Fylet

(Dikt, 1885)

(Fraa tysk etter Gellert).

Av M. H. [Marius Hægstad]

Eit fyl, som enno ikkje hadde
kjent byrdi av ein ridar staut,
og som heldt taumen fyr ei æra,
som gilde vaksne hestar naut,
- det sprang baketter kvar ein hesten,
som det ein mann saag rida paa,
og ynskte snart ein hest aa verta
og taum og sa'l og ridar faa.
Den æresjuke kjenner sjeldan
den lukka, som vert etterjag'd.
Den ynskte pryda, sadelreiden, *)
vert endeleg paa fylet lagd.
Med klapp dei att og fram det føra,
so det til tvangen venjast kann,
og fylet gjeng og stolt seg brikjer; **)
slik gleda aldri fyrr det fann.
Det kom med glade, stolte læte
til sine kammeratar att,
og kneggjande aat alle hestar
fortalde det si lukka radt.
«Aa,« sa' det soleids til ein annan,
«meg roste alle, som meg saag.
Fraa munnen min ein taum so fager
burtetter stolte fakset laag«.
Men andre dagen vart det skifte.
So sorgfull kom det heim um kveld,
og sveittand' sa' det: «Bere plaaga
er denne tenkte lukka lel.
Kannhenda taumen kann meg pryda;
men helst eg vera vil hom fri,
for han er til min ridars nytte
og uttenkt til mitt slaveri.«

* * *

So mange vil i unge dagar
i høgdi upp, so folk deim ser.
Dei sukka etter aa faa embætt',
som ingen mann for seint seg fær.
Dei skunda paa aa naa til maalet;
daa merka dei, dei er ei fri.
Dei vilde naa den høge æra,
dei naadde djupast slaveri.

*) ridetyet
**) gilde seg, vera kry
 
 
 

Frå Dag. Blad aat ungdomen. No. 24. Torsdag den 31de desember 1885. 1ste aarg. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad