Ingvar Bøhn

(Biografi, 1921)

Av Anton Aure

Dei som er unge no kjenner namnet Ingvar Bøhn ifraa songbøkerne. Dei vedunderleg fagre songarne «I djupe dalar og grøne lier» og «Og naar eg høyrer det maalet liljar», hev nok mang ein norsklynd ungdom sunge med glødande hug. Men Bøhn hev ikkje skrive berre desse songarne, det finst mange andre overlag fine ting ifraa hans hand, og eg veit eg stettar eit gamalt ynskje fraa mange av venerne hans, naar eg no hev samla ein slump av dikti hans i ei bok.

Men boki er ikkje berre etla dei gamle venerne hans, eg vilde ogso syna ungdomen no for tidi denne hugfine diktaren fraa den tid maalreisingi enno var i barneaari. For enno betre aa fylla ut det bilætet songarne hans gjev av honom vil eg nedanfor fortelja litegrand or livssoga hans og noko um det arbeidet presten og høgskulemannen Ingvar Bøhn hev gjort.

Han høyrer til dei eldste norske høgskulemennerne som liver no, og arbeidet hans i folkehøgskulen er longe sidan slutt; men eit godt og trufast arbeid gjorde han i dei aatte og tjuge aar han verka der. Det meste av denne tidi arbeidde han ved den landskjende «Vonheim»-skulen; fyrst var han lærar, og i dei seinste aari var han styrar.

Bøhn er ein av dei mest hugfine og hjarte­varme menneskje ein kann raaka. Stillfarande og smaalaaten hev han vore i all si ferd. Aldri stakk han seg sjølv fram eller gjorde braak. Men det var ein varm understraum i den stillslege talen, som bar bod um eit rikt og varmt hjarta. Ja han er hjartemenneskje framum alle andre.

Det same kjem ogso fram gjenom songarne hans. Han høyrer ikkje til dei store songarane i Norig; men han hev skapt songar som liver og som vil koma til aa liva. Sjaa berre t. d. dei tvo eg nemnde ovanfor og «Balder» og «Det løynlege lande». Her er tonar so vedunderleg mjuke og reine at dei trengjer seg heilt inn i vaar innste sjæl, og fær dei finaste strengjer i oss til aa bivra. Slikt kann berre ein sann diktarhug skapa.

Peter Ingvar Bøhn er fødd i Ullensaker paa Romerike den 27. juli 1838. Faren var bondefødd, men vart underoffiser og var med i krigen i 1814. Han kom so fyrst paa skrivarkontor og vart sidan lensmann i Ullensaker. Mori var danskfødd, men kom til Norig i sjuaars-alderen.

Bøhn segjer sjølv at naar han vart maalmann endaa han er av dansk rot paa morssida, so kom det mykje av di at han i barneaari heldt seg so mykje ilag med bondeborni. Han var so barnsleg og lettnæm, og difor sette dette samlivet so djupe merke i honom.

Daa han var umlag 13 aar gamall kom han til Oslo og gjekk 5 aar paa Nissens skule. Her vart han student i 1856 med beste vitnemaal ( laud). Til andreeksamen fekk han enda præceteris (aller beste vitnemaal, reint framifraa).

Men han treivst ikkje rett inne i byen. Alt var so stivt og tilgjort. Nei, daa var bondelivet mykje naturlegare, tykte han. Skulelivet var ofte mykje krangel med lærarar, og gjerne turt og aandlaust so det gav liti nøring for ein vaken ungdom. Han kom ogso inn i ei religiøs vekkjing og kom daa i opposisjon til heile bylivet, der den lette tankeløysa mykje raadde grunnen, eller ogso tvil og spott so snart talen kom inn paa gudelege spursmaal.

Han kom difor til aa vera mykje einsleg i ungdomen. Det var berre ein liten krins han kom saman med; men i den krinsen var det ein mann som fekk stor innverknad paa honom, og det var Christopher Bruun. Daa han hadde kome saman med honom, og so dertil lese «Synnøve Solbakken», daa vart han heilhuga maalmann. Men han tenkte daa likevel ikkje endaa paa aa skriva landsmaal sjølv. Det var fyrst etter han hadde vorte lærar hjaa Bruun paa Sel, at han tok til med det.

Han hadde teke til aa lesa til prest; men so fekk han ein uvanleg sterk nervesjukdom, so han vart liggjande. Denne sjukdomen heldt paa aa mod- og mergstela honom heilt. Han kom daa ogso inn i sterk tvil og braut med pietisma. Ja han gjekk gjenom so sterke brjotingar, at han stundom kom i tvil um heile kristendomen. Til dei djupaste grunnar vart han driven ned. Og kva han leid i denne tidi er det vel faae som veit. Men det store kjenslelivet hans var fyllt av ævelivstrong, og han maatte finna og eiga Kristus som frelsar heilt. Og han sigra i denne tunge striden og vann fram til ljos og klaarleik.

Den teologiske embætesprøva tok han fyrst i 1867 med laud. At det drygdest so lenge ut kom seg avdi han hadde vore so mykje sjuk. Tvo heile aar laag han til sengs og var heilt burte fraa alle studeringar. Sjukdomen besna, men fri han vart han ikkje paa lange tider. Heile 27 aar drogst han med honom - fraa 1858 til 1885. Daa vart han med ein gong frisk att paa ein underfull maate - ved bøn og handspaaleggjing. Den som gjorde honom god att var ein snikkar Andersen fraa Oslo. Han var ein læresvein av svensken Bolzius, som i den tidi var so vidgjeten fordi han lækte so mange sjuke paa slik underfull vis.

Bøhn skreiv snart etterpaa ei bok «Om underfulde helbredelser»; og her fortel han mykje um Bolzius og verksemdi hans. Han fortel ogso um ei mengd slike hendingar ifraa andre land.

Hausten 1868 vart Bøhn folkehøgskulelærar hjaa Chr. Bruun, som daa hadde høgskule i Sel i Gudbrandsdalen; men alt aaret etterpaa tok han sjølv til med ein folkehøgskule i heimbygdi Ullensaker. Denne skulen dreiv han til 1872. Fyrst hadde han med seg presten Jan Møller; men andre aaret var Nikolai Jul. Sørensen (no statsrevisor) medlærar. Fraa 1872-74 var han atter lærar hjaa Bruun, saman med Kristofer Janson. Skulen var daa flutt til garden Fykse i Austre Gausdal. 

Fraa 1874-77 var han lærar paa Johannes Hellelands fo1kehøgskule i Ullensvang i Hardanger. Men so kom han attende til Bruun, og etter 1877 verka han heile tidi paa Vonheim, heilt til skulen vart nedlagd.

Aldri hev det vel sidan paa nokon norsk folkehøgskule vare samla so mange landskjende menn, som det no var paa Vonheim. Her var Bjørnson med, og so var det Bruun, Janson, Bøhn, Matias Skard og Frits Hansen. Herifraa strøymde det no ut eit aandsliv som slo djupe røter i bondeungdomen ikkje berre i Gudbrandsdalen, men mest i alt landet.

Bøhn var ingen stor talar i vanleg meining. Men han var ein fin og skarp tenkjar, og han aatte eit djupsyn paa mannalivet og soga som var sjeldsynt*). Serleg naar han kom inn paa det innlegg Kristus og kristendomen gjorde i heimssoga, kom det glod i talen. Han var i ætt med dei gamle profetar - sjaa berre paa dette andlitet - og han verka mest sterkare paa ungdomen med det han var enn med det han sa.

Ein som var læresvein paa Vonheim i denne tidi fortel um samlivet med Bøhn:

«Aa, kor glade me var i Bøhn! Det var mest samlivet med han um kveldane som tok oss so sterkt; naar han sat og song, tala eller las - etter skulen var slutt. Serleg naar han song. Daa kunde han fylla huset med poesi, med høgt aalvor og ein stor sterk fred, so alt pjatt visna og det evige steig fram i syner, for alle oss som hadde valt livet og vilde gjera noko.»

Bruun drog seg etterkvart meir attende fraa skulearbeidet, daa han var so uppteken av andre gjeremaal. Sistpaa hadde han berre 2-3 timar um vika. Det var daa i røyndi Bøhn og Matias Skard som styrde skulen i desse aari. Og daa Bruun hadde vorte prest i Oslo og Matias Skard hadde slutta høgskulearbeidet i 1890, tok Bøhn styret aaeine. Han hadde daa med seg Frits Hansen.

Kring 1880 hadde skulen fenge statstilskot og hadde det heile tidi sidan. Men desse aari var ei aandeleg nedgangstid i Norig, og folkehøgskularne laut slutta den eine etter den andre. Vonheimsskulen laut daa ogso slutta vaaren 1896.

Bøhn vart so i august 1897 sett til sokneprest i Vestnes i Romsdalen, og dette kallet hadde han til han tok avskil i 1908. Sidan budde han fleire aar paa Litlehamar og hadde ogso her mykje prestearbeid. Soleis preika han heile siste halv­aaret av 1910, og daa det vart presteløysa i Faaberg, styrde han kallskapellaniet der eit heilt aar - fraa sept. 1912 til sept. 1913. Han var gift med Ida Bø fraa Gausdal, syster til den kjende maalmannen Per Bø. Daa ho døydde i 1915 flutte han upp til Gausdal, der han enno bur. Med sine 83 aar er han enno utruleg aandsfrisk.

Det fyrste han skreiv paa norsk var songen «So mange skikkar som vart aldri bytt». Baade denne og mange andre songar som han anten hadde dikta sjølv eller umsett, vart so prenta i den songboki han gav ut paa Det norske samlag sitt forlag i 1869 og kalla: « Norska visor aat folkehøgskular».

Dette var den fyrste heilnorske songboki som kom ut i Norig, og so vidt eg veit var det ogso den fyrste høgskulesongboki som var prenta her i landet, difor vil eg nemna noko meir um henne. Ho inneheldt femti songar ialt, aatte av Aasen, fire av Vinje, fire av Janson, sju av Bøhn (eigne og umsette), og resten var anten folkevisor eller einskilde songar av andre diktarar. Av Blix er der berre ein salme («Han er uppstaden»); men so kom daa au boki ut same aaret som det fyrste vesle hefte av «Nokre salmar». Elles finn me i denne boki for fyrste gongen sume av dei songar som sidan hev vorte so kjende og kjære, t. d. «Nyst munde det regna so saare». Her finn me ogso for fyrste gongen den løglege «Hypotikvisa». («Det vart vel svingum i bondeskikken») *).

I 1871 gav Bøhn ut ei ny umarbeidd utgaava av songboki. Ho heitte daa « Norske visor aat skulom». Denne utgaava hev berre 45 songar; mange av dei gamle songarne er uttekne, men nokre nye er komne inn istaden.

Desse songbøkerne vart brukte paa Vonheim og visst ogso paa andre folkehøgskular. I Trøndelagen vekte andre utgaava endaa ein heil strid; for der hadde dei lite eller inkje brukt norske songar fyrr. Ho vart kalla «blaaboki» avdi ho var blaa utanpaa bandet.

Mange aar seinare - i 1882 - gav Bøhn ut eit lite hefte som han kalla « Norske songar I». Det var berre 32 smaa sidor og inneheldt 17 songar. Aatte av desse hev han sett um fraa dansk; dei andre er hans eigne. I fyreordet segjer han: «Dei søkjer vist inkje um nokon rang, som dikt, desse visorne; berre vilde dei - um dei kunde - vera ørlite til hjelp for folkesongen». - Her finn me fleire av dei finaste av Bøhn sine songar, soleis «I djupe dalar», «Og naar eg høyrer det maalet liljar» og so den kløkkjande vene sangen um Balder.

Aaret etter kom « Norske songar II». Dette heftet inneheld 19 visor og er jamstort med det fyrste. Her hev han ogso teke med fleire folkevisor og eit par songar av andre diktarar. Av hans eigne songar i dette hefte kann ein nemna: «Og er det sant som dei segjer mange». Same aaret gav Matias Skard ut eit hefte III av desse norske songarne.

Dei fleste av Bøhn sine songar gjeng paa stevtonar, og det var daa greidt aa skyna at han hadde livt seg sers vel inn i folkediktingi - og serleg daa stevdiktingi. Innhaldet i mange av songarne hans ber og sterke merke etter det. I det heile hev dei svært mykje av folkevisesvipen. Det er difor heller ikkje so underleg at han kom paa den originale tanken aa fletta saman ei heil forteljing av berre stev. Stevi hev ofte sers sterke forteljingsdrag i seg, og hugvarme skildringar av elskhugs sæla eller av svik og ulukkeleg kjærleik finn ein nøgdi av. Der skulde soleis vera sers godt tilfang til sogor. Og Bøhn vilde nytta dette. Han sende ut ei bok som han kalla « Gunnar og Sigri» forteljing i stev, samanfletta av Ingvar Bøhn. (Lillehammer 1891).

Dei fleste versi i denne boki er gamle stev som hev gjenge paa folkemunnen; men sume av dei hev han maatta brigda og stelt litt paa, so dei skulde høva inn i den raama han vilde ha dei. Skulde han faa samanheng i forteljingi, laut han ogso sjølvsagt ofte dikta til heilt nye stev der det turvtest. No - samanhengen og bygnaden i forteljingi hev no likevel vorte laus nok, som ein skynar; men denne boki er likevel so sermerkt at ho burde vore meir kjend.*) I fyreordet hev han gjeve full greida for kva som er egte stev og kva som er tildikta. Der gjer han og greida for den maalformi han brukar, og som er noko for seg sjølv. Han stryk alle «stumme» eller «daude» medljodar og gjer sume andre brigde.

Paa dansk hev Bøhn - umframt dei tvo skrifterne som fyrr er nemnde - skrive ei liti «sprog­lære», som var ikkje so lite original, og no sist hev han skrive ei bok um korleis Jesus uppseda apostlame sine. Denne boki heiter «Jesu Kristi kristendom. Den første kristendomsskole». (Kr.­ania 1911).

Han held her fram kor tungt det var for apostlarne aa skyna at Jesus var Messias som dei venta paa. Me ser at dei like til det siste venta paa at Jesus skulde verta ein stor jødekonge og løysa dei fraa romarane. Dei maatte ganga igjenom ei veldig utvikling fyrr dei skyna det aandelege Messias-ideal. At Jesus var Gud kunde han ikkje segja dei med ein gong. Det vilde vera eit brot paa utviklingi, dersom dei fekk vita det fyrr dei var mogne nok, og dei vilde daa berre styggjast ved honom og venda seg burt.

«For det er udvikling, vekst og selvstændighed Gud og hans Messias vil føre os mennesker frem til. Ikke til teoretisk tilegnede læresætninger, som altfor let blir liggende der saa døde og uvirksomme.»

Naar me hugsar paa kor apostlarne, som var gode jødar, hadde livt seg inn i det jødiske Messias-ideal, og kor heilt ulik Jesus var dette idealet, so skynar me at apostlarne laut gaa gjenom ein svær vokster. 

«En vældig skole! en vældig udvikling! Som ikke eier noget sidestykke i hverken i indholdets storhed og menneskehistoriens rigdom eller i gjennembruddets kraft.»

Dette er grunntankarne i boki.

Bøhn hev ogso ferdug i manuskript ei bok heiter «Kristendomstvilene». Den boki vilde venteleg høva sers godt for tidi no, og vonleg vil ho koma ut i den næraste framtidi.

No er Bøhn 83 aar, men han er enno utruleg aandsfrisk. Diverre hev synet vorte so klent at han kan ikkje lesa noko meir; men han puslar og skriv litegrand enno.

---

*) Sitt syn paa heimssoga hev han halde fram klaart og fint i eit skrift «Ulærde tanker om verdenshistorien», som han seinare gav ut.

*) Denne visa var dikta paa bygdemaal av Jon Stenersen, som var ein frende av Christopher Bruun. Maalet i visa vart normalisera av Bøhn.

*) Ho er visst enno aa faa for 50 øyre hjaa bokskrivaren eller hjaa Norli.

Red.merk.:I boka er framhevingar sette med sperra skrift. Her har vi nytta kursiv. 

 


Frå Ingvar Bøhn: Norske songar og visor. Utgjevne med ei livsskildring av bokskrivaren ved Anton Aure. Risør: Forlagt av Erik Gunleikson 1921. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad