Brita Bjørgum

(1858-1906). Brita Josefsdotter Bjørgum var mellom dei første kvinnesakskvinnene som skreiv på nynorsk.

Brita Bjørgum
Brita Bjørgum

Brita Bjørgum var fødd 11. mars 1858 på Voss i Hordaland og døydde 16. januar 1906. Ho tok den lågare lærarinneprøva i 1879 ved lærarinneskulen i Ølve i Sunnhordland og arbeidde sidan som lærarvikar på Voss. 

Bjørgum var aktiv i det frilynde ungdomslaget. Ho kjempa for kvinnesak og kvinneleg røysterett, og ho var mellom pionerane blant dei kvinnelege nynorskskribentane. Produksjonen er liten: dikt, andre korte tekstar og ei lita bok, først trykt som framhaldsforteljing i Den 17de Mai. Boka kom ut 1895 under merket «Brita», med tittelen Kari Lidi

Kvinneperspektivet i forteljinga om Kari Lidi er tydeleg. Bjørgum tematiserer mellom anna omsorgsarbeid og tek opp eit tabuområde som infertilitet. Men sjølv om ein kan ane kritikk av kjønnsrollene i bygdesamfunnet, er bodskapen langt på veg aksept av tradisjonelle verdiar og prega av eit kristent livssyn. Meir radikal er ho i Fedraheimen i slutten av 1880-åra, der ho, til liks med andre, tok til orde for republikk og talte småkårfolk si sak. Ein viktig faktor for framveksten av kvinnelege nynorskskribentar var elles bladet Unge Skud / Unglyden, der Bjørgum òg skreiv. 

Frå Anne Berit Klungsøyr: "Brita Bjørgum", Allkunne.no sist oppdatert 26.05.2017 [lesedato 21.12.2017] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.