Arnfinn Kolerud

Arnfinn Kolerud

Arnfinn Kolerud, profilert ungdoms- og vaksenbokforfattar med fleire litterære prisar. Bøkene hans er prega av språkleg kreativitet og ordleik, med handlingar lagde nær opp til kvardagsliv og jordnær røyndom – med rom for fantasirike innfall.

Arnfinn Kolerud er fødd i Isfjorden i Romsdal 5. november 1968. I tillegg til vidaregåande skule, handel- og kontorlinje (Molde 1987) har Kolerud grunnfag i medievitskap og storfag i russisk – og eit ikkje-avslutta studium i nordisk litteratur og språk. Sidan midt i 1990-åra har Kolerud budd i Måløy, der han har vore norsklærar for framandspråklege elevar – ved sida av skriving og studium.

Kolerud har hatt to toårige arbeidsstipend frå NBU (Norske barne- og ungdomsbokforfattere). Han har hatt fleire engasjement i Den kulturelle skulesekken, med litterære program for grunnskulen.

Han har fått fleire prisar, mellom anna Kulturdepartementets debutantpris (1996) og Nynorsk barnelitteraturpris (både i 1996 og i 2004).

Litterært program

Kolerud vert gjerne rubrisert som barne- og ungdomsbokforfattar, men kan med like stor rett kallast ungdoms- og vaksenbokforfattar. Bøkene hans er lågmælte forteljingar om unge, usikre menneske som ikkje heilt kjenner svara på spørsmåla dei møter på livsvegen. Kanskje ser dei heller ikkje alle spørsmåla, men lesarane kjem nær undringane og kjenslene i desse unge sinna. Det språklege programmet hans er ærgjerrig: Kolerud vil «... lage nye setningar, setningar som ikkje finst i andre bøker ... Setningane mine skal verkeleg vere nye, og dei skal vere munnlege.» Forteljingane skal ikkje primært vere borne av sterke konfliktar og ytre handling, men av språket sjølv. Ved å gjere personar og handlingar alminnelege, stilleståande, ønskjer Kolerud å gjere lesaren merksam på språket.

Forfattarskapen

Debutboka frå 1996, Berre ikkje brøyteplogen kjem ..., er eit fint døme på Koleruds litterære program. Den ytre handlinga er enkel og alminneleg: Ein ung gut, Odd, går rundt i bygda ein snørik vinterkveld og sel lodd for fotballgruppa. Gjennom dette oppdraget kjem han inn i alle husa i grenda og får møte mange sambygdingar. Dei tek imot han på ulikt vis, med mange slags merknader. Og Odd observerer, lyttar og reflekterer over det menneskelege mangfaldet i bygda. Den vesle konflikten som finst i handlinga, er knytt til eitt av husa, som Odd i det lengste freistar å unngå. Men til slutt lyt han ringje på også der, og uviljen mot å besøkje denne familien får andlet: Jamaldringen Lillian bur her – og Odd er forelska i nettopp henne.

Medan debutboka er ei bok for yngre lesarar, som eldre vil ha stor glede av, er Langt frå bambus (1999) ei bok meir for vaksne lesarar. Kolerud sitt originale grep er å gjere eit grantre til hovudperson i forteljinga, frå det røter seg som liten til dei tunge dagane i alderdomen. Det er altså ein utviklingsroman, som gir høve til originale perspektiv på språk og samfunn. Langt frå bambus er ei bok som tek opp både eksistensielle og politiske spørsmål, men kanskje er det likevel først og fremst ei bok om språk («verda viser seg i språket»), boren oppe av ein stilsikker språkkunstar, med språklege nyskapingar og overraskande ordkombinasjonar, formulerte med karnevalsk overskot. I denne verda er himmelen logisk nok «underskya», og berre lav snakkar lågare enn mosen – derfor heiter det sjølvsagt lavmælt. Ordet «menneske» har kanskje utvikla seg frå eit opphavleg «menn med eske», eit uttrykk som kan gi høve til mange slags assosiasjonar. Innsiktene trea kjem fram til, vert forma i ordtakliknande sentensar: «Til større ein er, til meir dumskap er det plass til»!

Også Den som ikkje har gøymt seg no (2004) er ein oppvekstroman, men no med ein 13 år gamal gut i sentrum. Odd er annleis, men kva dette er, gir ikkje boka noko eintydig svar på. Både Odd og lesarane lyt tenkje seg om mange gonger. Også denne forteljinga er boren av den språklege kreativiteten og dei uventa perspektiva hos Kolerud. Forteljinga om Odd er fylt av både dramatikk (død, skadeverk, dramatiske handlingar) og stille stunder, men sterkast er portretta av menneske i ulike aldrar og med ulike temperament.

Zoomarferien frå 2007 er ein ungdomsroman for lesarar i alle aldrar. I hovudrollene finn vi to tenåringsgutar som prøver seg som tabloide snikfotografar ein sommar. Hovudmålet er å presse pengar av ein fotballtrenar som dei grip i miljøforsøpling. Inspirerte av massemedia i samtida freistar dei seg altså som «kvardags-paparazziar». Romanen er ei språkfontene, med friske ordspel og uventa språklege kast. Også i handlinga ser vi dei uventa perspektiva, kombinerte med presise detaljar – stundom på god veg over mot det surrealistiske. Når dei to gutane snik seg inn på eit hus for å observere, heiter det: «På to minutt gjekk dei gjennom heile evolusjonen baklengs; dei slutta å snakke, lista seg krumrygga fram, og krabba til slutt på alle fire fram til skogkanten.»

Når ein først skal skyte nokon frå 2010 er første bok i den humoristiske Vassbygda-trilogien. I 2012 kom bok nummer to i trilogien, Kom ikkje inn i mitt hus.

 

Frå Ove Eide: "Arnfinn Kolerud", Allkunne.no, sist oppdatert 4.2.2013 [lesedato 3.5.2018]
Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.