Svensken på Høyem

(Lesestykke, 1930)

(Soga)

Av Olav Jakobsson Høyem

I 1718 gjorde svenskekongen, han Karl den 12te, 9000 svenskar in i Trøndelagen for å ta inn lande her nord, medan han sjølv la seg for Fredrikstein med 22000 man. Han "general" Armfeldt, som var over dei 9000, gav dem lov til å rane og røve så mykje dei vilde kring i bygdom atmed byen (Nidaros); for då slap han å føde dem, han.

Ein vinterkveld kom de ein hop av dem til Høyems og sette på etter alt de som var, både bitand og slitand. Mannen var burte; og kona sat bortmed omnen og gav litlebarne sit suge. Ho bad dem spare maten hennar; for ho hadde so mange sjølv å fostre og føde, sa ho. Over dette avleidande svare vart dei naske og slo seg reint reide, gjorde styr, og tok de dei vilde. Dei tok hønone au! Borna vart rædde; men den eldste gutungen (forteljarens tipoldefar, fød 1715) vart vel meir en de; for han kraup pund lang­benkjen, net der kor bløksa låg og rauk omkring skafte på henne. (I dei tidom hadde stødt bøløksene ome sit under langbenkjen ned med døra). Då svenskane såg guten, sa ein av dem: "Nei se då denne lille gossen, som ligger bortunder banken der!"

Sjå, de var ein gut, de, som åtte mote men sakna makta til å jaga svenskane heim, når dei kom som fiend for å helse på os.


Frå Olav Røkke: Olav Jakobsson Høyem. Norsk folkelesnad II. Nidaros: Nidaros folkeskriftnemnd 1930. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad