Norsk kulturmål

(Artikkel, 1926)

Av Torleiv Hannaas

Det hev blåse ein frisk nordanvind yver landet dei siste åri. Grønlands-saki og Færøy-spursmålet hev rive godt upp i den nationale likesæla som fyrr låg so tjukk yver store lag av folket vårt. 

No tek skodda til å driva burt, so ein kann sjå kvar landet ligg. Og no er det mange som skynar, at det er på tidi å leita seg nye méd og merke i nationale spursmål. 

Ikkje minst gjeld dette i målspursmålet. Folk hev endeleg fenge augo upp for den syrgjelege skaden me hev havt av det danske målet her i landet, - som av danske-herredømet i det heile. Og dei ser og kjenner altfor vel at dansken enno hev hals og hand yver oss i målvegen. 

Men spursmålet reiser seg no sterkare og sterkare: Korleis skal me koma ut or dette? Korleis skal me vinna fram til eit mål som er norsk all igjenom? 

Ja, sume freistar fulla å roa det vaknande samvitet med den gamle talemåten at dansken er norsk her i landet. Eller at han hev vorte norsk, sidan han so lenge er bøtt på med norske bøter. Men den illsinte proceduren dei fører for dette påstandet, den viser best at dei i grunnen trur lite på si eigi sak. 

Og procedure må det til. Skarp procedure. Seint og tidleg. For den som lyfter aldri so lite på sløret, han kann ikkje lata vera å sjå kvar norsk-dansken er av rotom runnen, og kor uhyggjeleg lik han enno er det målet dei skriv i Danmark. 

Men difor vert det òg fleire og fleire som vender sin hug ifrå norsk-dansken og til nynorsken, landsmålet. Rett som det er kann ein høyra av folk som sjølve brukar norsk-dansk, at dei trur på landsmålet, og at dei ynskjer det må vinna. For der hev me eit mål som ikkje tarv procedera seg til sin norske rett. 

Men det er serleg ein ting som gjer at mange likevel stend tvikande og tvilande, eller at dei personleg ikkje vågar stiget yver frå norsk-dansk til landsmål. Dei hev fenge den tanken at norsk-dansken er eit betre kulturmål enn landsmålet. Og det kann liggja nær fyre å tru so. Norsk-dansken hev eit stort yvertak i alt offentlegt styr og stell, og det stend alltid age av det målet styremaktene nyttar. Men endå tyngre veg det, at norsk­dansken hev so lang litterær tradition å byggja på. 

Det er heller ikkje berre byfolk som liver i den turi [sic] at norsk­dansken er det einaste rette kulturmålet vårt. Ein møter same tankegangen hjå mange bønder. Og det er delte synet som fører til det enno rett store fråfallet frå landsmål millom bondeungdom som gjeng skulevegen eller som dreg til byane. 

No trur ikkje eg at spursmålet um noko meir eller mindre kultur i målet, er det som kjem til å avgjera målstriden. Det målet vil vinna som hev det sterkaste nationale rotfestet. Den kulturen det kann vanta, fær det so veksa seg til etter kvart. 

Men det er greidt nok at det likevel er ei ålvorleg sak um me skulde koma til å lida eit stort kultur-tap med å reisa vårt eige mål. So det er verdt å sjå noko nøgnare på dette innkastet. 

Kva er det no som gjer eit mål til kulturmål? Jau, fyrst og fremst er det vel det, at det kann få veksa organisk upp or heimejord. Og dinæst at det vert dyrka og vyrdsla av eit folk med rik målgivnad. 

Den grunnleggjande dyrkingi fær alle mål i livande tale. Den litterære kjem i andre rekkja, men ho kann vera god den òg, so sant bokmennene bøygjer seg for åndi i målet og byggjer på heimleg grunn. Men det hender likso ofte at litteraturen bender målet inn under stive reglar og spanar det etter framande mynster, til det misser både lit og liv. 

Me hev eingong havt eit framifrå kulturmål her i landet: gamalnorsken. Alle som kann gamalnorsk til gagns, er samde um at rikare bokmål hev det ikkje funnest i Nord-Europa. Men kva var det då som gjorde norsken den gongen til slikt eit merkelegt kulturmål? Var det ei lang litterær uppdyrking? Nei, slett ikkje. Då dette målet ikring 1150 stråla fram i all sin glans i norske og islendske sogor, hadde det ikkje lengre bokleg tradition enn landlsmålet i våre dagar. Og det som gav norrøna­målet venleik og styrke, var nettupp det, at det smaka so lite av bok. Det var livs livande tale. Eit djervt, sterkt bondemål, og inkje anna. 

Men det kom dei tider då gamalnorsken fekk litterær tradition. Bokmennene kunde i lengdi ikkje standa seg imot påverknaden utenfrå. Dei vande seg av med å lyda etter korleis bøndene heime tala, og såg meir etter korleis lærde menn skreiv på framande mål. Men då bar det og fljott nedyver med den byrge gamalnorsken. Då målet hadde vore »dyrka« i skrift 3-400 år, var det ikkje stort att av den upphavlege rikdomen og greidleiken. Og hadde det halde på og vore bokmål fram igjenom, so hadde det tvillaust sige endå djupare. 

Serleg var 1600- og 1700-talet ei vond tid for alle germanske bokmål. Dei som då førde det store ordet i bokheimen, tenkte sjeldan på å skriva lett og folkeleg. Tvert imot kappast dei um å gjera målføringi so krokutt og flokutt som dei berre var mann til. 

I denne tidi vart t. d. dansk bokmål spent inn i ei tvangstrøye som det enno ikkje på langt nær hev arbeidt seg ut or. Og det er serleg den litterære traditionen frå desse låke tidene som hev gjeve norsk-dansken ein annan struktur enn nynorsken. Til bate eller skade for målet? Det burde ingen kunna vert i tvil um. 

I dei siste par mannsaldrane hev det vore noko onnorleis. Jamsides den store mengdi av skribentar som uten motmæle gjekk - og gjeng - dei gamle krokvegane, hev norsk-dansken havt målmeistrar som for ålvor hev freista å leggja målføringi nærare inn til livande norsk tale. Slike som Asbjørnsen, Bjørnson, Aanrud. Dei hev gjort eit godt arbeid og flengt dugeleg upp i dei gamle målflokane. Men deira mål hev aldri nått fram til å verta »riksmål«, det vil segja det målet som vert bruka i riksens styringsverk. Der møter me enno norsk-dansken like dansk, like tysk, like latinsk, i det heile like unorsk og like ufolkeleg som fyrr. 

Og dessutan: samstundeis som norsk-dansken hev havt sine målmeistrar, hev landsmålet òg havt sine. Aasen, Vinje, Garborg, Seippel, Johannes Skar, Egnund, Tvedt, Vislie - alle hev dei lydt seg inn til hjarteslaget i folkemålet. Og dei kunde nytta ut dei heimlege skattane på ein heilt annan måte enn nokon i norsk-dansken. For dei kunde bruka alt det folkemålet hadde av norske ord, av ordhegd og stilkunst. 

Ser ein reint språkleg på målsoga vår, so evar eg meg ikkje med å segja at det var det beste som kunda henda norsken at han kom ut or bokheimen i dei hundradåri då målsansen var so skakk-køyrd. Han slapp soleis å vildra seg inn på same avvegane som dansk og andre bokmål. 

No livde norsken sitt eige liv, på folketunga. Der fekk han betre vyrdsling enn nokon bokheim kunde ha gjeve. For bonden var sin same. Han heldt uppe den gamle norske målkjensla i vonde og gode dagar. Og målet hadde i røyndi si litterære dyrking ogso i den boklause tidi, - i visor og stev, segner og æventyr, og alt det som leikar i hugen åt eit gåverikt bondefolk. At denne litteraturen ikkje vart uppskriven i bøker, det hev lite å segja. 

Eg trur soleis at målet i seg sjølv hadde godt av den litterære kviletidi. Ein annan ting er den store skaden me leid politisk då me miste bokmålet vårt. Hadde me vunne halda uppe eit norsk bokmål utan avbrot, so hadde me ikkje no stade so usamde som me gjer i målspursmålet. Då hadde me havt eit riksmål som alle hadde godkjent. Og um det hadde fenge stygge merke av bokdumbe og framand påverknad, so må ein tru at me kunde ha reinska det upp ått i våre dagar. Det hev dei gjort i svensk og islendsk; dei var og lagt nedfyre-komne på 1700-talet. 

Ingen nordmann kann difor anna enn harma seg yver at me skulde missa bokmålet vårt. Men eg meiner at denne tilburden, so tregeleg han var, ogso hev sine ljose sidor. Og eg vilde gjerne draga fram dette som eg held for ei lukke i ulukka: at det norske målet i den turraste dansketidi seig attende til kjeldone i folke-grunnen, og fekk liva der friskt og uskadt til Ivar Aasen med var hand henta det fram att i dagsens ljos. 

Motmennene freista lenge å fella den nynorske målreisingi med den domen, at landsmålet ikkje var noko mål. Ingen tala det. Det var berre livlaus kunstruktion. 

Men ingen ting kunde vera usannare. Den største skilnaden på norsk og norsk-dansk er nettupp den, at norsk i so mykje større mun er eit talemål, eit livande mål. Og når alt kjem til alt, so er det då livet som er det viktugaste i all kultur òg. Difor: di meir livande eit mål er, di meir kulturført. 

Det er fyrst og fremst i poesien eit mål viser kva det eig av liv og varme. Og der tok landsmålet høgdi med ein gong, hjå Aasen, Vinje og Blix. Alt Welhaven sagde då han hadde lese »Dei gamle, fjell i syningom«: »Aa den som havde et sligt sprog at digte i!« Og den kunnige og strenge domaren Joh. Storm segjer: 

»Det norske Landsmaal er et vakkert Maal. Det er Kjæmpevisernes, Eventyrenes og Folkesagnenes Maal. Vi læser Vinje og Ivar Aasen, Garborg og Mortenson; det tager oss med underlig Magt. Det er norsk Maal, norsk Malm, norske Toner. - - Landsmaalet er ypperligt som poetisk Sprog.« [1] 

Ogso utlendingar som set seg inn i landsmålet, rosar det ofte i høge tonar. Soleis skreiv den franske mål- og litteraturgranskaren Aurelien Sauvageat i mai-heftet for 1922 av tidskrifti »La vie des peuples« ei utgreiding um Garborg. Der endar han med desse ordi um »Haugtussa« og »I Helheim«:

»Ils représentent deux des plus beaux joyaux de la poésie Scandinave tout entiére. Depuis Ibsen et Strindberg, on n’avait pas atteint dans le Nord í  pareille profondeur de pensée et cela dans une forma [sic, JG] aussi impeccable, aussi riche, aussi éclatante. Et que l’on songe que tous ces accents, Ane [sic, JG]Garborg les a fait jaillir de sa langue nationale et paysanne í  l’exubérance plantureuse, aux finesses si déliées, devant laquelle le chercheur étranger ne peut s’empêcher de rester interdit d’amiration.« [2] 

Men både Storm og mange med honom hev meint at landsmålet ikkje dugde til praktisk bruk, t. d. i styringsverk og i handel og arbeidsliv. Dette er ein underleg tankegang. Kann målet rekkja til der der spyrst um den største spennkraft i hugleik og tanke, so må det då òg kunna greida seg i det mykje fatigare og meir mekaniske officielle og faglege målbruket. 

Men rett skal vera rett. På mange umkverve hev norsk­dansken enno ein markande fyremun. Han er meir gjenomarbeidd. Det er meir upplagt kva ord og vendingar ein skal nytta. Soleis i alle ting der me mykje må læra av andre folk og draga oss til nyttes skrifter på framande mål. Der er det mykje til meins for norsk måldyrking at me lyt umvegen um norsk­dansk eller andre mål, av di me enno ikkje hev fenge ordbøker som fører beinleides inn i norsk. 

Men um norsken stend til atters i sume ting, so kjem det seg ikkje av nokon indre skade i sjølve målet. Det er berre uppøvingi som vantar. Og den kjem etter kvart. 

Det er elles merkelegt å sjå korleis norsken alt i fyrste umgang kjem fullt på høgd med norsk-dansken i det eine faget etter det andre. 

Handagard er den fyrste som hev skrive um sjukdomar og helserøkt på norsk, og han gjer det minst like greidt som Greve eller Uchermann. 

Gjelsvik er den fyrste som hev nytta norsk i rettsvitskap, og målbruket hans stend høgt yver det vanlege norsk-danske rettsmålet. 

Når det kjem lover, reglar og uppslag på norsk, so plar dei verta helsa med geip og hæde-ord av vankunnige bakstrævarar her heime. Men folk som ser upartisk på målstoda vår, hev ofte lagt merke til at landsmålet ogso i slike praktiske ting er eit gjenombrot frå band og tvang til større fridom og kultur. 

Lat oss t. d. sjå kva den danske målgranskaren og godseigaren dr. Gudmund Schütte segjer. Honom skal då ingen kunna mistenkja for å gjeva landsmålet meir enn rett er. Han hadde samanlikna lovene for Den norske forfatterforening - dei finst i båe målformene! - og so skriv han i dansk »Nationaltidende« for 23. juli 1922. 

»Hvis en uhildet Læser vil sammenligne de to Tekster, saa tør jeg vædde paa, at end ikke den største Forhaandssympati for Rigsmaalet vil kunne frelse det fra den Dom, at det falder haabløst igennem.« 

Like eins samanliknar han nokre skjema frå eit norsk trygdelag i dei tvo målformene, og segjer: »Læseren vil ikke kunne undgaa at føle sig slaaet af Landsmaalsteksternes overlegne Klarhed, Fynd og Friskhed.« 

Han syner korleis landsmålet hev brote ned kancellistilen, og korleis det hev fenge inn gode norske ord i staden for framande. Og so kjem han til det endemålet: »Alt i alt maa det siges, at norsk Landsmaal ejer en gennemført Sprogvillie, som intet af de andre fastlandsnordiske Sprog har Magen til.« 

Landsmålet hev alle vilkår til å verta fullt tevleført på alle umkverve. Det eig uhorvelege rikdomar av råkande ord og ordlag. Det er bygt upp med grammatikalsk logikk. Og det hev ein heilt annan nerk til vokster og nyskaping enn norsk-dansken. Dansken - og etter den norsk-dansken - hev helst lite av organisk skaparkraft. Dei hjelper seg mykje med lån, eller med umlaging av tysk. 

Me som brukar landsmålet, hev same retten til å ganga med tiggarposen for kvar manns dør og låna oss ord. Sjølvsagt. Men armodi gneg oss ikkje so hardt at me tykkjer det trengst. Serleg finn me det lite turvande å blanda norsken upp med ei mengd dansk. Det er berre gamal ovtru at dansken er so umissande for oss. I røyndi er det sjeldan dansk hev noko som me ikkje kann segja lika godt eller betre på norsk. Og me trur det batar både folket og målet mest at me nyttar vårt eige vyrke so langt det rekk. Det vert endå nøgdi att av framandord som me hev bruk for, og som me difor brukar. 

Det er naturlegt nok at ikkje alle nordmenn kann sjå med same augo på målspursmålet. Og me målfolk helsar med glede all uppnorsking av norsk-dansken. Ikkje nett for di me trur den vegen ber fram, men for di kvart stiget i norsk leid er eit stig imot landsmålet, eit stig som gjer det lettare for byfolket eingong å koma yver på heilt norsk grunn. 

Me vonar alle at me med tid og stunder skal få eitt riksmål i Noreg. Og når den dagen kjem, so vil visst alle gjerne kunna segja um dette målet at det er eit ekte norsk mål, eit mål som hev vakse fram av gamalnorsken, gjenom folkevisone og det norske bondemålet. 

Men slikt eit mål fær me einast når me byggjer på vårt eige. For det høyrer med til eit kulturrnål at det skal ha livt lenge i landet og hava si nationale soge. Det må hava si folkedikting og sin millomalders-litteratur. 

Og det norske kulturmålet hev ei soge som ein med ære kann setja jamsides kva mål det skal vera. Det hev sine folkevisor, frå Draumkvædet av, utgjevne av Landstad, Bugge, Moe og Liestøl. Og det hev si klassiske millomalders-form, gamalnorsken, med ein rik litteratur frå Edda til Kongsspegelen. 

Men hev ikkje det norsk-danske kulturmålet òg si soge? Jau visst hev det so. Men den soga er lite norsk. Det hev òg sine folkevisor, - utgjevne av Grundtvig og Olrik under namn av »Danmarks gamle Folkeviser«. Og det hev si millomaldersform, - i Sællandske lov og Skånske lov. 

Det er dette som det norske folket aldri i lengdi vil slå seg til tols med, å hava eit mål som er lånt frå Danmark, og som hev soga si i Danmark. 

Og me treng so visst ikkje å verta sitjande i norsk-dansken æveleg og alltid heller. Her liver det norske målet heile landet yver i ubroten samanheng med det gamle kulturmålet vårt. Der hev me det einaste grunnlaget som er verdt å byggja på for den som vil hava eit nationalt nynorsk kulturmål. 

Til all lukke hev det norske folket so lenge me veit av havt ein merkeleg givnad til å skapa rikt og fagert mål. Og denne givnaden er sterk den dag i dag, endå um han kann ha vorte noko ned-døyvd sume stader. Det er sjølvsagt at det hev vore til skade for norsk skapande målevne at so mange av våre fremste menn og kvende hev vendt seg ifrå folkemålet og teke det danske bokmålet til mynster og rettesnor ogso for sin daglege tale. Og der den stemna hev fenge makt, som i Oslo og nokre andre av byane våre, der hev folkemålet vorte ned-trødt til eit heller kulturfatigt underklasse-mål. 

Men Oslo er ikkje det same som Noreg. I det meste av landet stend folkemålet enno høgt i ære. Stormengdi av folket vårt - 95 procent meinte Moltke Moe - ber enno fram alle sine tankar og kjenslor i sitt eige heimemål. 

Og sidan me fekk ei samlande skriftform i landsmålet, hev norsken skote so rik ein vokster at det dagstødt vert fleire og fleire som skynar at her hev me rette kulturmålet vårt. 

Den norske målreisingi hev alt synt at ho kjem med utløysing av rike gåvor i folket vårt. Og held me vegen fram utan avslag, so er det alle voner til at me skal kunna dyrka upp eit nynorsk kulturmål av same rang som det gamal-norske. 

Men me må hugsa på kven det er me hev imot oss. Det er dansk som er fienden og fåren. Det kann då aldri vera rett å klina seg so nær innåt dansk som mogelegt, - eller å gjeva dei bygdemåli fyremunen som hev mest likskap med dansk. 

Nei, me må fylgja den kloke fyregangsmannen vår Ivar Aasen, og byggja på dei beste og rikaste bygdemåli, utan umsyn til dansk. Og dei beste og rikaste bygdemåli, det er dei som hev halda uppe mest av gamal norsk kultur, dei som er nærast i ætt med Håvamål og Draumkvædet. Det vil med andre ord segja: Di lengre frå dansk, di betre norsk. 

Islendingane hev halde uppe sitt mål. Færøyingane like eins. Skulde so ikkje me som er det største av dei tri norrøne folki, snart koma so langt at me og kunde greida oss utan dansk hjelp? Jau, det fær me då tru. 

Og det skulde vera sjølvsagt at me vende augo mot vest, og såg etter korleis andre greiner av den norske folke-ætt i hev vyrdsla den sams mål-arven vår. Der er mykje å læra for oss. Me som onnar med nynorsk målreising, me treng å standa hand i hand med frendane våre vestanhavs. Og me må ikkje tankelaust brjota ned det som enno er att av norrøn samanheng.

[Notar:]
[1] Joh. Storm, Norsk Sprog, Kbh. 1896, s. 70.
[2] Det vil segja: »Det er tvo av dei venaste juvelane i heile den skandinaviske poesien. Sidan Ibsen og Strindberg hadde ingen i Norderlandi nått slikt eit tanke-djup, og det i ei form so lytelaus, so rik, so strålande. Og ein må hugsa på at desse tonane hev Arne Garborg lokka fram av sitt eige nationale bondemål. Ingen framand granskar kann læra å kjenna den grorfyllte rikdomen og den varnæme mjukleiken i dette målet utan å verta gjenomtrengd av den største ov-undring.«

Frå Norsk Aarbok 1926. Utgjevi ved Torleiv Hannaas. Bjørgvin: A/S Lunde & Co.s Forlag 1926. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad