Kristofer N. Janson

Kristofer Nagel Janson (fram til ca. 1867 vart førenamnet helst stava Christopher), norsk teolog, folkehøgskulelærar, diktar og unitarprest. Han var den første landsmålsforfattaren som fekk kunstnarløn av Stortinget, og ein av dei aller første som gav ut religiøs litteratur på nynorsk.

Kristofer N. Janson
Kristofer Janson

Janson var fødd i ein bergensk kjøpmannsfamilie 5. mai 1841 og døydde i København 17. november 1917. Han vart cand.theol. i 1865, og i åra etter gav han ut fleire bondeforteljingar, skodespel og dikt. Han var målmann frå ungdomstida og hjelpte Henrik Krohn med Vestmannalaget og Ferdamannen.

I 1870-åra var Janson lærar ved folkehøgskulen Vonheim i Gausdal, men han tileigna seg teologiske synsmåtar som etter kvart skapte avstand til styraren, Chr. Bruun. Vinteren 1879–80 var han på talarferd i USA, og i 1881 vart han ordinert til prest for ei unitarkyrkje i Midtvesten. I 1893 flytta han til Noreg att og grunnla på nyåret 1895 Broderskabets Kirke i Kristiania.
 
På sine eldre dagar heldt Janson mange foredrag i folkeakademia og skreiv fleire bøker både på nynorsk og bokmål. Av den store produksjonen er det eitt dikt mange nordmenn framleis kjenner, nemleg Hu hei! kor er det vel friskt og lett oppå fjellet!.
 

Bergensk målmann
Kr. Janson høyrde til ein venekrins av unge, velståande bergensarar som tidleg vart overtydde målmenn. Som fersk student reiste han i 1859 til hovudstaden og talte i russelaget på ein måte som fekk A.O. Vinje til å skryte av «det fagraste Hardangermaal, som kan høyrast». Etter embetseksamen i 1865 dreiv han nokre år med undervisning og litterær verksemd i Bergen. Han var med på skipinga av Vestmannalaget i 1868 og skreiv fleire dikt til Ferdamannen.

Populær lærar
Frå 1869 til 1878 var Janson lærar ved Chr. Bruuns folkehøgskule i Gudbrandsdalen. Saman med kona Drude Krog gjekk han til arbeidet med liv og sjel, og han tok seg mykje av dei unge også utanom timane: «Med det friske, lyse lyndet sitt, den barnlege trua og entusiasmen, hadde Janson lett for å vinne elevane» (Torjusson).

Same våren som Elias Blix gav ut dei første salmane på landsmål, gav Janson ut dei første preikene: Tri Preikor fyre det norske Landsfolket. Begge bøkene var viktige pionerarbeid som fekk stor utbreiing. Mykje tyder på at Janson også var den første som preika på nynorsk under ei gudsteneste. Det var i Fåberg kyrkje 7. januar 1872. Men både målstrevet og grundtvigske sympatiar gjorde at lokale prestar seinare nekta han å preike i kyrkjene.

Dikt, romanar og skodespel
Heilt frå studietida skreiv Janson dikt og forteljingar. Bjørnsons Synnøve Solbakken inspirerte han til å skrive om bygdekulturen på folkespråket. Bøkene hans fekk ein stor lesarkrins. Dei kom i stadig nye opplag, og somme vart sette om ikkje berre til nordiske språk, men òg til engelsk, tysk og italiensk.
I 1876 vedtok Stortinget med 77 mot 30 røyster å løyve offentleg diktarløn til Janson. Dei andre som hadde fått det, var Henrik Ibsen, Bjørnstjerne Bjørnson og Jonas Lie. Janson var den første landsmålsforfattaren som fekk oppleve slik ære, og eit av argumenta var «ønsket om at bringe en stor Aand, som nu er henfaren, et Forsoningsoffer, – jeg sigter til Aasmund Olavsson Vinje» (juristen og venstremannen Walter Scott Dahl i stortingsdebatten 01.04.1876).

Frå Per Halse: "Kristofer Janson Nagel", Allkunne.no, sist oppdatert 25.4.2013 [lesedato 29.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.