Den fattige Gud

(Salmar, 2003, utdrag)

DEN FATTIGE GUD
 
Eit lite barn voks opp til mann
og sa at han var Gud.
Han levde slik som andre, han
og såg heilt vanleg ut.
Hans rike låg langt borte frå
all sorg og vondskap i vår verd,
men enda bed han oss forstå
at det er inni oss det er.
 
Han sa: Ein fattig går forbi,
og det er meg du ser.
Men vi ser millionar, vi
i svoltens store hær.
Og når vi veit kva vi har gjort
mot alle desse dine små,
forstår du at vi snur oss bort
ifrå den Gud vi skulle sjå.
 
Men er det sant at dei som bur
i svolten kring vår jord
er Gud som menneske, da trur
vi og at du er stor.
Når svoltens hær frå land til land
bryt opp og krev ei anna verd,
vil vi forstå med vår forstand
kva for ein mektig Gud du er.
 
1983-Melodi: HENNING SOMMERRO
 

Frå Edvard Hoem: Den fattige Gud. Samlaget 2003. Side 26.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.