Guten og Gjenta

(Dikt, 1884)

Av Stefan Frich

 

Dei segjer, at Guten skal vera hard

og slipt liksom Staalet blanke, -

det høyrer med til aa vera Kar,

at kvass er baad' Hug og Tanke.

 

Dei segjer, at Gjenta skal vera blid

og fin og veik som ein Blome, -

i Viljen mjuk, - fyr Meiningar fri, -

berre vente, til Friarne koma.

 

Eg likar Guten med Hugen mild,

som Kjærleiken ei kan svikje.

Eg likar Gjenta full av Eld,

som gløder fyr Land og Rikje.

 

Eg likar den Guten sterk og snild,

med Ord som fraa Hjartat strøymer.

Eg likar Gjenta frisk og gjild,

som godt kan gjera og - - gjøyme.

 

Frå Fedraheimen. 9de Februar 1884. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad