Heimen-spalta i "For Bygd og By"

Hulda Garborg om interiør, klede, husstell og hygiene

Frå dei hundrevis av populære norske interiørbloggane som finst på Internett i dag, kan linja no dragast nøyaktig 100 år attende. Det nynorske familiebladet For Bygd og By kom ut første gongen i januar 1912. Der hadde Hulda Garborg ei sentral rolle gjennom den faste interiørspalta «Heimen». 

Framover mot 150-årsdagen til Hulda Garborg 22. februar, vil Ivar Aasen-tunet leggje ut nye Heimen-artiklar jamleg på denne sida.

Det illustrerte bladet kom kvar fjortande dag og hadde variert stofftilfang frå inn- og utland, litterære tekstar, omtale av politikarar, forfattarar, nyheiter frå vitskap og teknikk, og annonsar.

Spalta til Garborg, som blei fast frå 1913, var nokså normativ med tanke på kva råd som blei gitt. Den norske kulturentreprenøren visste godt kva ho meinte var god norsk ekte stil, og kva som ikkje var det. Røtene måtte hentast fram att, men folkedraktene skulle rett nok også tilpassast tida; vere «tidhøvelege», som det står. I den første spalta 6. januar 1912 blir det mellom anna skrive:

«Dei gamle lokale bygdebunader kann vera gilde aa eige for dei bygder som har deim. Og ungdomen i desse bygder bør vara um deim og halde deim uppe saa lenge dei kann. Men ein maa hugse paa, at desse bunaderne har ikkje landsgyldugt verd. Desutan er dei reint ubrukande til daglegt bruk — iminsto for byfolk. Det er saaleis ikkje godt aa vita korleis ein skal greie seg, naar ein vil klæ seg paa norsk gjerd og endaa vera klædd som eit moderne menneskje kvar helst ein ferdast i inn- og utland. For i Norig har vi ikkje tidhøvelege norske bunader, som har landsgylligt verd. „Heimen" vil freiste bøte paa denne vandsken. Fraa tid til anna vil det koma teikningar av vene tidhøve­lege kvendebunader i norsk stil.» 

I tillegg til artiklar om klede og folkedrakter, var det mykje vekt på sunt barnestell og innreiing i dei norske heimane.

 

Bladsidene er skanna ved Senter for Digitalisering av Kulturven i Ålesund.

 

Kjelder:

Hulda Garborg. Nasjonal strateg. Arnhild Skre, Det Norske Samlaget, 2011

«For Bygd og By». Leksikonartikkel av Jon Grepstad på Allkunne.no

 

 

 
Heimen-spalta i "For Bygd og By"
14. juli 1912 - "Hatt til bunader."
 
"Det bedste ved desse Hattane er, at dei toler Regn, og at ein kan forme dei som ein vil etter Høve. I sterk Sol kan ein brette dei ned rundt t. D.
    Naar ein dupper han i Vatn vert han reint mjuk og kan formast som ein vil."
 
Trykk på frimerkebiletet for å laste ned pdf-fil.
  
Heimen-spalta i "For Bygd og By"
23. juni 1912 - "Tidhøvelege bunader. Hitterdalsbunaden med trøya."
 
"Det er so reint ille at ikkje „For Bygd og By" kan ha bunaderne fargelagde. Det er so fine fargar i desse bunaderne, at ein snaut ser maken og dei er sett ihop med stor smak."
 
Trykk på frimerkebiletet for å laste ned pdf-fil.
 
NB! Datoen i bladet er feil.
  
Heimen-spalta i "For Bygd og By"
9. juni 1912 - "Tidhøvelege bunader. Baanebunad."
 
"Me syner idag ein tilmaata telemorkstakk (gamal hitterdalsk) for smaagjentor. Slik som han er her —utan den raude yvitrøya — er det ein overlag god kvardagsbunad. (Skolekjole)."
 
Trykk på frimerkebiletet for å laste ned pdf-fil.
 
NB! Datoen i bladet er feil.
  
Heimen-spalta i "For Bygd og By"
26. mai 1912 - "Tidhøvelege bunader. Kvit sumarkjole. Skor."
 
"No er det so, at me heller skal sitja med ein cigaret liksom karane — me gjev os ikkje før me hev lært av dei alle unotane deira, maa vita — (...)".
 
Trykk på frimerkebiletet for å laste ned pdf-fil.
  
Heimen-spalta i "For Bygd og By"
12. mai 1912 - "Veving og heimefarging."
 
"So tek ein til aa trø med dei 4 mynstertrø er etter kvarandre, men 4 gongar paa kvar trø, og ein gong imillom kvar traad, slaar ein inn ein fintraad bomull eller lin, medan ein skiftevis trør ned langhovoldtrøerne."
 
Trykk på frimerkebiletet for å laste ned pdf-fil.
  
Heimen-spalta i "For Bygd og By"
28. april 1912
 
"Ein god og ven sumarkjole gjev eg bilæte av i dag. Diverre kann ein aldri faa sjaa fargarne i blade, og det er mest det vigtugaste."
 
Trykk på frimerkebiletet for å laste ned pdf-fil.
  
Heimen-spalta i "For Bygd og By"
14. april 1912 - "Veving og heimefarging."
 
"Cheviot til mannsklæde kan ein veva med 4 skaft og 4 trøer."
 
Trykk på frimerkebiletet for å laste ned pdf-fil.
  
Heimen-spalta i "For Bygd og By"
31. mars 1912 - "Norsk husbunad."
 
"For no skal alle ha nytt. Og det nye skal vera norsk. For no er det det norske, som er paa moden."
 
Trykk på frimerkebiletet for å laste ned pdf-fil.
  
Heimen-spalta i "For Bygd og By"
17. mars 1912 - "Norsk husbunad II."
 
"Som ein ser er snikkararbeide her av eit noko tyngre slag og høyrer meir heime i drakestilen enn i rokokoen. Men utskurden er 'bonderokoko'."
 
Trykk på frimerkebiletet for å laste ned pdf-fil.
  
Heimen-spalta i "For Bygd og By"
18. februar 1912 - "Norsk klædebunad" og "Tidhøvelege bunader"
 
"Og vi skal daa gjeva orde til fru Hulda Garborg."
 
Trykk på frimerkebiletet for å laste ned pdf-fil.
 
(Denne fila har dessverre litt dårleg kvalitet.)
  
Heimen-spalta i "For Bygd og By"

4. februar 1912 - "Nylænde"

 
"Det er med kvinnesaka som med kvar god og rettferdug sak, som skal arbeidast fram, at det er nokre faa, som klaart ser kva det gjeld, finn boteraadene og modig gaar iveg med rudningsarbeide."
 
Trykk på frimerkebiletet for å laste ned pdf-fil.
  

Heimen-spalta i "For Bygd og By"

21. januar 1912 - "Den gamle austlandske rosemaalinga"

 
"Ikkje alt det som høver i ei gamal storstove på lande kann brukast i dei små stovune vi bruker no.
Men klokka og roskaape lyt vi halda på."
 
Trykk på frimerkebiletet for å laste ned pdf-fil.
  
Heimen-spalta i "For Bygd og By"
6. januar 1912 - "Norske heimar. Klædebunad - husbunad."
 
"Det kan t. d. vera gildt aa eige nokre fine rosemaala

ølbollar. Men dei er ikkje serleg hendige til

aa drikke morgonkaffien utor."

 
Trykk på frimerkebiletet for å laste ned pdf-fil.
 
 
 
 
(Sist oppdatert 26.1.2012)