Forklaringa

(Artikkel, 1871)

Av Olaus Fjørtoft

Dæ gjeng inkje fort her i Lande, ska noke nytt fram. No i mange Aar hev Skulelærarane kvar Somar havt Lærarmøte. Paa disse Møto kan ein kvart Aar sjaa eit koma opp att og opp att, og dæ e Forklaringsspursmaale. Kvart Aar hev me haurt greitt og tydelegt fraa Skulemestarane: "Me vil inkje ha Pontoppidans Forklaring lenger i Skulen." Men Prestane og Bispane e seine i Vendinga, dæ gjeng inkje fort mæ dei Karane. No paa detta maa me Maalmenn og ha Auo vaare. I den litle Boka, me siste Laurdag sende ut, slo me paa, at no skulde Bondevennene i Lande krevja aa faa Kakjisma og dei Lærebøke, som kvart Baan ska lære utenat i Skulen, omsette paa Bygdemaala sine. Detta e eit nytt Krav i Maalvegjen, som me seinare oftare ska koma atende te. Denna Gongen ska me gaa ein Grand viare og snakke om Forklaringa og seia, kva me trur bør gjerast mæ henne. Me hadde fraa Fysto tenkt aa koma mæ dæ i den Boka, me sende te alle Bondevenlag i Lande og utenbyes Tingare paa "Fram". Men paa eit lite Maalmannsmøte, som me kalla ihop her i Vaar, raadde Maalmennene oss fraa aa ta detta mæ, for dæ va eit Trusspørsmaal, som kunde koma te aa gjera som inkjes dæ hitt, som e sett fram i den Boka og som Stortale paa dæ Maalmøte gjekk mæ paa, daa dæ vart sett under Avrøysting. Detta va eit stutt lite Stykkje, som me ska trykkje av her. Fyrst so hadde me daa kravt, at Kakjisma skal Bonna faa paa Bygdemaale sitt.

 
Men mæ Forklaringa fekk dæ vera som dæ kunde. Me trur no, ho inkje bør omskrivast paa Landsmaale, for me maa helde sjaa te aa faa ho ut or Skulen hell halde Live i ho. Solengje dei vil ha denne Boka, kan dei lære ho paa Dansk, for me vil tru, at ho syng paa siste Verse sitt. Men so trur no me, at dæ i Skulen maa koma ei onner Lærebok i Staen. Jesu Tala og Samtala bore vera samla før seg sjøl og dæ bore vera Læreboka, me skulde ha i Skulen. Og so kunde dei ellest lesa Bibelhistorie som no. Men Jesu Tala skulde koma i Staen før Pontoppidan. Me trur inkje, detta skulde vera ein so uvitug Tanke. E dæ so, at Jesus Kristus hev lært oss den sanne Tru og han hev gjitt oss Ore fraa Himelen, han og ingen annan, so maa daa Talane og Ora hass vera Trygd nokk, og i dei maa dei smaa Bonn faa go, og go nokk Kjenskap te Gud. I Jesu Tala stend heile den kristelege Lære. Der veit me, kva Kristus hev lært og ska me noken Staen finne den sanne Kristendom so rein som mulegt i Lære, so maa dæ vera i hass Or. Hass Preike iheld dei største og djupaste og sannaste Or paa Jor, og skulde dæ daa inkje vera klokast og tryggast aa leggja dei te Grunn før Læra i Skulen. Eg vil berre gji kvar Mann detta Spursmaale: "Kven skulde me her i Norge tryggast gji Smaabonna te, te Jesus Kristus fraa Nasaret elde han Eirik Pontoppidan fraa Danmark? Kor kan smaa Bonn faa ei bære hell sannare hell andfullare Utlegning av Guds Log hell i Bergpeika? Kanhende i alle Spursmaala og Svara hass Pontoppidan?" Me vil be kvar Mann ta og lesa igjøno den 1ste Part i Forklaringa og so Bergpreika, og kan dei koma og seia, kva som e lettast aa skjyne før Bonn og kva som e snarast aa lære og kva dei trur e best i Grunnen. Om Jesu Or kan alle Kristne semjast, men te Forklaringa hass Pontoppidan kan inkje andre sende Bonna sine hell dei, som høyre Statskjirka te og vant nok dei mæ alle. Men e dæ noker Meining aa halde dæ Gudelege i Skulen, so maatte dæ daa vera tryggast før Staten aa lære dei Kristendom framfør Lutterdom og Pontoppidanlære, og paa Jesu Tala berre kan alle Kristne vera mæ. Ska dæ vera noker Meining aa ha Religion i Statsskulen, so maa dæ vera Kristendom og korkje den eine hell den andre Brigde av han, enten dæ so e Lutterdom hell Pavedom, og Staten syrgje klent før Borgarane sine, naar han syrgje vel før some Bonn og inkje før andre. Han hev den same Plikt mot alle og berre te Jesus Tala kan alle Kristne trygt tru seg. Der e Grunnmuren, der e Kjerna grei og einfoldig før kvar Mann.
 
Grunnen te, dei so lengje faafengt hev gjort detta Krave, at denna Spursmaalsboka skulde ut, som kvar tenksom Mann maa skjyne hev gjort meir Ugreie hell Gagn, trur me maa stikke i dæ, at dei inkje hev havt noke nytt aa leggje in i Staen. Men dæ trur me, me hev her. Ska inkje dei same Ora verte utslengde te oss og eingong, men forseint som te Fransmennene, dei, som Pater Hysint kom mæ i Frankrik om Prestane, som hev stygt Folkje fraa seg ve sitt Dogmeprat, so maa all denna Dogmehorga her i Lande og visast atende aat alle Prestemne her inne i Kristiania. Dauve e dei sjøle og dauve e Preikene og Dogmane deira som Tevassprate, dei driv mæ her inne hos Mestarane sine, naar dei sit og klaga og ber seg over denna syndige Vær, som dei korkje kan hell erlegt hev freista aa berge ve anna hell sine dogmatiske Pliktpeike kvar Sundags Formiddag. I Skulen maa Dogmane ut, for dei e turre Steina, som korkje hev skapt hell kan skapa Liv, og den store Dogmeboka her i Lande, Pontoppidans Forklaring, maa vekk, skal inkje Tia gaa oss reint atterut, so me vert attestandande som eine Attegangare fraa dei middelalderske Likkjellare.


Frå Fram nr. 4, 1. årgang, 15. juli 1871. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad