Peter Lunde

(Minnestykke, 1924)

Av Torleiv Hannaas

Folkeminne-samlaren Peter Lunde var fødd på Lunde i Søgne sokn på Vest-Agder 18. august 1868. Forfederne hans hadde site på garden so lenge nokon visste. I barneåri vart han sett inn på katedralskulen i Kristianssand. Men der treivst han ikkje, og han kappast med Thomas Krag um å vera siste-mann i klassa. Då han hadde slite seg igjenom millomskulen, strauk han til sjøs. Han var no burte i mange år, på sjøen og i Amerika. Men so kom han heim att. Og no hadde hugen til boki vakna. Han gjekk inn på lærarskulen, og vart lærar. I yver 20 år arbeidde han ved folkeskulen i ”byen”, d. v. s. i Kristianssand. Men samstundes dreiv han òg ættargarden i Søgne, og der hadde han huslyden sin.
 
Lunde var ein smålåten og stillfarande mann. Men han var gløgg og minnug, og ansa væl etter det småløgne og sermerkte som vest-egden enno hev so mykje av. Han kjende seg eitt med dette folket, og det gjorde honom godt langt inn i hjarterøtene når han råka eit menneskje med sin eigen sersvip i tenkjemåte, ord og åtferd. Men dei gamle hadde vore meir sjølv-vaksne enn folket no. Og det vart difor hans største hugnad å samla frå segner um forfederne. Når ikkje folkeminnet rakk til, so leita han seg fram i arkivi.
Soleis vart han etter kvart både folkeminne-samlar og sogegranskar. Og han var eit arbeidsjarn som fekk mykje gjort. Det var i si eigi heimbygd han tok til, og det er reint utrulegt alt det han kunde grava fram av gamall kultur og gamle minne i denne sjøbygdi. Han byrja med gamle ting i hus og heim. I 1908 fekk han skipa Søgne fornsamlag. Dei kjøpte eit gamalt hus, og samla saman til dei hadde eit godt bygdemuseum. So slo han seg vidare ut, til det som ein meir kann kalla åndslivet. I mange år skreiv han mykje ”Gamalt frå Søgne” i Kristianssands-bladet ”Fædrelandsvennen.” Og han gav ut eit par småbøker: ”Maalet i Søgne” (Oslo 1913) og ”Skulen og lærarane i Søgne” (Kristianssand 1917). I 1913 var han med og skipa Agders historielag, og han skreiv mange gode stykke i lags-skrifti ”Bidrag til Agders historie.” Han var òg heile tidi med i styret, dei siste åri formann.
 
 
Lunde var med på det fyrste norske folkeminne-skeidet i Bergen sumaren 1918. Og det var han som helst stod fyre tilskipingi av skeidet i Kristianssand året etter. Der heldt han òg fyredrag um ”Folkeminne i ei sørlandsbygd.” Desse skeidi sette ny kveik i Lunde - som i mange andre. Her kom han saman med andre samlarar og granskarar, og fekk nye utsyner yver emne og arbeidsmåtar. Våren og sumaren 1920 gjorde han ei stor samlarferd til fjellbygdene på Vest-Agder, for Norsk folkeminnesamling og Norsk folkemuseum. Og i desse rike bygdene gjorde Lunde ein god haust. Mykje av det han samla på den ferdi, er no utgjeve i hovudverket hans ”Kynnehuset” (Oslo 1923 og 1924), eit verk som gjev ei framifrå avspegling av det egdske folkelyndet.
 
 
Alt det Lunde skreiv var på landsmål, so nær som ymse målprøvor på bygdemål. I stil og målbruk var han greid og naturleg. Han bygde på sitt eige, men heldt seg heller ikkje for god til å læra av andre. I mange år var han styrar for landsmålet i ”Fædrelandsvennen”. Det bladet hev lenge vore eit av dei norsk-danske bladi som hev vist størst vyrdnad for landsmålet, med di dei hev halde kunnige folk i det målet likso vel som i hitt. So var det i all den tid A. Grindland (seinare skrivar i Sætesdal) styrde bladet. Og so hev det vore sidan Tomas Torsvik vart styrar.
Peter Lunde var ein gild kar å vera saman med, alltid i godlag, småløgjen og morosam. Og eg hev mange hyggjelege minne etter honom.
 
Då me skulde hava folkeminne-skeidet her i Bergen, hadde eg bede honom og trønderen Karl Braset fil å vera hjå meg. Huslyden låg på landet, so eg var einsmall heime. Og dei tvo venene tok imot tilbodet.
 
Fyrste kvelden sat me lenge uppe og røda. Men sistpå laut me då leggja oss. Lunde og Braset låg i eitt rom, og eg ved sida. Dei heldt på og svalla lenge etter dei var komne til sengs. Men Lunde sagde sidan, at so brydd hadde han aldri vore med noko målføre som med Brasets inntrøndernål. Han laut fylgja skarpt med skulde han skyna det. Men no han var trøytt og svevnen seig på, var det lange stunder han ikkje torde segja anna enn ”ja” og ”nei.” Og når han ikkje var trygg på um det var ”ja” eller ”nei” som skulde til, so sagde han berre ”hm, hm!” Han vart difor glad då eg langt utpå notti kakka i veggen og sagde at no laut me snart uppatt, - um dei ikkje vilde sova ein grand fyrst?
 
Det var midt i verste matknipa, med rationering og slikt. Men me greidde oss godt. Braset hadde med seg eit dundrande stort stykke Sparbu-smør av finaste slag. Og Lunde kom heller ikkje tomhendes. Det var tanken at me skulde matreida sjølve morgon og kveld, og so eta middag ute. Men dei etlingane me fekk på matstovone var so småe at me vart ikkje halvmette, og so tok me mod til oss og vilde greida middagen òg sjølve. Og det gjekk utruleg. Me hadde matstjorni kvar sin dag. Me var toleg gode alle, men Lunde var best, - han hadde vore sjømann og var driven i noko av kvart. Elles tok me det helst lett og liketil, og innførde mange praktiske reformar i kokekunsti. Me kokte soleis potetor til tri dagar um gongen. Fyrste dagen åt me deim varme, andre dagen kalde, og tridje dagen bruna. Potetor var elles det einaste me hadde av kokt mat. Men so hadde me røykjesild og spikjekjøt attåt. Og til ettermat ber eller flatbraudsoll. Siste dagen våga me oss til å beda professor Liestøl til middag. Eg vilde då ha flutt inn i matstova, - me åt elles på kjøkkenet. ”Nei,” sagde Lunde, ”det vilde ikkje gje det rette inntrykk!” Og so vart det ingi flytjing. Men Liestøl var ein stakar til å få seg mat. Halve tallerken hans med soll fann kona mi um hausten då me kom heim att frå sumarkvildi.
 
Då skeidet var ende og gjestene skulde fara, orsaka eg meg og sagde at det var leidt kona ikkje hadde vore heime, so dei kunde ha fenge betre stell.”Ja”, sagde Lunde, ”det hadde sakta vore gildt um ho hadde vore heime. Men det er ikkje visst me hadde havt det so fritt då!”
Lunde tala tidt um desse dagane når me råkast sidan. Og det hende ikkje so sjeldan. På sumarferdene mine vitja eg honom ofte i Søgne. Han hadde det so unelegt heime, og det var ein heim som var gild å gjesta. Siste gongen var eg der i olsok-helgi i fjor. Då var Lunde sjuk og laut for det meste halda sengi. Men elles var han sin same, kvik og rødug og full av arbeidshug.
Eit par år derfyre hadde han vorte fengd av tæring. Han lagde seg då inn på Landeskogen sanatorium, og det såg ut til at dei fekk bukt med sjukdomen. Men han var ikkje væl heimkomen, fyrr det drogst til med ein hard fotverk (ischias) som ikkje vil de sleppa honom att, og som han leid mykje av. Og reint uventa braut so den gamle sjukdomen upp att. Han fekk blodsputting og døydde 2. november 1923. Ein saknad-daude for alle som kjende honom.
Peter Lunde var ein trufast ven, ein hjelpsam felage, og ein trottug arbeidsmann. Me takkar honom for hugheilt yrke. Og me vil gøyma honom i eit kjært minne.
 
 

Frå Norsk Aarbok 1924. Utgjevi ved Torleiv Hannaas. Bergen 1924. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad