Hartvig Kiran

Hartvig Kiran, kringkastingsmann, gjendiktar, viseven og lyrikar. I 40 år var røysta hans å høyre i NRK, i reportasjar og lyrikkprogram. Han gjendikta Shakespeare, Brecht og musikalar for Det Norske Teatret.

Hartvig Kiran
Hartvig Kiran
Hartvig Kiran var fødd i Ålesund 3. november 1911 og døydde i Oslo 15. august 1978. Han tok latinartium i Ålesund i 1931 og vart cand.philol. med norsk hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1937. Emnet for hovudoppgåva var bakgrunnen for Ivar Aasens dikting.
Han vart hallomann i NRK frå 1938, var programsekretær for NRKs kontor i BBC i London 1941–45 og redaksjonssekretær i NRK frå 1946. I 1958 vart han leiar for opplysingsavdelinga i NRK.
Frå slutten av 1950-åra gav Kiran ut gjendiktingar av poesi frå engelsk, tysk og italiensk. Han omsette mange teaterstykke for Det Norske Teatret, redigerte diktantologiar og gav ut to samlingar med eigne viser. I 1960 fekk han Bastian-prisen for ei gjendikting av Robert Burns. Året etter at han døydde, kom diktsamlinga Med eiga lyre.
 
I perioden 1952–64 var Kiran medlem av Norsk språknemnd. I 1957 58 var han leiar for Noregs Mållag, og frå 1973 var han formann for Norsk kulturråd.

Kringkastingsmannen

Kiran tok til i NRK som nynorsk hallomann. Han tok over etter Karl C. Lyche, den første nynorske hallomannen, som i 1937 gjekk over til nyhendeavdelinga som redaksjonssekretær. Kiran hadde òg vakter i nyhendetenesta. 9. april 1940 var det han som sat i studio med ansvaret for nyhenda. I februar 1941 tok han seg over til Storbritannia og laga under Toralv Øksnevad fleire større reportasjar for den norske seksjonen i BBC, mellom anna frå ein konvoi over Atlanterhavet.

Etter krigen fekk Kiran ansvaret for programposten Aktuelt, som vart send etter Dagsnytt, frå 1950 også for vekemagasinet Frå verkstad og fabrikk, som tok opp emne frå industrien. Kiran dekte fleire av dei store hendingane i samtida, mellom anna flaumkatastrofen i Nederland i 1953 og kong Haakons gravferd i 1957. I september 1962 kom den første sendinga med Ønskediktet, eit populært radioprogram som Kiran skapte og stod for så lenge han levde.

Han var ein språkleg medviten og stilsikker radiojournalist. NRK-historikaren Hans Fredrik Dahl omtaler han som «noe av en prosapoet» og «en gjennomført mikrofonstilist».

Gjendiktaren, lyrikaren og visevenen
Kiran var òg ein framifrå gjendiktar av poesi og skodespel frå andre språk. Halldis Moren Vesaas meinte at han var «ein av dei fremste gjendiktarane vi har hatt». For Det Norske Teatret omsette han både Shakespeares Hamlet (1967) og Macbeth (1962, oppført 1977), Brechts Den kaukasiske kritringen (1962) og Det gode menneske frå Sezuan (1975), og musikalar som Annie get your gun (1956), West Side Story (1965), Kongen og eg (1966) og Spelemann på taket (1968). Han hausta òg ros for gjendiktinga av Evert Taubes viser til kabareten Så lenge skuta kan gå (1978). Til saman gjorde han eit tjuetal gjendiktingar for teatret.

Språkpolitikaren
I 1952–64 var Kiran medlem av Norsk språknemnd, oppnemnd av NRK. Under arbeidet med den nye læreboknormalen som vart lagd fram i 1957, vart arbeidsutvalet i Språknemnda utvida, og Kiran var arbeidsutvalsmedlem 1952–58.

Saman med NRK-kollegaen Arthur Klæbo tok han i 1950-åra initiativ for å møte den sjikanen som nynorsken i NRK vart utsett for frå riksmålsfolk og andre. Arthur Klæbo og Magne Oftedal, som arbeidde for Det Norske Samlaget, dreiv så fram det tiltaket som i 1955 vart til Kringkastingsringen. Kiran arbeidde på lang sikt for språkleg samling i Noreg. I 1957 gav han ut pamfletten Aksjon mot reaksjonen. Skriftet var eit kampskrift for nynorsk, og eit forsvar for tilnærminga mellom bokmål og nynorsk, som var under kritikk frå riksmålsrørsla. Han såg målsaka som den viktigaste kulturoppgåva som måtte løysast.
I 1957 vart han vald til leiar for Noregs Mållag, men stilte ikkje til val på det neste årsmøtet. Han høyrde heime i den radikale fløya av Mållaget.

Frå Jon Grepstad: "Hartvig Kiran", Allkunne.no, sist oppdatert 29.4.2013 [lesedato 29.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.
 
 
Tekstar av Hartvig Kiran
 
Hovudoppgåve i norsk, Universitetet i Oslo, 1937. [Publisert med løyve frå familien.]
 
 
(9.11.2011)