Werner Werenskiold

(Biografi, 1915)

Av Anton Aure

Gamle maalmenner
Werner Werenskiold

Det er fyrr fortalt at det alt tidleg var nokre menner som tykte Ivar Aasen si normalform var for lite gamallnorsk og som difor freista aa setja upp ei maalform som likna mykje meir det gamall­norske maalet. Men det varde heller ikkje so lenge fyrr det kom upp ei heilt onnor stemna i maal­fylkingen. Det var nokre unge menner som meinte at Ivar Aasen si form var altfor mykje gamallnorsk. "Me vil ikkje ha gamallnorsk, men nynorsk," sa dei. Det var det norske maalet slik som det livde paa folketunga no, dei vilde skriva. Nokre av dei gjekk endaa so langt at dei vilde ein skulde skriva reint bygdemaal. Sume vilde taka eit einskilt maalføre, t. d., telemaal, og gjera til skriftmaal for heile landet, andre meinte at kvar og ein burde skriva sitt eige maalføre, kvarhelst dei var ifraa.

Dei fremste av desse bygdemaalmennene var Olaus Fjørtoft, som skreiv nokosonær reint sunnmørsmaal, Werner Werenskiold som skreiv reint telemaal, og Steinar Schjøtt som bygde maalformi si paa telemaalet. Den fyrste av dei som steig fram i bokheimen var Werenskiold. Han gav i 1866 ut boki "Salomons laas", ei forteljing paa telemaal med emne fraa "Tusund og ei nott". Namnet hans stod ikkje paa boki; men det vart snart kjent kven bokskrivaren var likevel. Endaa mannen soleis freista aa løyna seg, og boki i seg sjølv saag so skuldlaus ut, var ho visseleg likevel tenkt til eit stridsskrift. Han vilde med denne boki syna at telemaalet var heilt brukført til skriftmaal, og at ein ikkje turvte ganga til gamallnorsken naar ein vilde finna ei høveleg skriftform for nynorsk maal. 

Werenskiold var ein stillfarande mann, og han kasta seg ikkje inn i striden paa annan maate. Han vilde berre syna folk si sermeining i maalsaki, som han hadde vorte so glad i endaa han var baade fødd og alen i byen. Det var greidt at han maatte faa motlegg mot denne maaltanken sin.

Vinje melde boki i "Dølen", og her tek han sterkt til ords mot tanken um aa skriva eit einskilt bygdemaal. Han segjer m. a.: "Vignir*) har lagt for dagen god kunnskap til thelemaalet; men den, som ikki har eit bygdarmaal til modersmaal, vil knapt kunna læra seg til aa finna fram alle sereigne ord og vendingar; og jamvel den som har dialekten til modersmaal, vil taka eit og annat imist, naar han ei lengre stund har voret burte fraa si bygd; for der er so mange serskilde talemaatar, som jamvel ofte kunna vera urette efter landsmaalets sanne tanke, at det er mest raadlaust aa læra slike spraaklege paafund og grillor, og om du eingong har lært deim, so gløymer du deim snart og seter spraakrette istaden. Jamvel thelemaalet som er eit so godt maal, har mange slike "idiomer". Og dette var ikki den minste grunnen til at eg ikki tok thelemaalet, men det meir aalmenne landsmaal."

Dessutan held han fram at det er so vandt aa skriva eit bygdemaal rett; der er so mange "ureine vokalar og omskapte konsonantar." Dette kan vera forvitnelegt nok for vitskapsmannen; men det høver ikkje i eit aalmannamaal. "Dette aalmannamaalet bør, som eg eingong har sagt, vera ein generalnevnare for alle dialektbøker." Berre paa den maaten kunde ein faa alle med paa det. Likevel meiner han at det kann gjera si nytta at dei ymse meiningar kjem fram, og han er glad for at ein so dugeleg mann er komen med i laget.

Tilslutt segjer han: "Vignir er likeins orthophonist eller skriv ordet slik som det verdt uttalat. Dette gjerer og maalet hans ukjennelegt, før du kjem i vane med det. Og dette er etter "Dølens" meining likso urett som aa halda seg til eit einaste bygdarmaal. Ordet skal standa der paa prent i si sanning, som ingen kann vrida eller vrengja burt, og so kann daa kvart bygdarmaal leggja si uttala og si afstytting paa det. Det maa vera den hatten som alle hovud kunna ganga inn under."

                                    * * *

Werner Nilsen Werenskiold vart fødd i Drammen den 22de april 1831. Far hans var fyrst skipskaptein, men vart sidan tollmann i Sponviki attmed Fredrikshald. Guten vart sett i skule i Fredrikshald og vart student med laud i 1849. I januar 1855 tok han juridisk embætteseksamen, men fekk berre haud, og difor gjekk han upp att aaret etterpaa og fekk rein laud. Han var sakførarfullmegt i aari 1854-56, var sidan kopist (skrivar) i kyrkjedepartementet, og var fraa 1864 til 1865 kontorstyrar i Kristiania fatigstyre. I 1878 fekk han seg arbeid i finansdepartementet, og i 1883 vart han kongeleg fullmegt der. Han hadde daa aa styra med skogsakene, og daa desse i 1895 vart flutte til indredepartementet, so flutte Werenskiold med, og var sidan der.

Werenskiold gjekk soleis den vanlege departementsvegen; men han var ikkje berre departementsmann. Umframt kvardagsstrævet fekk han ogso tid til aa driva med boklegt arbeid og aa skriva i bladi. Han var uvanleg kunnskapsrik og hadde store gaavor i filosofisk og matematisk leid.

Alt i 1866 gav han ut fyrste boki si "Salomons laas", som fyrr er umtala. Umframt sjølve forteljingi hev boki eit etterskrift um maalet. Her segjer han og fraa at meiningi med boki er aa læra folket aa vyrda sitt eige maal og halda paa det. Tilslutt hev han i eit tillegg teke med eit par folkevisor or Bugges og Landstads samlingar, so lesarane kann jamføra hans maal med maalet i visone.

I 1867 fekk Werenskiold og ein flokk andre frilynde menner istand bladet "Vort land", som serleg skulde strida imot unionspolitikken til Fredrik Stang og prof. Aschehoug. Dei mennene som no stod saman um dette bladtiltaket var helst slike som hadde samla seg um Vinje. Difor hev dei ofte vorte kalla "Døleringen". Det var Werenskiold som i røyndi styrde "Vort land"; men Vinje let "Dølen" verta ein part av bladet; han "budde i kjellaren" som han sjølv sa. Sjølve bladet var for det meste paa dansk; men "Dølen" var norsk som han hadde vore. Werenskiold skreiv fleire gode politiske stykke i bladet; men elles la han seg ikkje mykje upp i striden. Han fekk likevel stor inn-verknad paa deim han kom saman med. Dei andre som var med i "Døleringen" umframt Vinje og Werenskiold var: professor Ernst Sars, J. E. Nielsen (sidan sorenskrivar), Hans Ross, H. E. Berner (sidan borgmeister i Oslo), Carl Berner (sidan stortingspresident i lang tid), ekspeditionschef i finansdepartementet J. C. Krogh, professor Ossian Sars, cand. teol. Frits Hansen og skulelærar Olav Flaaten.

"Vort land" fekk ikkje nokon lang livedag. Bakstrævet var ovsterkt i den tidi, og bladet var so frilyndt at det laut slutta daa det var halvaarsgamalt. Werenskiold var sidan med og gav ut landsmaalsbladet "Andvake" (1871), og her skreiv han eit og anna paa telemaal eller normalisera telemaal.

I 1871 gav han ut ei ny bok paa telemaal. Det var "St. Johannes Evangelium i Bygdemaal fraa Vestre Telemarken". I denne umskrifti hev han halde seg til bygdemaalet i Vinje og Mo prestegjeld, segjer han i fyreordet, og han hev fylgt uttalen so godt det let seg gjera. Men nokre einskilde smaaord hev han skrive i landsmaalsform til aa letta lesingi. Soleis skriv han "er", "var", "vil", "til" i stadenfor "e", "va", "vi", "te". Dette var ein forvitneleg freistnad som nok vart forlite aatgaadd.

Werenskiold var ogsaa med og skipa "Det norske samlaget" i 1868, og han var mest alltid med paa møti der. Han sa ikkje stort; "men han var no liksom midmannen i laget likevel, og det var stor saknad naar han var burte. Dei hadde slik vyrdnad for lærdomen og tenkjingi hans, og dei lydde vel etter naar han blidt og hyggjeleg kom med sine innlegg og rettleidingar. Det var liksom saki var avgjort, naar han hadde tala." (Prof. H. Koht i "Syn og Segn" 1908).

Umframt det som fyrr er nemnt skreiv W. ymse ting paa telemaal i "Dølen" 1868-69 og i "Fedraheimen" 1877-79. Av det som han skreiv i det siste bladet kann nemnast ei forvitneleg umsetjing av Virgils messias-song. Desutan skreiv han ikkje so lite paa dansk; soleis ei utleggjing av fatiglovi (um heimstadretten) og lærebøker i heimssoga, kyrkjesoga og Norigs soga. Men han var alltid so smaalaaten, so han sette mest aldri namnet sitt paa det han skreiv. Jamvel paa dei nemnde lærebøkene brukte han eit løynenamn (pseudonym).

Han hadde alltid slik hug for det løyndomsfulle, og dette var vel grunnen til at han paa seinsten gjekk yver til den romersk-katolske kyrkja. Han fekk daa av paven Leo XIII ein orden: "Pro Ecclesia et Pontifice".

I 1897 tok han avskil fraa fullmegtposten i departementet, og 20. oktober 1908 døydde han. Han livde einsleg heile sitt liv, og det var vel ikkje rett mange som fylgde honom til gravi. Men me vil minnast den stillslege, smaalaatne mannen fordi han gav maalsaki heile sin hug.

- - -

*) Vignir var det løynenamnet W. brukte paa denne boki.


Frå For Bygd og By. Nr. 2. Sundag 24. januar 1915. 4. aarg. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad