Paa Utferd med Skulen

(Song, 1883)

17de Mai 1883

Av Stefan Frich

(Tone: Længe var Nordens.)

Upp ifraa Krakken!
Upp etter Bakken!
Ut i Guds herlege
frie Natur.
Frie som Fuglar
glade vi syngje,
:|: takke fyr Dagen,
Herren oss gav. :|:

Korset til Merkje
hugheilt vi fylgje,
tok det i Arv
fraa Far og fraa Mor.
Blaatt liksom Himlen,
raudleitt som Sola,
:|: kvitt som ei Stjerne,
skjin paa vaar Veg. :|:

Korsbundne Fridom!
Skjin du som Sola,
straal du som Stjerna
yver vaart Liv!
Kvelv deg som Himlen
med friskaste Blaalit
:|: yver vaart Arbeid,
yver vaar Leik! :|:


Frå Fedraheimen. 16de Juni 1883. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad