"Av "Vegjen te rikdom"

(Lesestykke, 1871)

Omsett av O.J. Fjørtoft

(Gamle-Fattig-Rikkard paa norsk, ette Benjamin Franklin.)

    Ein dag kom eg riande te ein ausjon. De va mange komne ihop, som vilde handle; men lensmannen hadde endaa ikkje tekje paa og ropt opp. Folke sat og snakka om dei laake tiene, og best de va, haure eg ein, som ropte paa ein gamal graahær mann og sa: Du Abraham, korleis lika du tiene? Trur du inkje, at disse skattane snart vil øyleggje oss, og korleis ska me betala dei? Kva vil no du raa oss te? Gamlingen sto opp og svara: Ja, va de no mi raa, de vilde ha, gottfolk, so ska de faa henne og de snart me; for eit or e nokk aat den vise, som dei seie.

    Dei ba han no alle aa seia si meining, og daa dei hadde flokka seg kring hono, helt han fram soleis. Gottfolk, sa han, skattane e store og mange. Men va de inkje andre skatta me hadde aa leggje ut eld dei, som stortingje, styrarane og embættsmennene la paa oss, so vilde me snart løyse oss ut or dei. Nei, de e mange fleire og mykje større skatta, ser de. Me maa skatte tvo gonge so mykje fyr leta vaar, tri gonge fyr all ovbunaen og fire gonge fyr daarskapen, og disse skattane kann korkje fut elde skrivar ta oss fri fyre. Likevel, lat oss høyre ei go raa, og noke maa me kunne gjera, for Gud hjelpe den, som hjelpe seg sjøl.

    Me vilde tykkjast, de va ein stri skatt, om landsens styrara vilde ta opp berre tiendeparten av tia vaar; men leta e ein mykje større skatt; ho gjere mannen sjuk og live stutt. Leta e som rusta, som tære og et; men trottig mann e triven, som brukt lykjel blenkjande. Vil du leva, so nøyt tia, for live e ti. Me søv mykje meir vekk held me treng, og gløyme, at me i grava vil faa ti nok aa sova; sømnen e som tjuen; han vil stela halve tia. Liggjande ulv tek inkje sau, seie dei. E tia dyrast, so maa de og koste aa kaste henne vekk. Den dagjen, som e gjengjen, vert alder attefengjen, og de me kalla ti go nokk, syne seg støtt aa vera ti lite nokk. Difor opp og arbeid og trøyt fram te maale. Leta gjere alt vant; men ansemda alt lett. Den, som stend seint opp, lyt traske heile dagjen, og ska endaa vant nokk verte færig me arbeie sitt te kvelden; for letingen arbeie seint og vil snart gaa trøytt. Driv du arbeie ditt, og lat inkje de drive deg. Gakk tileg te sengs og statt tileg opp, so vert du frisk, rik og vis. Kva kann de hjelpe aa ynskje seg bere tie? Me kann sjøl gjera tiene bere, vil me. Ansemd hev inkje ti te ynskje, og den, som leve av von, vil døy fastande. De e inga vinning minder vanskje. - Den, som driv eit handverk, hev eit embætte, som han kann vinne seg fe og frægd me; men so maa han og drive handverkje og røkte embætte, elde so vil de inkje eingong svara skattane. E me trottige, so ska me alder svelte ihel; for svolten ser in i huse te arbeismannen, men alder vaaga han aa stige innom døra aat hono. Helder inkje vil fut elder lensmann stige innom; for trott betala skuld, men moløysa gjere henne større. Kva gjere de, om du ingen skatt finn elde ingen arv hev i vente? Onna e mor te lukka, og Vaarherre gji alt te den, som trottig e. Difyr, pløg djupt, me sjusovaren ligg, og du ska ha konn baae aat deg sjøl og andre, som treng kjøpe. Arbei idag, for du kjenne inkje den dag imorgo. Ein dag, som han idag, e bere held som tvo morgodage, og dryg inkje te imorgo me de, du kann gjera idag. Vilde du inkje skjemmast, om du var tenar og husbonden din fekk sjaa, at du laag og leta deg? Men e du din eien herre, so skjem deg likso mykje, om du finn deg sjøl lat, me de ligg fullt opp aa gjera fyr deg sjøl, huslyen din og federlande ditt.

 

            Tak verkty i hand, min gut, uten votte,
            me handska i labb tek katt inkje rotte.

 

    De e sant, de e mykje aa gjera, og du e kanhende veik i hondo; men halt paa jamt og samt, og du ska sjaa, de ska mona; for han vinn, som traa e, og tape, som braa e, og de e vassikla, som hola steinen ut, og me onn og tolmøe va de, musa gnog togje isund, og de e mange øksehogg, som eika ska felle. Eg tykkjest høyre some av dokke spyrja: Ska ein daa alder ta seg kvild? Men eg ska seia dokke: Vil de ha friti, so nøyt tia dokka vel, og daa de inkje e stø paa eit minutt, so kast inkje vekk ein time. I fritimane dine hev du ti te aa gjera nytte, og ei slik friti fær den, som trottig e, men alder den, som e lat, for de e skjil paa aa ta seg ein fritime og aa liggje og leta seg. Mangein ynskte aa leva paa den maaten, at han slapp aa arbeie; men dei spela opp, daa dei vanta noke aa ta paa me; men ansemd gji av seg velfær, velstand og vyrna.

 


Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania: Forlagt av Huseby & Co. limit. 1885. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad