Draggalten

(Forteljing, 1893)

Av Olav J. Høyem

I gamle dagar var de den visen på Bynesse, at kallane sette seg til etter preika i Steinkjørkjen å drikke neði Olavsstugun.
Ein av dei støðaste i slike lag der neðe var han Bardo Gaustom; og han vart oftom sittanðnoko lenge etter alle dei andre.
Såleis sat han ein søndagskveld, alt til de vart kolmørkt ute; og no først sette han i hesten og kjaur heimover. Men han laut fara over »Dragjen«, der, kor draggalten held til; og defor hadde han bøl-øks opi slåða; for galten var ikkje goðå koma i kast meðstor og folkvond, som han var!
De bar ikkje beðre til −: Då han Bardo kom inpå dragbakken og neði dragvegjen, kom de noko rullanðsom eit tynneband etter honom; beðst de var, sprat de oppå slåðen, og då vart de for tungt åt hesta. Han Bardo tok øksa og hog til åt bande; men de gjek ikkje retteleg av. Og no ropa de opi Aunbergom; og de var eit fælt rop som av eit trol. Han Bardo visste godt, kvem de kom ifrå;defor gjek de kaldt igjenom han, de rope! »Høg ein gong til, Bardo Fleip!« sa de. Men han vara seg vel for de og svara berre: »Grø no først de såre, du har fåt!« Og meðdi so kjaur han heim og sløkte elden på alle gruvom, la seg så på langbenkjen og tok bøløksa at-åt seg.
Men han låg ikkje lenge, før de stoðsom ei skodde utav åske og anna gab kringom veggjene ini stugun. Hadde de då vore eld på nokon gruvstein, så hadde heile garðen snart ståt i ljøs loga.
Dagen etter låg galten som eit slim i dragvegjen, og meðden børðen kom då dette stygge unda folk.
 

Frå Utvalde lesestykke i bygdemaal og landsmaal. Lesebok fyr høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Bergen: Utgjevi av Mons Litleré 1893. Elektronisk utgåve 2001 ved Jon Grepstad