Henrik Krohn

(Biografi, 1921)

Av Anton Aure

Norske ungdom, eg vil fortelja deg um ein mann. Eg vil fortelja deg um ein av dei nordmenner eg er mest glad i. Aldri hev eg set honom; for han var død nokre àr fyrr eg vart fødd; men likevel held eg av honom som min beste ven. Og kvifor? Jau, fordi denne mannen var ein av dei mest eldhuga idealistar eg veit um. Fordi han stod hugheil i striden og gav sitt hjarteblod for den saki eg er glad i. Fordi han aldri sveik eller vingla, men stod trufast fremst i bardagen alt til han seig attmed merkestongi. Difor elskar eg honom.

Henrik Krohn heitte mannen, og det er meir enn 40 àr sidan han døydde, so ungdomen no veit lite um honom og det verk han gjorde. Men eingong var han hovdingen for den vesle flokken av unge vestlendingar som tok upp Ivar Aasens stortanke: à reisa uppatt det fagre klangreine norske màlet til skriftmàl i Noreg i staden for det innførde danemàlet.

Flokken var liten den gongen, og striden var beisk og hard. Difor var det ogso sume som trøyttna heller snart og gav upp i vonløysa. Henrik Krohn kunde ogso verta hugsàr og sliten og modlaus kanskje; men aldri gav han upp.

Sjà pà biletet av Henrik Krohn. For ei fager àsyn! Det fine reinskorne andletet med den klàre, høge panna og det store, vakre skjegget, men framum alt dei vene, livfulle augo! Det er reint so eldhugen lyser or deim. Ja, der er adel yver dette andletet, det speglar av ei fin ànd og ein høg intelligens.

Krohn var ogso ein fin diktar, og han hev skrive mange ting som ungdomen vil lesa med hugnad. Eg veit nok at ettertidi ikkje vil rekna Krohn for nokon stor diktar; men me hev bruk for dei smàe likso vel som dei store. Det hender jamvel stundom at einkvar av dei «smàe» diktarane kann skriva reint vedunderleg vene ting. Krohn høyrde til bonderomantikkarane, og romantikken er ikkje mykje vyrd no for tidi. Men ungdomen er glad i det som er fagert og vil gjerne lesa noko som kann lyfta hugen mot dei ljose høgder. Sanneleg, ungdomen hev godt av ein gong imillom à taka seg eit laug i den «solljose bonderomantikken», etter all den kvardagsgràe realisme no for tidi, der ein mest aldri finn helg og høgtid. Livet er no ikkje berre gràver og myrkeskodde heller.

Millom det Krohn hev skrive, skal eg nemna den ljose, vene forteljingi «Svalheimsfolket», som ikkje er stort ringare enn bondeforteljingane av Bjørnson og Janson. Dessutan dei lange forteljande dikti «Svein og Gudveig» og «Geirstad-Trond», og so alle dei fine lyriske dikti. Skrifter av Henrik Krohn er utgjevne i ei stor ven bok og kostar berre 4 kr. Den boki burde norsk­huga ungdom eiga.

Me unge hev grunn til à gleda oss yver diktaren Henrik Krohn, men likevel er det màlmannen, den store idealisten, som er oss kjærast. Han var rudningsmannen og vegbrøytaren pà Vestlandet. Han fekk skipa det fyrste màllaget i landet; han streva seint og tidleg med munn og penn, gav ut blad og bøker so folk skulde lesa seg glade i sitt eige màl. Um dette arbeidet hans skal eg fortelja meir nedanfyre. Dessverre kom ikkje fruktene so snart han hadde tenkt, og han fekk mange sàre vonbrot.

Dà eg ifjor sumar stod pà gravi hans pà Sogndals-kyrkjegarden, var det med ei kjensla av høgtid, og hugen min var fyllt med vyrdnad og takk. Dersom Henrik Krohn no kunde «sjà attpà jordi», og sjà kor langt hjartesaki hans hev vunne pà Vestlandet, dà veit eg visst han vilde gleda seg storleg og tykkja det hadde muna godt. Visseleg hev me enno langt att fyrr folket vart vert eitt folk - eit verkelegnorskt folk, og striden er enno tung og seig. Men tenkjer me pà korleis det sàg ut i 60-àri, so lyt me vel segja framgangen er større enn von kunde vera.

Henrik Krohn høyrde til morgonmennene i den nynorske fylkingen, og han drøymde stort um sitt folk og sitt land. Men han var ingen dàdlaus drøymar. Strid og arbeid var hans liv. Dei store draumane øydelagde honom ikkje i det praktiske liv heller. Dà han budde i Sogndal, var han t. d. ein framifrà hagebrukar, fekk mange premiar og mykje ros.

Ein sann nordmann var han, og norsk ungdom hev mykje à takka honom for, denne hugheile stridsmannen for norskdom i Noreg.

                                   *

Kristofer Janson, som var hjartevenen til Krohn, skriv i ei skildring av honom:

«Det er umogelegt à skriva malstrævet si saga her i Norig, minders ein og mà nemna Henr. Krohn. Han var snjoplogen fyre strævet pà Vestlandet. Eg mà alltid sjà honom sitjande i ein bàt i andror og vera einaste mann i bàten. Der sit han kipen og kàt og syng, medan han dreg pà àrarne. Og fram gjeng det, so det fyssar um stamnen. Men so vert straumen sterkare og karen trøyttare. Han turkar skallen sin, sputtar i nevarne og ser seg ikring, um han ikkje snart er framme. Han spenner i tilja og slit pà; men so sig armarne, han lyt leggja til hamnar, so mykje han fær kvila litet. Han ser seg modlaus ikring, for det er endà langt att. Og han orkar ikkje meir.»

Ja vegbrøytar og rudningsmann var han. Det er vel knapt nokon annan einskildmann som hev gjort so mykje for màlsaki pa Vestlandet i den fyrste tidi som Henrik Krohn. Han fekk istand «Vestmannalaget» og var lenge formann der, og han fekk igang den fyrste tidsskrifti pà norsk màl; han var reint utrøyttande i arbeidet.

Henrik Krohnvar fødd i Bergen den 10de mai 1826. Far hans var kjøpmann og konsul, Wollert Krohn. Han var av ei sers gàverik ætt; soleis hadde fleire i ætti vorte namnspurde kunstnarar. Dà Henrik var 8-9 àr gamall, flutte foreldri til Stend i Fana, til den garden som no er landbruksskulegard. Her voks han upp og leika i lag med strilegutar og strilegjentor til han var l6 àr. «Pà den visi vart eg meir bondegut enn bygut, noko eg no takkar Vàrherre fyre, som lagar alt til det heste,» skriv han sjølv. Mori vilde helst han skulde studera; men han sjølv hadde hug à verta sjømann. Han gjorde ogso ei utanlandsferd; men so var han so plàga av sjøsykja at han leid fælt vondt pà denne ferdi; og han skyna at han dugde ikkje til sjømann.

Dà han kom heim-att, var det kome meir àlvor i honom, og han tok til à lesa og vilde verta ein dugande handelsmann. Dessutan las han ogso Noregs soga og naturkunna. Soleis kom han til à eigna til seg gode kunnskapar, so ynsket til mor hans gjekk pà ei vis i uppfylling likevel. «Og etter som eg no trur pà den beste màten», segjer han sjølv. «Kannhenda hadde eg i studerat storlæte vendt meg frà mitt land og folk, som so mange større karar enn eg hev gjort. No er det mi største gleda um sumaren à draga ut til folket mitt og studera livet, bàde det stygge, som eg so gjerna vilde fà burt, og det gode trufaste, som eg so gjerna vilde skulde aukast meir og meir.»

Foreldri til Krohn døydde i 40-àri av kolera, og i 1846 tok han til som handelsmann i Bergen. Han var ein umtenkt mann, og det gjekk godt i mange àr; men i 1858 kom det ei stygg krisa som knekte so mange handelsmenn, og Krohn laut slutta han og. Det var tunge tider; men det som meir enn noko anna hjelpte til à halda honom uppe no, var elsken til det norske màlet.

I desse àri finn me Krohn i den vesle màlfylkingen som samla seg kring Jan Prahl. Det kann og vera verdt à merka seg at jamvel Bjørnstjerne Bjørnson, som den gongen budde i Bergen, vart dregen med inn i denne ringen. Han let rektor Nygaard umsetja den vesle forteljingi «Et farligt frieri» pà landsmàl, og vilde sjølv ha Krohn til à læra seg landsmàl. Men grammatikken kunde ikkje Bjørnson med, og so gav han upp det heile. Men han og Krohn vart varme vener, og dei bytte brev lenge etter at Bjørnson var flytt frà Bergen.

Um lag pà same tidi er det ogso at Krohn ràkar saman med Kristofer Janson; og dei to vart vener for livet. Dei var sidan mykje i lag, og dette samværet fekk mykje à segja for dei bàe. Med si ljose tru pà norskdomen og sin glødande elsk til det norske màlet, fekk Krohn stor innverknad pà Janson. «Eg hev aldri ràka ein mann, som so trugen og barnsken trudde pa màlsaki som han, og med slik trott stridde fyre henne,» segjer Janson.

I 1860 hadde Krohn kjøpt ein fyrstikkfabrikk i Sogndal i Sogn, og seinare kjøpte han ogso Stedjegarden der i bygdi og flytte dit inn. Her likte han seg so framifrà godt. Dei àri han budde der «millom dei store fjelli og det hugsterke folket var sæle àr,» segjer han.

I àri 1866 og 67 gav Krohn ut bladet «Ferdaman­nen», det fyrste màlbladet pà Vestlandet. Han streva fælt mykje med dette bladet, og han skreiv mykje godt der, so bladet vart friskt og gildt. Han fekk ogso mange lovord for bladet sitt. Soleis skreiv Vinje svært rosande um det, og meinte so til at kunde folk venja seg til à lesa eit slikt blad, «so vilde dei vera betre farne enn ved à lesa alle desse tidender som gjeva seg namn av «folkevenner» eller «almuevenner».

Men tingarflokken vart forliten, og Krohn laut slutta med bladet. Han var for tidleg ute. Dà vart han sturen; men han gav seg ikkje yver i motløysa. Straks etter at han hadde slutta med bladet, legg han seg i selen med eit nytt strev. Den 21de januar 1868 fekk han skipa «Vestmannalaget», det fyrste màllaget i Norig. Her vart han dà ogso straks vald til formann, og var det so lenge han budde i Bergen. I Vestmannalaget la Krohn ned mykje arbeid; han var den berande krafti der i alle dei àri han var formann. Men der hadde han ogso nokre av sine beste stunder.

Frà fyrst av var Vestmannalaget helst à rekna for eit gamanlag, der lagsfolki kunde møtast og ha det hugnadsamt. Dei heldt talar, las upp dikt og forteljingar pà landsmàl, song og dansa. Men det varde ikkje lenge fyrr laget sette ei onnor stemna, og tok til med meir praktisk arbeid. Krohn vilde endà gjera det um til eit politisk-nasjonalt samlag. Politikken vart det ikkje noko av; men so tok han upp mange nasjonale saker. Han fekk laget til à samla inn pengar til minnesteinen yver Harald Hàrfagre (reist 1872), og han sette fram tanken um à vøla um Hàkonshalli og samla pengar til det.

Krohn fekk ogso istand «Det islandske handelssamlaget», som skulde freista fà samhandel millom Island og Noreg. Men det gjekk ikkje; for det fekk ikkje nokon studnad pa Island, og Krohn tapte mykje pengar pà det.

Endeleg mà det nemnast at Vestmannalaget i 1870 tok til à gjeva ut tidskrifti «Fraa by og bygd», den eldste tidsskrift pà norskt màl. Her var det atter Krohn som laut bera dei tyngste byrder. Han styrde tidsskrifti alt til han flytte frà Bergen. Frà 1875 kom det som mànadsskrift. Sjølv skreiv Krohn mykje der, mest um naturvitskaplege emne, og nokre forvitnelege kringsjà som han kalla «Ute og heime». Elles skreiv mange av dei beste krefter i màlmannsflokken i tidsskrifti, soleis Kristofer Janson, Jon Klæbo, Hans Mo, Andr. Austlid, Olav Lofthus o. fl.

Endà Krohn hadde so mykje strev med Vestmannalaget og tidsskrifti og mykje anna - det var ogso han som laut stella alt i lag nàr framande talarar kom til Bergen og tala i Vestmannalaget - so fekk han likevel tid til à skriva fleire smà bøker som han fekk prenta. Fyrste boki hans er «Minne fra ei Stockholmsferd», som kom ut i 1867. Det er minste parten av denne boki som fortel um Stockholm; meir er det um ferdi hans gjenom Noreg og Sverike, ei rad med fine, màlande naturskildringar, og vers innimillom. Her fortel han um ei vitjing pa Sagatun folkehøgskule hja Herman Anker, og um Asker seminar og Nils Hertsberg. Han vert i fylgje med Ivar Aasen gjenom Hallingdal, og fortel fint um dette samværet. Boki sluttar med den vene songen «Eg ser dette landet».

Same àret sende han ut ei onnor liti bok, diktsamlingi «Smaakvæde». Her finn ein m. a. det sterke diktet «Fautaspranget» [sic], eit langt episk (forteljande) dikt, «Svartesmeden og Bratten», og ei rad med stemningsdikt og høvesdikt.

Ãret etterpà (1868) sende hanut ei ny ferdaskildring, «Ei liti ferd frà Sogndal til Fjerland». Her hev han og ei rad med fine naturskildringar, og boki reint lyser av gleda yver denne ville og storlagde naturi der inne millom Sognefjelli. I denne boki er ogso prenta fyrste gongen diktrekkja «Geirstad-Trond», som straks etterpà kom ut som serskild bok. Forteljingi um Geirstad-Trond hev han bygt pà ei segn som han fekk høyra pà denne ferdi. Det er soga um ei slàstkjempa inne i Sogn og likjest nokolite pà «Storegut».

Alt same hausten gav Krohn ut forteljingsboki «Fraa Vestlandet». Denne bok i inneheld to sogor. Den fyrste, «Svalheimsfolket», er ei yverlag fin bondeforteljing liksom Bjørnson sine, - og um Krohn ikkje var so stor diktar som Bjørnson, so hadde han i staden kome bonden nærare inn pà livet og kjende honom betre.

Den andre soga, «Til fjells», er ei skildring av ei fjellferd som Krohn og Janson hadde gjort. Her fortel han og ei rad med huldresegner som han hev høyrt pà denne ferdi. Elles finst det ogso i denne boki songar og vers innsette der dei høver.

Det næste àret (1869) sender so Krohn ut «Svein og Gudveig», ei noko lang forteljing pà vers. Det er atter ei skildring frà bondelivet, soga um den kàte villstyringen Svein, som vert glad i den vene og hugmilde Gudveig, dotter til den rike Gullstein, og vinn hennar kjærleik. Ei soga um elsk og sorg. Um denne boki skreiv Vinje ei melding i «Dølen», og der segjer han at «her er vers som høyra til dei beste i vàrt bokrike, um dei no ikkje er dei aller beste, som eg trur».

Bøkene sine laut han kosta ut sjølv; for i den tidi var det ikkje mange som vàga kosta ut ei bok pà landsmàl. Dei gjekk ikkje so godt som han hadde venta. Han vilde dikta for bondefolket; men bonden kjøpte lite anna gudelege bøker, og so vart Krohn sine bøker liggjande uselde. Dà vart han modlaus og skriv ingi bok pa fleire àr. Han hadde gjeve det beste han àtte; men folk skyna det ikkje. Um bøkene hans segjer Janson: «- um dei luktar lite av bonderomantikk, so er dei ein god folkelesnad, alltid reine og sunne.»

I 1875 vil Krohn atter freista seg som diktar, og denne gongen tek han fyre seg eit større emne. Han skreiv no lystspelet «Dan rette sida» og fekk det framsynt pà Bergens teater. Men her fall stykket heilt igjenom. Det var mykje fint og godt i det; men det var fulla for laust i bygnaden. Arne Garborg skreiv um stykket at den største veila med det var at det kom for seint. Hadde det kome fyrr, so hadde det fenge rom millom «Ervingen» og «Til sæters». Dà stykket kom, hadde romantikken sunge sitt siste vers, og den nye àndsstemna, realismen, braut seg inn i bokheimen.

Umfram bøkene sine hev Krohn skrive dikt i fleire blad, soleis i «Dølen», «Svein Urædd», «Bergens Tidende» og «Fraa By og Bygd». Det vigtigaste av skriftene hans er no utgjevne i ei samla utgàva, som Vestmannalaget kosta ut i 1907.

Henrik Krohn hadde som me hev set, fenge mange svikne voner, og i dei siste àri var han hugsàr og nedbroten. Han tykte han hadde so lite att for strevet sitt. Fruktene synte seg nok ikkje so snart at Krohn fekk sjà noko til dei so lenge han levde. Men um det var mange voner som brast, so var det ei som heldt, og det var à verta eigar av Stedjegarden i Sogndal i Sogn. Pà denne garden var det ein gamal kjempehaug med ein runestein pà og fagre hengebjørker ikring. Dette var noko for ein romantikar som Henrik Krohn. Her lika han seg alltid so godt, nàr han var der inne og sàg til stikkefabrikken sin. Og no laga det seg slik at garden vart skift etter den fyrre eigaren, so Krohn fekk kjøpa husi og hagen med kjempehaugen. Dà han var flytt dit inn, lagde han seg mykje etter hagedyrkjing og vart framifra flink, so han fekk premi fleire gonger bade for kàl og frukt. Han àtte no den største frukthagen i heile Skandinavia, er det fortalt.

Der inne millom bondefolket levde Krohn som ein bonde sjølv. Alltid nàr han ràka nokon pà vegen, laut han stogga og ha seg ei prat med deim. Fann han dà eit gamalt ord som han trudde ikkje fanst meir, dà var han glad. «Og so la han ut fyre deim um màlsaki fyrst og màlsaki sist. Eg kunde inkje skyna kor han kunde hava tolmod til detta; men nàr det galdt màlsaki, var han utrøyttande,» fortel Janson.

Henrik Krohn elska bonden og trudde so ljost um bonden. Alt det stygge og vonde i bondelivet vilde koma burt nàr berre bonden fekk upplysning pà sitt eige màl. Men so kom vonbrotet. Bonden vilde ikkje sitt eige vel; han trakka pa si beste sak. Dà Krohn verkeleg fekk augo upp for dette, vart han beisk og sàr. Sistpà var han reint hugbroten.

Men ei gleda hadde Krohn dà han budde pà Stedje, og det var at Henrik Dahl kom til Sogndal med folkehøgskulen sin. Han skyna at høgskulen hadde ei stor uppgàva i same leid som han arbeidde. Og sidan var Henrik Krohn alltid sjølvskriven gjest pà høgskulefestane.

Krohn døydde den 14de juni 1879 og vart gravlagd pà kyrkjegarden i Sogndal. Nokre av venene hans hev sett ein minnestein pà gravi, og Vestmannalaget kosta gjerde ikring. Den gamle venen, Kr. Janson, skreiveit varmt minnedikt um honom, og der segjer han:

    «Du bonde som so seint deg dreg, 
    seg veit du, kor han elska deg, 
    den mannen her, som aldri veik, 
    som no ligg kald og bleik? 

 

 

    Ja visste du det, gamle døl, 
    du gret pà denne svarte fjøl 
    med henne, enkja som forstod,
    kor varmt hans hjarta slo.

 

 


Anton Aure: Henrik Krohn. Ei stutt livsskildring. Serprent av "Den frilynde ungdomen V". Oslo: Prenta hjaa Johansen & Nielsen 1921. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad