Fiskaren aat sonen sin II

(Dikt, 1885)

Av Kristofer Janson

 

Naar stormen ryker upp fraa nord,
og havet det gjeng kvitt,
so strika, gut, paa seglet daa,
og haldt paa styret ditt,
slepp ikkje taket, um det gjeng
paa harde livet laus;
verd baaten full, so bitt det fast,
og berre teg og aus!

 

Og er du ikkje god aa sjaa
fyr berre skum og skvett,
so byrja paa ein salme daa
og ro, so blodet sprett.
Men spring eit bord, og sjoen velt
innpaa deg blaa og kald,
so bøyg deg yver tofta ned
og giv deg Gud i vald!

 


Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania: Forlagt av Huseby & Co. limit. 1885. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad