Mit maal

(Dikt, 1885)

Av Marius Hægstad

Eg høyrer deg i alda *), naar det ber
med skum og sprøyt mot holmar og mot skjer.
Eg høyrer deg i baarorna, som stilla
i sumarkvelden upp i fjøra trilla.

Eg høyrer deg i fossens ville dur,
naar kvit han set utyver bergemur.
Eg høyrer deg i elvestroki laata,
eg høyrer deg i bekkjom læ og graata.

Eg høyrer deg i raasa braa' og kaat,
som leikar trolldans med ein vestlands baat.
Eg høyrer deg i austlandsskogen sukka
og liksom lengta etter ukjend lukka.

Eg høyrer deg i alt, som heve laat,
for du og Norig kann 'kje skiljast aat.
Som hjartat i vaart folkeliv du bankar
og einast du kann tolka norske tankar.

*) Alda er havbaara, stor bylgja.

 


Frå Dag. Blad aat ungdomen. No. 3. Laurdag den 14de februar 1885. 1ste aarg. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad