Sumardag! Sumardag

(Dikt, 1923)

Av Anton Aure

Sumardag! Sumardag!
Smilande fager i let og i lag.
Solstrålar leikar i dal og på koll,
blomane angar på grønklædde voll.
Solbjarte sumardag.

Sumarkveld! Sumarkveld!
Strålande ven i ein fargerik eld.
Blodraude kveldssol set skyi i brand,
målar eit gullfarga eventyrland.
Fredsæle sumarkveld.

Sumarnott! Sumarnott!
Drøymande sviv eg til eventyrslott.
Kvila eg fær ifrå sut og frå strid,
drøymer um lukka so ljos og so blid.
Draumsæle sumarnott.

Sumartid! Sumartid!
Fuglane kvitrar i lund og lid.
Kunde eg syngja av hjartans trong
glad liksom fuglen min høgsumarsong!
Gråtfagre sumartid!


Frå Sangbok for norsk ungdom ved Mads Berg og Rasmus Stauri. Kristiania: H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1923. Side 125. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad