Måltyningi i Finnmark

(Artikkel, 1923)

Av Torleiv Hannaas

Namnet Finnmork [1] er gamalnorskt. Og det segjer oss at finnane budde der og åtte landet då nordmennene kom dit. Hovdingen Ottar frå Lenvik eller Senja segjer i 880-åri at han budde nørdst av alle nordmenn, og at folket nordanfor var finnar. Men nordmennene må alt fyrr den tid ha fare til Finnmark på veiding og fiske - det kann me sjå av alle dei gamle norske namni på fjordar og øyar -, og venteleg hev dei og busett seg frametter strendene. Det vitnar helst um fred og venskap millom dei tvo grannefolki at finnane tok upp ei mengd norske ord i målet sitt. Mange av desse liver enno i utgamle former. Når finnane kallar Magerøy for Makaravjo, eller når dei segjer galdo for kjelde, so er det norske ord som må vera upptekne 3-400 e. Kr. 

Finnane var fåe og spreidde yver store viddor. Dei kom difor aldri so langt i politisk samskipnad som nordmennene. Dei vart våre unde menn og laut finna seg i dei vilkor me unnte deim. Men det er fyrst langt ned i dansketidi me høyrer um trælking og måltyning. So det er ein dansk arv nordmennene i våre dagar balar med å halda uppe - her som i so mangt anna. Styremaktene hev elles i desse spursmåli mykje gjenge etter dei tilrådingar dei fekk frå embættsmennene der nord. So det er i grunnen dei som hev andsvaret. 

Frå Thomas v. Westen tok til med det store upplysningsverket sitt i 1716 til bispen Gunnerus døydde i 1773 hadde finnane ei god tid. Seminarium Lapponicum i Nidaros (1717-28 under Westen, 1752-74 under professor Knud Leem) lærde upp prestar og lærarar til finnane, m. a. Anders Porsanger, den einaste finnen som til dessar hev vore prest i den norske kyrkja. Og dei fekk dei fyrste bøker på sitt eige mål. 

Det vanta ikkje på folk i denne tidi heller som vilde kua finnane og tyna målet deira. Soleis bispane Peder Krog (danske) og Eiler Hagerup, og den danske provsten Frugaard i Alta som kom med framlegg um at "det finske Sprog mest muligt maatte blive kasseret." Men finne-venene hadde yvertaket. Den kloke og varmhjarta Gunnerus møtte Frugaard med desse ordi som høver den dag i dag: "Finnerne viser sig ikke uvillige til at lære det danske Sprog, forsaavidt de haver Leilighed dertil, og det var underligt at nøde dem til at lade sitt Modersmaal ganske fare, hvoraf de ere saa store Elskere som nogen Nation i Verden." (Qvigstad, Oplysningsarbeidet blandt Finnerne, s. 13). Gunnerus døydde 1773 og Leem 1774. Då kom det harde tider for finnane. Den nye bispen, dansken Bang, vilde ikkje vita av finsk. Han fekk lagt ned Seminarium Lapponicum og han skal ha skræmt finnane med at Gud ikkje vilde høyra bønene deira når dei bad på sitt eige mål. (Stockfleth, Finnerne, 60). Men ein endå større finne-hatar var ettermannen, dansken Schønheyder (1788-1803). Han gav presten Simon Kildal på Måsøy ei skrape for di han preika på finsk og soleis "smigrede Folkets Ladhed i at lære Dansk", og han talar med den største vanvyrdnad um "det forhadte Sprog" og um "Lappernes Nationalstolthed og Kjærlighed til deres eget Sprog." (Thrap, Bidrag II, 252). 

Fylgjone av den maaltydningi desse bispane dreiv, skildrar provsten Deinboll i Vatsøy soleis 1821: "Man etablerede det Princip, at Finnerne skulde lære Norsk og kun norske Bøger udbredes iblandt dem. Presterne skulde, uden at forstaa Finsk, oplære finske Skolelærere og disse atter undervise Ungdommen, ikke i deres Modersmaal, men i et for dem fremmed Sprog. De sørgeligste Følger, almindelig Vankundighed og Religionens Forfald, har vist Urigtigheden af denne Fremgangsmaade og Umuligheden af at fortrænge et Sprog som er indsuget med Modersmelken, et Sprog, der har været Forfædrene helligt, og som selv Finner ei lader sig berøve." (Qvigstad, 23). 

Desse beiske fruktene gav styremaktene noko å tenkja på. Og frå ikring 1820 vart det eit vende til det betre. Deinboll var stortingsmann i 1821 og gjorde då framlegg um å skipa ein lærarskule for det nye Trums bispedøme. Skulen kom i gang 1826. Der tok dei upp finske elevar, og gav upplæring i finsk til unge nordmenn som vilde ganga til finn-bygdene. Og finsk vart no på nytt upplæringsmål i dei finske skulane. Den drivande krafti no frametter var presten Stockfleth. Ikkje minst tok han seg med ihug av det finske skriftmålet, og gav ut mange bøker på finsk. Programmet sitt legg han fram for Stortinget i 1833. Han segjer der m. a.: "Til et Folks moralske og intellektuelle Udvikling, Forædling og Uddannelse udfordres, at dets Sprog maa være bearbeidet og uddannet." (Qvigstad, 25). Sidan arbeidde professor Friis, bispane Skaar og Bøckman og mange andre med godhug for finnane. Men dei fekk ikkje alltid fram det dei vilde. Frå ikring 1850 tok riksstyret til att med fordansking - fornorsking kalla dei det no - fyrst noko lempeleg, men sidan hardare og hardare, til me no dei siste åri hev drive måltyning i Finnmark etter dei beste preussiske mynster. I mest hundrad år vart det gjeve upplæring i finsk på lærarskulen i Nord-Noreg (Trondenes, Alta, Trums). Men i 1904 tok Stortinget burt denne upplæringi. No vil dei ikkje hava lærarar som kann morsmålet åt borni dei skal arbeida med. No tek dei 7 års gamle finneborn som ikkje kann eit ord norsk, og set deim i skule hjå lærarar som ikkje kann eit ord finsk. Og finske lærebøker er det ikkje tale um meir. "I 1915 talte jeg med en finsk mor og med hendes 11-årige datter. Med tårer i øinene nævnte moren at barnet nu i 3 år hadde gåt på skolen uten nogetsomhelst utbytte for ånd og hjerte, da hendes lærerinde ikke forstod det finske sprog, som var det eneste barnet forstod", fortel presten Otterbech. 

Kva grunnar hev so måltynarane havt for åtferdi si? Jau, det er serleg tvo ting dei ber fyre: dei praktiske vanskane med tvo mål, og den nasjonale fåren med tvo folk i landet. Praktiske vanskar er det sjølvsagt, helst i dei målblanda bygdene. Men i dei reine finnbygdene skulde saki vera greid. I Kautokeino var der i 1900 98 prc. finnar, 1 prc. kvæner og 1 prc. nordmenn. I Karasjok 96 prc. finnar. Her skulde då finsk i all rettferds namn vera hovudmålet. Og med dei store internatskulane dei no hev, vilde det ikkje vera rådlaust å skipa finske og norske sideklassor i målblanda bygder. So dei praktiske vanskane hadde det nok vorte ei råd med, um viljen hadde vore der. Men det er den som vantar. 

Og den nasjonale fåren er ikkje anna enn ei tom skræmsle. Dei fleste finnane bur her i landet. Skulde dei tenkja på ei nasjonal samling, so laut det verta ei samling til Noreg. Her i landet budde det i 1900 ikring 20000 finnar, i Sverike 7000, i Finnland 1400, og i Ryssland 1700. Tvo tridjungar av alle finnar i verdi er norske, og dei hev aldri gjort teikn til å vilja ganga til noko anna folk. Tvert imot kann ein trygt segja at det er dei som hev berga det indre av Finnmark for Noreg. 

Det innarste tildrivet hjå måltynarane er vanvyrdnad for finnane og ynskjet um at dei må døy ut di fyrr di heller. Og dei gleder seg yver at so mange finnar sjølve hjelper til med avnasjonaliseringi. So lenge hev finnane vore nedsedde og trælka at dei til sist sjølve hev kome på den tanken at det er simpelt å vera finn og tala finsk, men fint å knota dansk. Og kven kann undrast på det? Me treng berre hugsa på korleis me norske bønder og hev bøygt rygg for dansken. 

Men no tek finnane til å vakna. Bladet "Samealbmug" skriv 10. sept. 1921 (på finsk og norsk-dansk): "Samefolket skal ogso fratas sitt modersmål, det som nettupp danner grunnvollen for ethvert folk! Nei - og atter nei! Denne hellige arv som vi har fått fra vore kjære forfædre, den kan og vil vi ikke gi fra os. Vi vet det gjelder liv eller død, ikke den enkeltes, men hele stammens - den samiske stammes liv eller død." Og innlegget av Per Fokstad her framanfyre er klårt nok. 

Finnane er eit lite folk. Men eit merkeleg seigt og livskraftigt folk. Frå 1845 til 1900 gjekk dei norske finnane fram i folketal frå 14000 til 20000, endå so harde livsvilkor dei liver under. Og det er eit folk med godt vit og sterke kjenslor. So det er visseleg eit folk med framtidsvoner. 

Det er blodig synd og skamm av oss å trø ned dette vesle folket som hev havt sin heim her i landet i tusund av år. Det lyt det vera slutt med no. Lat oss heller stydja uppunder den vaknande finske nasjonalkjensla og hjelpa deim fil å få dyrka morsmålet sitt. Serleg må me målfolk sjå med samhug på reisingi deira. Me veit noko um kva det vil segja å liva under måltvang. No reiser me oss og krev rett for vårt mål. Men då må me og unna dei finske brøderne våre same retten. Lat oss hjelpa deim med å reisa ein finsk folkehøgskule. Lat oss hjelpa deim til å få bøker på sitt eige mål. Og lat oss hjelpa unge finnar ut på skular. folket treng sårt til førarar.

[1] Red.merk.: Finnmork er skrive med "o med kvist".


Frå Norsk Aarbok 1923. Utgjevi ved Torleiv Hannaas. Bergen 1923. Side 135-138. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad