Olav Paulson

(Biografi, 1919)

Av Anton Aure

Olav Paulson vart fødd 20. september 1822 paa garden Moltu i Herøy prestegjeld paa Sunnmør. Faren Paul Olsen var plassmann paa Moltu, og han hadde sjølvsagt ikkje raad til aa gjeva sonen nokor sers skuleupplæring. I barneaari gjekk han nokre faae vikor um aaret paa umgangsskulen paa Flaavær, og han maatte sjølv ro yver fjorden naar han skulde paa skule, "fordi han sjølv endeleg vilde det," som foreldri sa.

Guten hadde sers gode gaavor, og ein so umettande lesehug at bygdefolket sa um honom: "Den guten vert de inkje noko av; han vil berre lese." Det var ingi framtid i slikt for ein fatig bondegut i den tidi, maavita.

Daa han vel var vaksen kom han paa kontoret hjaa skrivar Blakstad paa Søre Sunnmør. Det var ein annan gut som ogso søkte paa denne posten, og skrivaren bad dei baae koma til honom samstundes, so han fekk velja den han lika best. Daa gutarne var komne, ramsa han upp ei hovudrekneuppgaava so fort han berre var god for, og spurde so med ein gong kor mykje det vart. Olav Paulson var straks ferdug. "Du er min mann", sa skrivaren; og dermed var den saki avgjord.

Det vart ein strid skule for honom paa skrivarkontoret; for skrivaren var ein uvanleg streng og nøgjen kar. Man Paulson var ikkje den som gav seg. Han nøytte tidi so vel at han fekk auka kunnskaperne sine reint utruleg i desse aari. Han las og stræva i dei faae fristunderne han fekk og ofte bruka han natti med. Me kann faa ein liten tanke um korleis han sjølv var og korleis han hadde det i denne tidi, naar me høyrer denne vesle soga som sonen Andr. Paulson hev fortalt: "Ein gong daa eg var gut fann eg i bokhylla til far ei avskrift av Mauritz Hansens norske grammatik. Eg spurde honom daa korleis han kunde finna paa aa skriva av denne boki? Daa svara han: "Eg hadde ikkje raad til aa kjøpa boki, og so fekk eg laana ho hjaa ein annan kontormann og skreiv ho av sida etter sida. Men so lærde eg og noko av det. "Sidan hadde han alltid slik tru paa grammatikken av M. Hansen, og difor skreiv han stødt ordet "kreatur" i fleirtal "kreature", fordi det stod soleis i den boki."

I 1849 vart han lensmann i Bjørnør i Trondheims bispedøme. Aaret etter gifte han seg med Anna Hagerup. Ho var dotter til ein prokurator og var fødd paa Hareide paa Sunnmør. – Seinare vart han lensmann i Jølster i Sunnfjord og var der til 1860. Her i Jølster var han ogso forlikskommisær og hadde ymse andre umbod. Ein valbolk var han stortingsvaramann for Nøre Bergenshus; men han møtte ikkje paa tinget. Han var og med i ei kongeleg nemnd som skulde greida med aa gjera Flora til ladestad.

I 1860 vart han paa fylkestinget i Førde vald til aa vera ekspeditør i Bergen for dei eimbaatarne som fylket aatte ("Nordre Bergenhus amts dampskibselskab.") Han flutta daa til Bergen og hadde dette romet til sin døyande dag. Dei sidste aari vart han kalla "kontorchef".

I Bergen sat han mange aar i kommunestyret, og kom dertil med i fleire lag der han fekk mykje aa gjera. Han var soleis i mange aar med i styret for "Bergens arbeiderforening" og var utsending fraa denne foreningi til store arbeidarstemnor i Stockholm og Kjøbenhavn. Han var ogso med og skipa "Vestmannalaget" i 1868 og vart straks med i styret der. Sidan daa Henrik Krohn flutte til Sogn var det Paulson som mest styrde med laget ei tid frametter.

Han hadde nok lenge havt godhug for maalsaki. Alt daa han var skrivarkontorist paa Sunnmøre og for rundt i bygderne der, hadde han raaka saman med Ivar Aasen i Ørsta. Dei vart gode vener, og daa han Ivar hadde sett fram maaltanken sin, so er det greidt at Paulson maatte vera med. Og daa han kom med i maalfylkingen i Bergen, tok han for aalvor til med maalarbeid. Han skreiv daa aldri anna landsmaal etter den tid.

Hans Mo skriv um Paulsen [sic] i "Gula Tidend": "–Det vart Aasen si livsuppgaava, maalreisingi, som greip Olav Paulson og slepte honom aldri, elder rettare sagt: han slepte sjølv ikkje taket. – Eg hev aldri kjent nokon mann so lik Ivar Aasen i huglynde som Olav Paulson fraa Moltu. Det var den grunnmura karakteren med ryggstød i den ortodokse trudomen, men med traa etter aandelegt yrkje paa vidare umkverve; og til det valde han som Aasen vaar norske maalreising."

I Henrik Krohn sitt blad "Ferdamannen" skriv Paulson ymse dikt og stykke, og sameleis i tidsskriftet "Fraa by og bygs"; men smaalaaten som han var sette han aldri namnet sitt under. Det stod oftast berre ein liten 'p'.

I 1869 sende han ut "Lesebok i landsmaalet", og dette var den fyrste leseboki som kom ut paa norsk maal. Han skyna det var mykje um aa gjera at bondefolket fekk lære aa lesa sitt eige maal, dersom maalsaki skulde faa nokon framgang. Og her tenkte han aa gjera ei liti hjelp med den vesle leseboki. I fyreordet til boki segjer han:

"So lenge det danske maalet verd brukat i all skuleskipnaden paa landet, kunna me ikkje venta, at rett mange lærarar vilja bruka ei lesebok paa landsmaalet i skulen. Men daa me hava fenge ymse krav fraa landsfolket etter ei slik bok, so tenkte me, at ei høveleg lesebok alt no skulde vera velkomi paa landsbygdom. Me hava gjort oss umak med at laga denne boki so, at ho kunde høva til bruk fyre smaaborni, men mest havt den tanken med henne, at ho skulde verda til nytte fyre den vaksne ungdom og til hygge for hyslyden."

Daa det den gongen ikkje fanst nokor norsk abc-bok, so tek han til med bokstavarne og staveøvingar. Boki er soleis baade a b c- og lesebok i eitt. Innhaldet er mest slikt han hev umsett; men elles er der stykke av Aasen, Vinje, Krohn, Janson og Eirik Sommer. Nokre faae stykke hev Paulson skrive sjølv, og av desse kann nemnast "Kvar si gjerd" og den vesle forteljingi "Jolaftan paa Kvam".

I 1872 gav han ut eit lite hefte paa 6 sidor som han kalla "Gudelege smaastykke til helgarlesnad," Det var nokre smaating som han hadde sett um, og som han freista aa spreida millom bondefolket. Dei vart daa utlagde paa "bondestovorne" i Bergen, der bønderne pla samlast. Elles hadde han ofte med seg slike traktatar naar han var ute paa ferd. Sonen hev fortalt at han ein gong saag honom stikka nokre inn millom bladi paa eit hotell i Jølster.

I 1874 gav han ut eit nytt hefte av same slag. Det skulde nok verka paa tvo maatar desse smaastykki. Innhaldet skulde verka vekkjande i gudeleg leid, og meddi dei var paa nynorsk skulde dei og verka for maalsaki.

I 1882 kom "Bibelsaga" ved Olav Paulson og Hans Mo. Det var ei umsetjing av "Vogts bibelhistorie" og Paulson hadde sett um det gamle, Mo det nye testamente. Her har han daa gjort ein ny freistnad med aa setja i verk den tanken han hadde daa han gav ut leseboki: aa gjeva bondeborni skulebøker paa norsk maal.

Han hadde ei uvanleg arbeidskraft, og i alt godt arbeid vilde han gjerne vera med. Umframt det som fyrr er nemnt, gjorde han endaa mykje ulønt arbeid. Avhaldsarbeidet aatte og hans hug, og han var mange aar med i styret for "Norsk avholdsselskab mod brændevinsdrik". Det friviljuge kyrkjelege arbeidet til bate for fatigfolk var han og mykje med i. Men han gjorde ikje noko braak; han var stillfarande og finsleg i all si ferd, og aldri stakk han seg sjølv fram.

Han hadde alltid havt mange boklege hugmaal, og han let etter seg ei nokso stor boksamling.

Han døydde den 28de juni 1896.

 


Frå Ung-Norig Nr. 4, April 1919, 2. aarg. Risør. Utgjevar Erik Gunleikson. Skriftstyrar: Anton Aure. Elektronisk utgåve 2001 ved Jon Grepstad