraa "Krohnengen skule" − og hadde alltid fullt hus.
    Han hev ogso gjeve ut ei "Syngeplan" for folkeskulen og fleire bøker med korsongar paa ymse forlag i Bergen. Den mest kjende er kanskje "Firstemmige sange for blandet kor", ei stor samling som han gav ut i lag med H. C. Thu. Han hev ogso gjeve ut "Landsmaalssongarne vaare tonesette for sopran, alt, tenor og bass (2 hefte Bergen 1898) og Tonar til Austlids lesebok (3 hefte 1909). Med desse bøkerne hev han gjort mykje til aa fremja songen, serleg korsongen ut yver landet. I 1907 sende han ut ei liti "Norsk songbok" for folkeskulen; men det var nok heller faae heilnorske songar i den boki. No fyrr han døydde hadde han gjort ferdugt manuskriptet til "Norskmaalsskulens songbok" som vonleg kjem ut med det fyrste.
    Kor uppglødd Mo var for songen syner denne vesle soga: Vestmannalaget hadde eingong i 90-aari ei stemna ute i Fana. Dei hadde daa fenge dit nokre av dei beste lurblaasarane dei kunde spyrja uppe; for dei vilde freista faa upp att den gamle lurblaasingi som heldt paa døy ut. Og Hans Mo skulde halda tale um denne gamle nasjonale "musikken". Men Mo var ein stor skjemtegauk, og daa han kom paa talarstolen, sa han at det var ikkje noko tess med denne lurblaasingi, nei song det var noko anna! Og so heldt han ein glødande tale um songen!
    I 1868 var Mo med og skipa Vestmannalaget, og daa Henr. Krohn var flutt fraa Bergen, var han formann der i tri aar (1876−78). I desse aari styrde han ogso laget si tidskrift "Fraa by og bygd" og skreiv mykje der. Elles hadde han alt dei fyrste aari vore leidar for "Vestmannalagets songarlag". Han var ogso ein jamleg talar paa møti i Vestmannalaget og vart motteken med fagnad, for han hadde ei sers evna til aa vera lentug og løgjen. Fru Bolette Pavels Larsen skreiv um honom: "Mod og liv og trivlegskap fyl der med honom jamt. I 1890 hadde han stipend til ei ferd i Danmark og Sverike. Daa møttest me ein dag paa "Kongens Nytorv" i Kjøpenhamn. Det var ein varm dag. Men aa raaka Hans Mo var friskt som foss og fjellbjørk. Klingande norskt maal, snøgg, gløgg, fjaag, drjug".
    Mo hev ogso gjeve ut nokre skulebøker paa landsmaal. Soleis gav han i 1882 ut den fyrste bibelsoga paa norsk saman med Olav Paulson; sidan ein "Geografi" og ei "Religionslærebok".
    Men i dei seinaste aari var det helst arbeidet med aa faa norsken fram paa speltilet som tok hugen hans. "Det er det vigtugaste av alt maalarbeid no", sa han for nokre aar sidan. Og so skreiv han det eine spelstykke etter det andre. Eit paar smaastykke "Amerikafolket vaart" og "Ei vaagsam telefonering" kom ut i 90-aari.Desse vart mykje framsynt i ungdomslagi. Elles hadde han alt i 80-aari skrive eit stykke heitte "Heimfarkvelden". Det var eit songspel og tonediktaren M. A. Udbye sette musikk til det. Det vart spela fleire gonger paa Bergens teater; men hev aldri vore prenta.
    Det var likevel fyrst etter han var 70 aar at Mo rett tok til aa skriva skodespel! I sanning ein merkeleg gamling! I desse siste aari fekk han ut "Ei sjeldfengd kjerring" (eventyret um Gudbrand i Lia), "Fossarne", "Kjerringraader og faderskap" og "Myntmeistaren". Og kor mange han skreiv som han ikkje fekk ut det veit eg ikkje; men han dreiv paa og skreiv alt til det siste. Mest lukke gjorde "Ei sjeldfengd kjerring" som nyst er kome ut i nytt upplag. Noko meir enn amatørstykke var dei elles ikkje noko av dei.
    Hans Mo hev ogso skrive mykje i bladi, serleg i Bergens­bladi. Fylgde godt med gjorde han til det aller siste. Straks fyrr han tok ut paa siste ferdi si i sumar sende han "Ung­Norig" desse blad or minneboki som kjem i dette heftet. Det vert soleis siste helsingi hans til norsk ungdom. Han var ein av deim som heldt seg ung i hugen heilt upp i den høge alderdomen, og sine ungdoms hugmaal sveik han aldri. Han var eit døme paa ein god nordmann.

[
Hans Mo
Bookmark: sysStdLink0
Hans Mo: Or minneboki (1920)]

Frå Ung-Norig. Nr. 8. August 1920. 3. aarg. Risør: Utgjevar: Erik Gunleikson. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad