Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville

(Dikt, 1996, utdrag)

Katten til Ivar Aasen
 
Eg er katten til Ivar Aasen.
Du kjenner meg truleg ikkje.
Eg gjer ikkje så mykje av meg.
 
Det hender at Ivar
gløymer å gi meg mjølk,
og når han dusjar bruker han opp
alt det varme vatnet.
Men eg veit at det ikkje
er vondt meint.
 
Når Ivar sit inne og skriv
tar eg meg av alt det andre
som også må gjerast.
Det er kanskje ikkje så svært,
men eg tenkte no det skulle nemnast.
 
____________________________________________________________________________________________
 
Frå Ragnar Hovland: Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville. Det Norsk Samlaget 1996. Side 83. Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
_____________________________________________________________________________________________