Dikt og spelmansmusikk 1968-1996

(Dikt, 1997)

ITTEPÅ IMÅRÅ
 
Seint, men ikkje sova, spøte pinnen ut
    ikkje sjå opp, få med det siste ordet
Fella spøta, nærsynt, briller og litt lut
    Over boka oppslått på det låge bordet
 
Ettermiddagsveke, sakn, skiftarbeid
    Smalen blæktar alltid utanfor i hagen
Ikkje plen og bed men beiteplass for dei
    Kvila er ein del av arbeidsdagen
 
Kara ull og farga, spinna garn
     La einkvan slå ut armane og nøsta tråd
Spøta maskene ihop for mann og barn
    Til klesplagga me går med utanpå
 
Genserbryst med nordlys, frost og rein
    Fingrane som spøtar masker saman
Av strikkemønster, trykte setningar til ein
    Med masker utanpå men ikkje framand
 
Koftekledde, lodne, tette, slik blei me
    Og sveitte under maskene: me tåler alt
Bli kasta ut for antrekket, bli trakka ned
    Me tåler regn og kulde, vått og kaldt
 
Spøt garnet stramt så ingen ser
    Bak maskene som gøymer sårå
(Ja, eg skriv sårå når eg skriv det her)
     går, i dag, og ittepå imårå
 

Frå Kjartan Fløgstad: Dikt og spelmanssmusikk 1968-1996. Gyldendal 1997. Side 223.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.