Vaart fedraland

(Dikt, 1885)

Av Marius Hægstad

Du hava skal det fyrste kvad,
vaart eiget fedraland!
Blandt fjellom dine ligg vaar fødestad;
du eiger alt, som gjerer hjartat glad.
Fraa høgste fjell til ytste strand
Gud signe dette land.

Eingong du stod i fager flor
som blomen din um vaar.
Daa fylgde lukka folk i dal og fjord,
daa lyste Norigs-namnet høgt i nord,
so minni fraa den glansen naar
til vaare eigne aar.

Vaart fedraland! Giv du maa staa
eingong paa nytt lag slik:
so fri som tinden mot din himmel blaa,
so norsk som alle fjordar vesterpa,
so lukkeleg, so glad og rik
som aldri kongerik!

[Opningsdikt i første nummeret av bladet Dag.]

 


Frå Dag. Blad aat ungdomen. No. 1. Torsdag den 15de januar 1885. 1ste aarg. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad