Det skeive huset

(Artikkel, 1901)

Av Edvard Langset

Det var fyrst i oktober. For ei vike sidan kom snøen so uventande at mykje av jordepli stod i jordi. Mykje ungskog, som enno stod med mest heile lauvklædnaden sin, vart bøygd ned til jordi. Daa snøen tína burt, kunde ikkje alle ungtréi reisa seg att. Dei hadde i den tidlege vinteren knekt ryggen sin.

Ein kveld, etter at marki var vorti berr att, gjekk eg burt til grannen min. Han var ung og hadde nyleg teke garden. Det hadde gjenge til atters med far hans. Husi var til nedfalls, jordi hadde skrinst ut, og skuldi hadde aukast paa. No vilde sonen freista aa reisa upp att det faren hadde late forfalla.

Stovebygnaden hadde paa den eine enden sege nedyver bakken. No heldt han og ein leigd kar paa aa driva han upp att. Dei hadde ikkje husskruvar. Difor hadde dei fest tvo lange stokkar ned i jordi og lagt deim paa sneid uppetter mot veggen. Millom veggen og endarne av deim dreiv dei svære bløygar. Desse sprengde daa stova upp lite grand um senn.

«Sign arbeidet!» sa eg.

«Det er ikkje signand, du.»

«Det er no vel signand arbeid aa beinka det som er skeivt lel?»

Me vart standande og tala um eit og anna, serleg um sildefisket kring fjordarne. Arbeidsmannen fortalde at dei no hadde merka storsild utfor Hitra. Ho kom visst inn i fjordane i aar og.

Eit stykke fraa oss i ei vik ligg ein husmannsplass. Her hadde ei gjenta lege i tæring sidan i fjor.

«Hev de høyrt nokor tidend ned-fraa Viki no?» spurde eg.

«Ja, me høyrde derifraa i gaar. Det var no som det plar daa. Ho laag og sat uppe ei stund kor av dagen.»

«Nei, denne tæringi stel snart modet og livet fraa annankvar ein, ho,» sa ein av kararne.

«Ja, det er um aa gjera me tek oss paa tak no og ikkje gjev oss yver. Nyleg las eg um at det turvtest byggja hus for tæringssjuke i kvart fylke. Det vantar pengar. Eg kom til aa tenkja paa um me ikkje kunde ofra i alle kyrkjor i landet til inntekt for dette. Eg er trygg paa at det daa kom inn ei mengd med pengar.»

«Ja, men det vil vel ikkje prestarne, ser du.»

«Jau daa. Det vart no ofra paa altaret for aa hjelpa deim som leid av ulukka i Værdalen og. Kva hev den ulukka aa segja mot den som tæringi spreider ut yver Noreg?»

Det kom no eit par karar gangande fraa ein annan gard, so me vart ein heil skokk. Me framande, som ikkje arbeidde, laut no og daa slaa floke, til aa halda varmen i oss i den kalde vestanviden.

Sist-paa eg stod der barst det til aa tala um den nye kyrkja som nett var innvigd der i bygdi.

«Me slo stort paa daa,» sa ein.

«Ja so?»

«Heradstyret kosta middag paa alle tie prestarne som var der. Det kosta so nettaste hundrad krunor.»

«Hundrad krunor!»

«Sanneleg, eg synest det er mykje, naar eg for ein gongs skuld kjøper meg middagsmat i byen til femti øyrar.»

«Ja, og eg til tretti øyrar.»

«Ja, me hadde god raad daa,» sa han som heldt paa aa beinka stova. «Men so kann me og spara sume gonger. Ho sjuke gjenta me tala um her i stad hadde lege utan medisin no ei lang tid. Her ein dag var det so vidt eg tagg ei fem kronur til henne i heradskassa.»

Han leita seg ein svær bløyg, tok sleggja og til aa driva.

Han slo og slo. Den eine flisi spratt av bløygen etter den andre. Til sist klovna bløygen midt i tvo. Men daa var stova flutt ein halv tume.

Daa eg gjekk heim att, vart eg gangande og tenkja paa ho sjuke gjenta som hadde lege der utan lækjeraad, og paa desse prestarne som sat og nøydde i seg mat til tie krunor i eitt maal.
 
 
 

Frå Syn og Segn 1901. Kristiania: Det Norske Samlaget. Side 306-308. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad