Henrik Krohn

Henrik Krohn, gründer. Han tok initiativet til det første organiserte mållaget i landet, Vestmannalaget

Henrik Krohn
Henrik Krohn
Krohn var fødd i Bergen 10. mai 1826 og døydde 14. juni 1879. Han var handelsmann i Bergen til 1858. Frå då av dreiv han fruktgarden Stedje i Sogndal, der han også etablerte ein fyrstikkfabrikk.
 
I 1865 skipa han bladet Ferdamannen og redigerte dette bladet til det gjekk inn i 1868. 21. januar 1868 var han med og skipa Vestmannalaget i Bergen, der han sjølv var formann 1868–73. Laget gav ut bladet Fraa By og Bygd 1870–79, og Krohn var redaktør til 1875.
 
I bokform debuterte han med Smaakvæde (1867) og gav seinare ut nokre bøker til. Ei liti Ferd fraa Sogndal til Fjerland (1868) er blitt ein klassikar. Til samleverket Skrifter (1909) skreiv Kristofer Janson forordet.
 
Frå Ottar Starheim: "Henrik Krohn", Allkunne.no, sist oppdatert 16.8.2011 [lesedato 29.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.