Guds gjerningar

(Forteljing, 1898)

Ein dag i joli eg kom inn til ei kjend kona, let ho dotter si, som var umkring seks aar gamal, lesa eit langt jolevers fyr meg.
 
«Tykkjer du ikkje, ho er gjæv?» spurde ho, daa eg ikkje sae noko.
 
«Jau, ho er bra til aa lesa Guds ord.»
 
«Ja det synest alle. Ho Gunhild, dotter hennar Marit her burti garden, ho er yver eit aar eldre, men ho kann ikkje so godt som fadervaaret sitt enno.»
 
«Ja, men ho hev lært barnet sitt Guds gjerningar, ho Marit, og det bør me gjera fyrst.»
 
«Guds gjerningar? segjer du?»
 
«Igaar saag eg ho Gunhild gjekk og bar inn ved til den sjuke husmannskona deira; men lenger fram i vegen møtte eg dotter di; ho gjekk og gjorde narr av den halte mannen hennar.»
 
«Gjorde du det, Svanhild?»
 
«Ver berre ikkje for streng mot henne fyr dette? Lær henne aa gjera Guds gjerningar, so leggjer ho slikt av lite um senn.»
 

Frå Norskt Barneblad. No. 3. 5te februar. 1898. Side 27. Elektronisk utgåve 2006 ved Jon Grepstad