Fjellet mitt

(Dikt, 1900)

Av Elias Blix

Mitt Fjell, du stend like høgt og fritt
I Dag som i gamle Tider.
Her ser eg ut yver Landet vidt
Med Gardar og grøne Lider,
Til glitrande Fjord,
Der Gluntar umbord
Paa Fiskarbaatarne strider.

 
Her uppe sat eg so tidt og saag
Ut yver dei kjende Grender,
Fraa fagre Lid, som i Solskin laag,
Og ut til dei ljose Strender.
Eg kjende kvar Baat,
Som der lagde aat,
Paa Segli med Rær og Render.
 
Men saag um Vaaren eg Lofotbaat,
Som heim ifraa Langferd vende,
Eg stundad saart millom Laatt og Graat,
Til Storbaaten vaar eg kjende:
Daa fegen eg flaug
Paa Heid, yver Haug
Og Fader i Fanget rende.
 
Eg ser deg enno, du kjære Fjell
Med alle dei vide Syner,
So strengt, naar Skuggarne lange fell,
So fagert, naar Soli bryner!
Eg ser deg um Kveld
I logande Eld,
Naar Solgull ditt Hovud kryner.
 
Du var meg alltid so kjær og dyr,
Og hjartat deg aldri gløymer.
Du fager er som eit æventyr,
Der enno som Barn eg drøymer.
Du kjæraste Fjell
Ei Soga fortel,
Som heilage Minne Gjøymer.


Frå Elias Blix: Salmar og Songar. Oslo, Huseby 1900. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad