Mitt tapre språk

(Essay, 1996, utdrag)

Språket, morsmålet, hjartespråket
 
Etter at eg hadde skrive bøker i ein mannsalder, ville eg skrive ei lita bok om språket eg skriv på, som også går under namnetmålet,det nynorske målet. Det nynorske målet er mitt hjartespråk og tanke- språk. Det er mor sin song ved vogga. Når eg skriv norsk, skriv eg alltid nynorsk, same kven eg vender meg til. Derfor gjer eg meg stadig tankar om kva nynorsk språk er og burde vera.
    Nynorsken er enno ikkje heiltferdig.Det hefter noko ufullendt ved han, som er meir enn eit spørsmål om rettskriving. Det er ldangar ved det moderne livet som enno ikkje har fått tilstrekkeleg rom. Når ein skal skildre det urbane, kan ein kjenne at nynorsken har ein dåm av fortid og bygdeliv som gjer at det buttar imot. Når ein greier å skapa ein annan tone i den urbane teksten enn den som språket lettast vil formidle, har ein overvunne motstanden og kjenner lykke. Å skrive godt er nesten alltid å overvinne motstanden i språket, å tvinge det til å lystre eigne føremål.
    Da eg skreiv romanenPrøvetid(1984),oppdaga eg at eg fekk til å laga Oslo-stemningar med nynorsken som klangbotn. I enda sterkare grad er dette eit element iTid for klage, tid for dans(1996). Eg vil skrive om det urbane, og eg vil gjera det på mitt eige språk. Eg har glede av å leite fram klangar i det nynorske språket som ikkje har vore for ofte brukt, men somerder. Når ein finn desse stiltrekka fram, ser ein at nynorsken har ein fordel ved at den er så litesliten,så frisk og fersk og fri for klisjear. Fordi nynorsken ikkje baserer seg på ein bestemt dialekt, men på ei samansmelting av alle dialektar, har nynorsken eitallnorskklangelement i seg, som gjer at ein ikkje så lett drar med seg assosiasjonar som er lokale og uvedkomande. Nå eg skriv normalnynorsk, skal ikkje språket i seg sjølv bera merke av at forfattaren har ein bestemt lokal bakgrunn. Å skrive nynorsk må heller ikkje innebera at romanfigurane er norske bygdefolk. Den største utfordringa for meg, som mannleg nynorsk forfattar, kan da til dømes vera å skrive nynorsk slik at det kan uttrykke tankane til ei ung jente frå Oslo, utan at lesaren finn det tilgjort. Da kan eg ikkje bruke eit språk det osar Vestland av. Derfor er eg på vakt mot dei regionale trekka ved nynorsken og prøver å halde dei i sjakk. Eg slår ikkje om meg med sære vendingar for å vise kor mangslungen nynorsken er. Eg skriv ikkje for ådemonstrerenynorsken, men for å utnytte nynorsken som språkleg reiskap. Derfor kan eg heller ikkje bruke ei konservativ rettskriving eller ei altfor radikal samnorsk rettskriving, som signaliserer eit bestemt standpunkt i rettskrivingsspørsmål. Eg vil skrive ein nynorsk som er moderne og landsgyldig, eit språk som flest mogeleg kan kjenne seg igjen i. Det er ikkje dermed sagt at alle vil oppfatte nynorsken somsitt hjartespråk.Skulle vi koma dit, måtte mykje forandre seg, både i nynorsken og blant språkbrukarane. Men det må vera lov å drøyme om at vi ein gong skal koma så langt at dei fleste nordmenn blir merksame på den uttrykksrikdommen som ligg i nynorsken, og alt det verdifulle nynorsken tilfører den norske språksituasjonen. Ei tid representerte spenninga mellom dei to skriftmåla ei utfordring for dei begge. Men etter at staten i mange tiår prøvde å tvinge dei to skriftnormalane saman til éin, kom det ein sterk reaksjon i befolkninga, som i praksis drog etter seg at bokmålet vart fattigare og nynorsken eit mål for hets og sjikane. Slik har det vore til denne dag. Det einaste fornuftige standpunktet fekk ikkje øyrens lyd: At det norske språket har to skriftlege variantar, anten vi likar det eller ikkje, og den eine av desse kan ikkje utryddast utan at det er til skade for den andre og. Den eine varianten, bokmålet, har rett nok røter i det danske skriftmålet som rådde grunnen i landet i fire hundre år. Men dette utanlandske opphavet er ikkje til hinder for at eit stort fleirtal kjenner seg heime i bokmålet og reknar det som sitt hjartespråk. Bokmålet har gjennom den lange tradisjonen tileigna seg eit rikt norsk ordforråd og ein norsk tone. Nynorsken har på si side eit sterkare fotfeste i dei norske målføra, og kan følgje røtene sine tilbake til det gammalnorske skriftmålet. Bokmålet dominerer fullstendig i presse og næringsliv, reklame og underhaldningsindustri. Derfor er kravet om likestilling rettferdig, men samstundes ein illusjon. Det er lenge til ein kjem så langt at valet mellom dei to språkformene blir eit val mellom likeverdige alternativ. Dersom ein tenker på kva som er minst problematisk, er svaret enkelt: Det er å skrive bok mål. Men dersom ein vil ha ei språkform som er personleg, og er villig til å slåst for ein språkleg identitet ut frå dialekten, kan nynorsken vera vegen ein må gå. Det er ein veg ein vil møte motstand på, men den nynorskbrukaren som står ved sitt språklege val, og ikkje prøver å vike unna i konfrontasjonar, vil 6g møte den respekt det inngir at ein tør å gå mot straumen.
    Også boksmålsfolk kan finne at Shakespeare kling godt på nynorsk, fordi nynorsken kan verke meir tidlaus og mindre stadbunden enn eit Oslo-farga bokmål når ein bruker det på scenen. På den andre sida må alle nynorskfolk vedgå at Hamsuns språk er eventyrleg, same kor mykje hans norske språkform har danske anar.
    Ideen med nynorsken var at han skulle samle målføra i landet ieiskrifdeg norm fordi det trass alt er meir som samlar dialektane enn det som skil dei frå kvarandre. Målføra gir nynorsken kraft og atmosfære, men det er den mønsterforma som er utvikla gjennom skriftleg bruk av nynorsken i 150 år som gjer at nynorsken krev status som eit landsgyldig språk. På denne landsnorma bygger det nynorske normaltalemålet, som ikkje har røter i eit bestemt distrikt, men som mange nynorskfolk likevel bruker utanfor sitt eige lokalmiljø, og i offisielle samanhengar, i kyrkja, i politikken, i teatret. Det nynorske normaltalemålet må gjerne bera med seg dia- lektens klangfarge, men det må respektere den nynorske felles- norma, elles blir det ikkje noko anna enn dialekt. Når eg talar dialekt, seier eg ikkjekastar,menkasta,eg seierhestariog ikkjehestane,eg seierdokka'ogikkjedykk.Men når eg skal halde foredrag eller syng ein song saman med andre, treng eg normalmålet, som gjer dialekten min til ein del av eit større fellesskap.
    Når eg bruker dialekt i skrift, er det for å karakterisere ein figur eller ein situasjon. Da blir det skapt ei spenning mellom målføret og overspråket som ikkje er der når dialekten aleine er uttrykksform.
    Gjennom dei siste tjue åra har det skriftlege bokmålet fjerna seg frå talemålet, når ein ser bort frå det talemålet som er direkte basert på bokmålet, og som, trass alt, er den rådande talespråksnorma. Både i avisene, sakprosaen og skjønnlitteraturen har ein vendt tilbake til den moderate riksmålsnorma som utelet visse trekk som finst i dei fleste variantar av norsk talemål. Det er gått sterkt tilbake med hokjønnsformene av substantiv og fortidsendingane på -a, det er nesten ingen som i bokmålet i dag skriv utbreidde bytale-
målsformer somskrivi, riviogdrivi.I nokon grad kan ein seia at bokmålet likevel blir meir norsk fordi ein del ord med dansk-tysk opphav går ut av bruk til fordel for meir norske og meir direkte seiemåtar, det er ord sommisbilligelse, erkjentlighetog tilsvarande.
    Eg vil ikkje ha noko syn på om dette er godt eller gale for bokmålet verken når det gjeld ordforrråd eller rettskriving. Det overlét eg til dei som bruker bokmålet, det er dei som hardenskoen på. Men det at bokmål/riksmål når det gjeld formverket utviklar seg i tradisjonell lei ved slutten av dette hundreåret, burde skapa meir plass og behov for nynorsken enn det som var tilfelle da bokmålet utvikla seg i norsk lei.
    Dette rommet for framgang ser det ikkje ut til at målfolket og nynorsken greier å utnytte. Det er stor velvilje for norske talemål i dei fleste miljø. Ja, det har truleg aldri vore så lett å halde på dialekten. I populærmusikken og som talespråk i media har dialektane aldri stått så sterkt som dei gjer no. Men denne velviljen ser ikkje ut til å omfatte det nynorskeskriftmålet,som møter motstand i pressa og i skuleverket og i breie lag i opinionen. I vidaregåande skule blir det stadig undervist i nynorsk som om det var eit framandspråk utan kontakt med talemålet til elevane, og av dei som har lært nynorsk i grunnskulen, er det mange som går over til å skrive bokmål seinare. Blant rekruttane er det mindre enn ti prosent som held fast på nynorsken, sjølv om ca. 17 prosent startar med nynorsk i barneskulen.
    I denne situasjonen må nynorsken meir enn nokon gong halde fast på viljen til å vera eit samlande riksspråk for heile landet. Det er denne ambisjonen som kan vinne ny sympati for nynorsken, og skapa ei framtid for ein nynorsk litteratur, trass i dei kostnadene statusen som minoritetsspråk inneber for brukarane. Men dette perspektivet fører og til at nynorsken i langt sterkare grad enn no må ta opp i seg stoff og stemning frå ausdandsk, trøndsk og nordnorsk talemål. Store forfattarar frå desse dialektområda har tilført nynorsken eit rikt tilfang som i altfor liten grad blir utnytta fordi nynorsken står så svakt som bruksmål. Men om desse språkressur- sane ikkje blir utnytta, vil nynorsken på lang sikt forfalle til eit regi- onalspråk, med dei konsekvensar det får for utbreiinga og den formelle statusen til nynorsken.
    Det som trengst for at nynorsken skal koma på offensiven, er eit nytt syn på forholdet mellom nynorsken og dialektane, og ein
større generøsitet når det gjeld vokabularet i det nynorske skriftmålet. Det må snakkast mykje meir omideenbak heile målreisinga, som er at nynorsken skal vera ^//«uttrykk for målføra, og at nynorsken med si 150 år moderne historie ikkje er noko ein kanavskaffe,det er ein faktisk del av norsk språkhistorie. Fjellet står der, ein kan ikkje ønske det bort.
    Det er ikkje nok at nynorsken samsvarer med talemålet til den som skriv. Det er like viktig at språket ikkje skaper motstand hos den som skal ta imot det. Men alle språk, også nynorsk, må lærast. Derfor kan ein ikkje fjerne undervisninga i sidemål utan å skade forståinga av nynorsken, og den språklege arven som særleg er nedfelt i nynorsken.
    For at fleire skal oppdaga dei fordelane som ligg i den nynorske målforma, må det bli mindre valfrie rettskrivingsformer i nynorsken, slik at det finst ein definitiv og eintydig konvensjon for skriftmålet, som det er mogeleg å lære, sjølv om ein har bokmål eller eit utanlandsk språk som grunnlag. At denne skriftnormalen er klar, eintydig og logisk er viktigare enn om han er radikal eller konservativ. Dei talrike valfrie formene i begge skriftmåla er ein rest frå den tida da ein systematisk prøvde å føre dei saman. I dagens situasjon er dette eit heilt uaktuelt perspektiv.
    Det må bli slutt på at nynorsk er eit forbodsspråk, der ord som finst i norsk daglegtale og følgjer norsk rettskriving og bøyingsmønster, ikkje alltid er tillatne i skrift. Dette gjeld ei rekke ord med dansk og lågtysk opphav som er blitt vanlege i norsk talemål. At ein opphevar forbodsreglane, tyder ikkje at ein opphevar skilnaden på godt og dårleg språk, og heller ikkje at ein underslår at det finst eit ordforråd og ein setningsbygnad som er meir norsk enn andre uttrykk og seiemåtar.
    Det er skilnad på skrift og tale, sjølv om skrifta bygger på talemålet. Det er ikkje primært som dialektbrukarar, men somlesararvi kan lære kva nynorsk er. Når vi samanliknar målføre og skriftmål og kjenner igjen trekk frå eige målføre i nynorsken, får ein auga opp for det finstemte instrumentet det nynorske skriftmålet i realiteten er. Skriftspråket skal vera brukeleg på alle område, ikkje berre når det gjeld dei personlege og stadbundne sidene av livet, kvardagslivet og privatlivet.
    Før den nynorske Bibelen kom i 1921, var dei bibeltekstene som ein hadde på nynorsk til dels vaklande i stilen. Ein hadde ikkje nokon religiøs høgstil på nynorsk, derfor kunne ein i bibeltekstene merke tonefall frå både sagastil og eventyr, utan at noko av det var heilt dekkande. Gjennom bruk i høgtidleg samanheng har den nynorske bibelstilen løfta opp kvardagsorda i ein annan sfære og bibelspråket har festa seg som grunntonen i nynorsk høgstil.
    Den som bruker nynorsken som kunstnerisk uttrykksmiddel, er ikkje først og fremst ute i eit språkleg ærend. Ein har noko «på hjartet». Men når eg skriv på nynorsk, er det unekteleg også eit vitnemål om kva berekraft sjølve språket har. Jo lenger eg greier å tøye og tukte språket til å bera fram mine intensjonar, jo sterkare vitnemål kjem eg med om ressursane i det. Som forfattar er det ikkje mi primære oppgåve å rope omrettferdfor nynorsken, men å skrive slik at fleire kan oppdaga rikdommen i språket, og lære seg å sjå på nynorsken som vårt felles arvegods, vårt nasjonale ldenodium.
    Og da må ein stille spørsmålet: Når nynorsken kunne vekse fram under så karrige kulturelle kår som det norske samfunnet hadde å by på attenhundretalet, og blomstre så rikt som han gjorde i første halvdel av vårt hundreår, korleis kan det da ha seg at det rike norske samfunnet ved inngangen til det tredje årtusen ikkje ser ut til å ha generøsitet nok til å ta vare på to skriftformer, som kvar for seg har så rik tradisjon?
    For å kunne svara på dette spørsmålet, fann eg ut at eg måtte fortelja historia om nynorsken på nytt.
 

Frå Edvard Hoem: Mitt tapre språk. Samlaget 1996. Side 5-10.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.