Petra Kvisli

Petra Kvisli, forfattar og lærar. Ho var ei av dei tidlege kvinnene i nynorsk kulturhistorie.

Petra Kvisli
Petra Kvisli
Kvisli var fødd i Arendal 1. mars 1874 og døydde 15. juli 1947. Etter å ha teke lærarskuleeksamen i 1900 var ho lærar i Åmot og Barbu før ho kom til Stor-Elvdal og seinare blei lærar i teikning ved Ringsaker fylkesskule.
 
Ho redigerte bladet til ungdomsforbundet Breidablikk. Kvisli debuterte med forteljinga Birgit (1907) og skreiv seinare forteljinga Tora Dal (1912) og skodespela Ikkje vaksen (1911) og Elskhug og skoghandel (1914).
 
Kvisli er mest kjend for songen Eg elskar dei voggande tonar, prenta i Den 17de Mai i 1898.
 
Frå Ottar Grepstad: "Petra Kvisli", Allkunne.no, sist oppdatert 26.5.2017 [lesedato 30.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.
 
Tekstar om Petra Kvisli