Hyllsteinen

(Lesestykke, 1930)

Av Olav Jakobsson Høyem

I førtiden, med de var fullt utåv jutular oppi fjellom og bergom ikring Bynesse, var de farleg for Steinskjørkjon, kan Di tri! Dem var so bistre på kjørktårna og på klokkone serleg, for dem kunde aldri få ro for den kristelege låta ifrå klokkom.

No budde det ein jutul borti Nons-våtton. Han tok seg da ret ein stor steinhomp og gjek oppå bergtoppen med honom for å kaste på kjørktårne. Han meita til og kjilte så iveg steinen. Men i det såma løyste dem kjørkklokkone og tok dermed so mykjy makt ifrå honom, at han ikkje var god til å drive steinen alt fram. Han hiva han over fjorden og ned på Restleire. Der lig han. Og de er så tydeleg å sjå hola etter fingrom hans i steina enno.

Ein annan gong vart ein jutul oppi Storheiden så sinna på kjørkja, at han au fløygde ivei ein stein imot henne. Men takje glap for honom; og steinen dat ned tet oppafor Ålvåsen. Og der lig han den dag idag.


Frå Olav Røkke: Olav Jakobsson Høyem. Norsk folkelesnad II. Nidaros: Nidaros folkeskriftnemnd 1930. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad