Ramstein Pensionat

Debbey i kvit kjole, standhaftig og ustødig. Spinkle Debbey, ein sommar på 80-talet, midt mellom alt. Debbey [ho er 16] bøyer seg ned [eg er 10] mot flygelet [ho spelar primo]. Gjestane drikk kaffe og konjakk [eg spelar secondo], dei gler seg over den ganske presise musikken [ho er primadonnaa på topp]. Ho tenkjer at ho, når ho blir vaksen [eg følgjer alltid etter], vil gifte seg med ein pianist. Ho tenkjer [dette er eit stykke som krev] at ho sjølv må koma opp på eit anstendig nivå. Debbey ventar på [to hender til] at nokon andre enn eg skal koma og spela saman med ho.

Onsdag 22. juni 1988

I dag har eg sett fleire kjekke menn i resepsjonen. Eg skulle ynskt det hadde vore eg som var Margrethe. Ho er så tøff heile tida. Ho er ærleg, seier at ho treng ingen mann, og at ho klarer å ordne opp sjølv. Eg prøver å bli akkurat som ein vaksen person. I morgon er sankthansfesten. Eg gruar meg, er redd for å tabbe meg ut. Sigurd og eg skal spela firhendig. Grieg: Norge Rundt- sangen. Eg kjem til å spela feil. Sigurd er ei plageånd, dritunge. Han spionerer på meg, i mange timar i strekk. Når vi øver, forstår han ikkje kva eg meiner. Når han et is, smeltar den i handa hans og renn nedover armen. Sigurd: dersom du les dette, så gå og skam deg! IDIOT.

Debbey

Til mamma og pappa

Eg har det bra. Men Frank og Debbey er dumme. Eg får ikkje lov til å vera med på det dei driv med. Frank legg seg frykteligt seint Eg må legge meg 10. Det er uretferdigt. Eg vaknar slik han bråkar når han legg seg. Humøret til Debbey er dårleg. Eg skulle vatne plantan på rommet hennes, og så plutsle kom ho og vart fryktle opphisa og sa at eg snoka. Ho slo meg i ryggen med ein kost. Nokre gonger spionerer eg på gjestan for å finn ei sak. Frank leiker at han er politimann. Men eg er detektiv. Det er ein snill mann her som heiter Karl Grønli. Han har ei bikje. Ein dag gjekk vi til ei isbru. Ho smeltar ikkje. Nå har eg ikkje meir å skriv om.

Frå Sigurd

Rapport

Tidspunkt:

Laurdag 25. juni 1988, W. 23.10.

Stad:

Romsdalen, Ramstein pensionat, sofagruppa i hallen.

Personar til stades:

Karl Grønli, Trevor Goldsmith, Humbrent (veit Ikkje fornamnet) og underteikna, Frank J. Sørheim.

Hending:

Krangling og tilløp til valdsbruk.

Signalement:

Karl Grønli: 59 år, lege, ca. 175 cm, normal kroppsbygning, gråbrunt hår, blåe augo, raudsprengt hud, grøn kordfløyelsbukse, grå blazer.

Trevor Goldsmith: 49 år, fotograf, ca. 180 cm, normal kroppsbygning, blondt hår, blåe augo, mørkblå joggedress, veske med fotoutstyr.

Humbrent: 28 år, forretningsmann og pianist, ca. 190 cm, slank, brunt hår, ljosbrune augo, mørkblå olabukse, turkis Lacoste- sweater, dokumentmappe.

Frank J. Sørheim: 21 år, student ved Politiskulen, ca. 185 cm, vel- trena, svart hår, mørkblåe augo, svart olabukse, svart T-skjorte. .

Hendingsforløp:

Goldsmith, Humbrent og underteikna sit i sofagruppa. Grønli kjem inn i hallen, kjøper seg ein konjakk i baren og set seg saman med oss. Grønli har sannsynlegvis innteke alkohol før han kom.

Grønli seier: «Eg kjem for å besøkje Margrethe. Kvar er ho?» Goldsmith seier: «Trur du ikkje at Margrethe er lei av at du kjem halvfull på besøk og klengjer på ho? At du ikkje berre gjev opp.» Grønli svarar: «Eg gjev aldri opp. Margrethe er ein edelstein.»

Goldsmith: «Eg er lei av at du heng her i gangane når du ikkje har nokon grunn til det. Eg er i det minste gjest her.» Grønli: «Eg har både faglege og private grunnar.» Goldsmith: «Du treng ikkje å innbille deg at den flørtinga med Margrethe fører nokon stad.» Grønli: «I lige måde. Du ser ikkje bjelken i ditt eige auga. Du har alltid det kameraet framfor deg. Du, du kjem her og fjollar deg med det dyre utstyret ditt. Margrethe er for god for oss båe to.» Humbrent: «De treng ikkje å krangle om Margrethe, for ho flyttar kanskje herifrå uansett.» Grønli: «Ja, særleg.» Humbrent: «Eg har tenkt å spørja Margrethe om å få kjøpe pensjonatet. Det kan bli ei god investering.»

Grønli blir sint, reiser seg opp og roper: «Det var det eg visste, at du er her for å øydeleggje. Hald deg unna Margrethe, viss ikkje, får du med meg å gjera. Og eg er ikkje god å ha som fiende.» Goldsmith hevar stemma: «Trass alt betre enn å ha deg som venn.»

Grønli lét seg stupe over Goldsmith i sofaen. Dei slår kvarandre med knytte nevar. Underteikna grip inn, lyftar opp Grønli frå sofaen og held han fast.

Analyse:

Krangelen må forståast på bakgrunn av gjensidig sjalusi mellom Grønli og Goldsmith. Ingen av dei involverte vart alvorleg skadde. Valdsbruken kunne vore unngått dersom underteikna hadde gripe inn verbalt tidlegare.

Dette må eg ta lærdom av.

Frank J. Sørheim

Søndag 26. juni 1988

Karl kom farande inn på kjøkenet i dag tidleg og var hysterisk. Han klamra seg fast i meg og nekta å sleppe taket. Han hadde høyrt at eg skulle selja pensionatet. «Du får ikkje selja, Margrethe, du må bli her for alltid.»

Eg begynner å bli eldre, det hadde kanskje vore det beste å selja - det kan brått skje noko med meg. Og eg som ikkje har nokon etter meg til å overta.

«Set opp eit testament, da bestemmer du framtida for Ramstein. Ditt verk må bli ført vidare. Ikkje?»

Kanskje Karl har rett, det er heilt feigt å selja. Da mistar eg framtida til huset. «Slå deg laus, her på kjøkenet, og ver med meg i dag,» sa Karl, «her kan du få alt du vil.»

Margrethe

Tysdag 28. juni 1988

Eg sat ved sida av Margrethe. «Vi har ingen,» sa ho. Margrethe har ingen barn, eg har ingen familie i Noreg. Vi tilhøyrer same slag. Ho la handa si over mi og sa til meg: «Far og mor mi har eg mista. Syster og bror min bur langt unna. Eg er åleine. Som du, kanskje.» Det er nok ikkje alltid så lett for ho. Håret fall nedover skuldrene hennar. «I kveld må vi finne på noko,» sa ho. «Eg har allereie følelsar som ikkje er knytte til noko. Gud har gjeve oss berre eitt liv.» Ho er glad for besøka mine, denne vakre kvinna som er mykje eldre enn eg. Ho strauk håret ut av ansiktet sitt, så smilte ho og såg på meg. «Vi har ikkje trunge å bli heilt vaksne, heilt eitt med alle prinsipp. Vi kan gjera akkurat det vi vil. Vi kan da leike litt. Det vi finn på, skal bryte med det korrekte.» Very well, I said. Det skal vera hemmeleg og utspekulert.

Humbrent

 

____________________________________________________________________

Frå Sørumgård Botheim: Ramstein Pensionat. Det norske Samlaget 2009. Side 17, 19, 20-24.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2015.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.

____________________________________________________________________