Oddmund Urheim

(Biografi, 1919)

Av Anton Aure

Oddmund Urheim
   Bygdediktingi hev vore lite paa-agta millom boklege folk her i landet alt til dei siste aari. No er det kanskje sume som fer til aa faa augo paa denne forvitnelege sergrein av norsk dikting, takk vere det store lønlause arbeidet hans Rikard Berge. Han hev no alt gjeve ut 10-12 band av bygdedikting fraa Telemarki. Denne landsluten er so rik paa bygdediktarar at Berge, som berre hev dette til attmed-arbeid, aldri fær tid til aa tenkja paa dei bygdediktarar som finst utanum Telemarki.
    No er det vel ingen annan landslut som er so rik paa bygdediktarar som Telemarki; men dei finst daa andre stader og, helst rundt i fjordarne og uppe i dalarne. Det er ofte so at kvart bygdelag hev sin, kanskje kvar bygd. Men det er so faae av desse som vinn seg noko namn utum bygdi eller utum eit visst bygdelag. Hardanger t. d. hev fleire; men det er serleg ein av deim som hev dikta so gode visor at dei hev naadd ut yver mest alt Vestlandet. Ja dei hev jamvel funne vegen til Austlandsdalarne og gjenge som folkesongar der.
    Namnet hans er det vel faae som veit; men songarne hans kjenner mange, t. d. "Den tid daa eg var femtan aar", som enno vert uppskrivi og jamvel utgjevi som folkevise paa ymse stader. Her skal me fortelja nokolite um denne visediktaren. 1) Me hev ogso vore so heppne aa faa eit godt bilæte av honom ; det er teikna av kunstmaalaren Karl Strømme etter ei blyantteikning av ein harding, og det hev aldri fyrr vore prenta.
    O d d m u n d  U r h e i m vart fødd paa garden Urheim i Ullensvang i 1916. Far hans heitte Jakop Haavardson, og han høyrde til ei eldgamall ætt som ein kann fylgja innpaa 300 aar attende der paa Urheim. I ætti hadde det ogso fyrr vore folk som hadde synt diktargaavor.
    Barndomen og ungdomen hans Oddmund gjekk med arbeid paa garden, og skulegongen vart vel ikkje noko betre for honom enn for andre hardiggutar i den tidi. Han lærde daa likevel aa lesa og skriva, og han hadde visst god kristendomskunnskap. I 1855 gifte han seg med ei gjenta fraa Odda, og so fekk han seg ein plass under garden. Der livde han sidan som ein trugen arbeidsmann alle sine dagar.
    Naar Oddmund Urheim dikta, so var det sovisst ikkje fordi han tenkte aa vinna seg noko namn. Han var stillvoren av seg og gjekk gjerne med tankarne sine for seg sjølve. Songarne og visorne sine dikta han of tast naar han gjekk einsleg og aandi kom yver honom, eller naar han var i godt lag og vilde bera tram noko til hugnad i laget. Det var ikkje lett aa faa honom til aa syngja visorne sine for andre; men millom gode vener kunde han stundom syngja deim. Og naar han fyrst var komen igang kunde han halda paa ei god stund. Det hende jamvel at han daa kunde driva paa utan stans og dikta alle slags visor paa staa-ande fot.
    Han hadde uvanleg godt minne og kunde hugsa alt han hadde dikta. Sidan kunde det henda at han sjølv eller einkvan annan skreiv upp sume av deim. Men det er nok truleg at storparten av deim aldri vart uppskrivne og difor gjekk i gravi med honom sjølv.
    Nokre av deim kom ut yver bygderne og vart folkesongar. "Tobaksviso" og "Kvednaviso" o. fl. hev vorte mykje sungne i Hardanger og elles paa Vestlandet; men den som hev naatt vidast er vel "Den tid daa eg var femtan aar" som me fyrr hev nemnt. Ho hev vore prenta fleire gonger, soleis ei uppskift fraa Hardanger i "Norske viser og stev" 3dje utg. ved Hans Ross (1869), fraa Hallingdal i "Segner fraa bygdom I" ved Hallv. Lande o. fl. (1871), og so seint som i 1917 ei uppskrift fraa Telemarki i "Fjellblomar" av Gutorm Tvinglid utgjevi av Tor Bjørge. Underskrivne hev funne visa i Romsdalen og ved Flekkefjord. Liksom andre slike visor hev ho vorte umlaga paa folkemunnen, so det kann vera stor skilnad paa dei ymse uppskrifter.
    I 1874 vart ein slump av Urheim-visorne samla og utgjevne i boki "Nokre visor" av Oddmund Urheim. Det var bokprentar A. Berven i Ullensvang som gav boki ut. Men det var fælt mange misprentingar i henne og Oddmund var ille nøgd med heile boki. Ho inneheld 17 visor ialt, og det er mest skjemtevisor og selskapsvisor, um elsk og gifting eller um ymse kvardagslege ting. Nokre aar etter Oddmund var død gav Ola O. Hausasanden paa Voss ut andre auka utg. av boki (1898). Attaat dei visorne som stod i fyrste utg. er her medteke den lange morosame "Kvednaviso" og ei onnor skjemte­vise "Paa tusk". Desse visorne er uppskrivne mykje seinare og er ikkje plent soleis som Oddmund song deim.
    Oddmund Urheim var bonde i hug og haatt og vilde ikkje anna vera. I ei av visorne sine syng han:

"Aa bonde vera, aa slaa aa skjera
høy aa kodn inn i løa bera
likar best.
Difør so bonde eg leva ve
lat væ eg ikkje fær gaa i kjole;
ha eg trevna aa hjartefre,
slita kan utan skam min sole.

Lat bonde vera, naar eg med æra
ærle rygte aa navn kan bera,
kjem eg fram."

    Bygdemaalet sitt tala han i all si ferd, og det brukte han alltid i visorne sine. Han syng:

"Mit bondespròk greitt ut eg talar,
eg ha lært taa mi mor,
i hytter og hermanns salar
eg slett ikkje brigde eit ord.
Da velsigna harangurmaale
eg heile min yndest ha skjenkt,
dan maatte visst væ ein jaale
vilde ha spròkje forrengt."

    Men paa sine gamle dagar vilde han ikkje syngja visorne sine meir; han heldt dei for synduge. Daa tok han til aa dikta gudelege songar, og daa meinte han nok at hardingmaale ikkje høvde; for desse dikta han paa stiv bokdansk. Men difor vart dei ogso stivbeinte og prosaiske. Det er den gamle soga: bonden kann ikkje dikta noko tilgagns paa det framande maalet.
    Oddmund var ogso ein dugande felespelar, og han spela mykje til brudlaup og andre lag. Det var helst dei gamle slaattarne han spela, slike som springar og rull. Av desse kunde han ei stor mengd. Daa han var gamall og hadde slutta aa spela i lag, sa han at han kunde minnast fullt og fast umlag 200 slaattar; men han trudde det var likso mange han hadde gløymt. Dei nye slaattarne lika han ikkje. I ein stevleik millom ein gamall og ein ny spelemann klagar han yver at dei gamle slaattarne vert burtlagde og gløymde og nye utanlandske kjem istaden. Han dreiv ogso mykje med rosemaaling, so det syner at han hadde kunstnarhaatten i seg i fleire leider. Han maala helst kistor som vart sende ut til havstrandi og selde der. Han døydde i 1895, mest 80 aar gamall. Gjenom visorne hans vil minnet hans liva daavisst i Hardanger. Dei gamle som minnest honom segjer han var eit sjeldsynt godt menneskje, ein fin natur under den grove kufta, ein mann med djupe religiøse hugdrag.
    Jamvel millom nordmenner i Amerika er visorne hans Oddmund kjende og kjære. I 1915 sende K. C. Riiber i Chikago ut ei ny utgaave av Urheimsvisorne. Etter fyreordet skulde ein helst tru at han hev samla dei etter avskrifter, men elles er boki baade i innhald og ordning lik andre utgaava, fraarekna nokre smaabrigde i sume vers.
    Eg veit ikkje um andre utgaava er i bokhandelen no meir. Men desse visorne er so gode at dei burde vera utgjevne i ei samla og retta utgaava. Der finst truleg enno sume Urheims­visor som ikkje er prenta.

1) Dei biografiske upplysningar er etter presten O. Olafsen.

 


Frå Ung-Norig. Nr. 2. Februar 1919. 2. aarg. Risør: Utgjevar: Erik Gunleikson. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad