Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlèt Pappkartongen

(Barnebok, 1996, utdrag)

Morgon på loftet
 
Dett er morgon på loftet. Gjennom loftsvindauget kan ein sjå at det er overskya ute. Det går ei lysstripe med dansande støv frå vindauget og bort til den gamle pappkartongen. Ingen veit kor lenge kartongen har stått der, og dei som kunne visst det, har gløymt det for lenge sidan.
    Men no rører det seg i kartongen.
    - Eg har vondt i armen! pip ei røyst.
    - Kven er det som snakkar? seier ei mørkare røyst litt lenger nede i kartongen.   
    - Det er eg, vel. Trekkoppbilen ligg oppå armen min.
    - Er det deg, Hund? seier den mørke røysta.
    - Ikkje kall meg Hund, seier tøyhunden. - Eg heiter... Samuel. Og bilen ligg oppå armen min. Det gjer så vondt.
    - Hm, seier den mørke røysta, og den gamle teddybjørnen rører litt på seg. — Vi får sjå.
    Det romsterer litt nedi kartongen.
    - Er det betre no?
    - Jaaa, pip Samuel, — men det gjer vondt enno.
    - Det går nok over, seier bjørnen. — Det meste går over.
    - Det høyrest ut som deg, Bamse.

    - Hm. Det er nok meg. Men eg trur du skal bruke det rette namnet mitt.

     -Eg hugsar det ikkje. Eg hugsar berre Bamse.

    - Alfred er namnet mitt. I mi slekt heiter dei fleste Alfred.

    Bjørnen tenkjer seg om, men kan ikkje kome på korfor det er slik.

    - Eg trur eg hugsar det no, seier Samuel. — Men det er så lenge sidan. Eg må ha sove lenge.

    - Eg hugsar heller ikkje så mykje, seier Alfred. — Eg må visst også ha sove.

    Dei ser på alle dei andre dyra som ligg i kartongen. Dei ligg heilt urørlege og ser ut som dei søv, frosken, eselet, kaninen, den vesle bamsen med ein arm og eit par til som dei ikkje heilt kan sjå og som dei heller ikkje kan hugse.

    - Det var godt at du løfte vekk bilen, seier Samuel. — Du er jammen sterk.

    - Ikkje så sterk som eg var, seier Alfred. - Ikkje så sterk som eg var. Før i Tida...

    - Når var Før i Tida?

    Det blir stilt lenge i kartongen. Så høyrest ei svak plystring, som om nokon prøver å kome på ein melodi.   
    - Gerhardsen, seier Alfred.  

    - Kva meiner du med Gerhardsen?

    - Før i Tida var Gerhardsen.

    - Er Før i Tida det same som Gerhardsen?

    - Før i Tida var Gerhardsen der.
    - Å.
    Den vesle kaninen glipar med augene.

    - Kan de slutte med dette bråket? Det er jo umulegleg å få sove for vanlege folk.

    - Vi skal vere litt stillare, seier bjørnen Alfred.
    - Ja, vi skal vere litt stillare, pip hunden Samuel.
    - Det ville vere bra!
    Dei ventar til dei er sikre på at kaninen har sovna att.

    - OLE-MARTIN! pip Samuel lågt. - Det var det han heitte.

    - Ole Martin...

    - Han som hadde oss med i senga! Det var
KOSELEG.
    - Koseleg?
    - Ja, det var det han sa. Koseleg. Det var så godt
og varmt der. I senga til Ole-Martin. Ein kunne
tenkje på GODE TING.

    - Hm.

    Bjørnen Alfred prøver å vri litt på hovudet.
    - Eg trudde det var Gerhardsen, seier han.
    - Han som hadde oss med i senga. Men det var vel
Ole-Martin.
    - Det var Ole-Martin. Han var...
    - Han var GLAD I OSS, seier Alfred.
    - Ja! Han var glad i oss. Han tok oss med på tur.

    - Ned til BEKKEN.

    - Ja! Ned til Bekken. Der vatnet rann.

    - Under dei høge trea. Eg hugsar det no. Ole- Martin og eg.

    - Og eg!
    - Ja...
    Bjørnen Alfred kremtar og lear litt på øyret. Han kjenner at det heng litt laust.

    - Det er sant. Når ein snakkar om ting, så hugsar ein betre. Det som ein ikkje trudde ein hugsa.

    - Slik som Gerhardsen. Det var mykje snakk om han. Lurer på kven han var.

    - Ole-Martin visste det nok.

    - Ja, Ole-Martin.

    Dei ser at kaninen glipar med augene att, og dei teier.

    Bjørnen Alfred ser mot vindauget og tenkjer: DET ER OVERSKYA. Deretter tenkjer han: SOL OG BLÅ HIMMEL og NEDE VED BEKKEN og FØR I TIDA.

     Trur du Gerhardsen var glad i oss? spør Samuel stilt. - Slik som Ole-Martin?

    Bjørnen Alfred nikkar.

    - Elles ville vi nok ikkje hugsa han.

    - RADIOEN! kviskrar Samuel.

    - Radioen?

    - Radioen i stova. Dei snakka om Gerhardsen på radioen.

    - Jaaa... kanskje.

    - Dei gjorde det!

    - Så gjorde dei vel det, då.

    - Og så spelte dei musikk.

    - Kor då?

    - På radioen. Etter at dei hadde sagt noko om Gerhardsen.

    - Kanskje, seier bjørnen Alfred. - Og kanskje ikkje.
 

Frå Ragnar Hovland: Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlèt Pappkartongen. Det Norske Samlaget 1996. Side 7-10. Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.