Avaldsnes kyrkja

(Artikkel, 1922)

Av Torkell Mauland
 
Ho er paa Karmøyi, ei snaud norsk mil sunnanfor Haugesund. Reint ukjend skulde ho ikkje vera. Me kann jamvel vita kor gamal ho er. Lat oss finna upp Kongesogorne og leita etter soga um Haakon Haakonsson den gamle. Der finn me eit blad som ik­kje er lite, og paa heile bladet er det rekna upp alle dei kyrkjor og andre gjæve byggverk som denne kongen sette upp i si tid. Kor mange det er, kann eg ikkje segja, utan eg tel deim fyrst; men ei av kyrkjorne er St. Olavs kyrkja paa Avaldsnes. Eit bil var ho eit av dei 14 kongelege kapell. Men det er ikkje det eg vil røda um denne stundi.
 
Vil me finna Avaldsnes kyrkja, so er det ikkje uklokt aa taka ut fraa Haugesund. Daa fylgjer me eim-baaten som gjeng sud­yver. Me fer daa gjenom eit trongt sund millom Karmøyi og fast­landet. Ei halv mil veg sunnanfyr Haugesund er sundet paa det smalaste. Det heiter der Saalhus, og der er jamnt slik ein straum at det ikkje er godt aa ferdast der med baat. Men denne gongen vil me fylgja eimbaaten lenger. Ein fjordung veg sunnanfyr Saal­hus hev me Avaldsnes. Og vil me fylgja eimbaaten endaa lenger, so kjem me snart til Koparvik. Denne vesle byen er elles minst so langt sunnanfyr Avaldsnes som Haugesund er nordanfyre. Naar du fer sudyver Karmsundet, so hev du baade det eine og det andre paa høgre handi, skynar du.

Kann me koma til sjølve Avaldsnes, so er me med ein gong midt uppe i soge-heimen og i ein heim fyrr gamle segner. Umframt Avaldsnes kyrkja fær me tidt høyra um kongsgarden paa Avalds­nes. Det var der som Asbjørn Selsbane gjorde ende paa aarman­nen Tore Sel. Kongsgarden kann me ikkje sjaa no; husi skal han­seatarne ha brent upp um hausten 1368; men i soga ser me kor langt han var ifraa kyrkja, so me kann freista aa rekna oss til staden. Elles hev me der nokre av dei eldste segnerne som finst i landet. Det var der at Odin kom inn ei natt som Olav Trygvason ikkje fekk sova, og fortalde um ein konge som budde her i gamle dagar, heitte Avald (eller Agvald). Denne kongen dyrka ei ku som han alltid førde med seg, og han totte det var helsebot i mjølki hennar naar han drakk jamt av ho. Kong Agvald fall i ein strid med ein annan konge og vart hauglagd paa Avaldsnes. I ein annan haug vart kui hans hauglagd med ein diger gullklave paa. Folk trur no at baade kongehaugen og kuhaugen er tett ved Avaldsnes kyrkja; ein av dei bautasteinar som vart sette paa desse haugarne, skal vera Synaali til jomfru Maria; ho stend tett innved kyrkje­veggen paa nordsida. - Eit stykke lenger sud er det ei hei som dei hev kalla Kongsheii. Der er mange haugar som vert kalla Kongshaugarne. Aust fraa Avaldsnes kyrkja, mest nede ved Karmsundet, var det ein handelsstad Gloppe med tingstad. Men det som me her mest vil merka, er ei hei som me finn naar me gjeng fraa Avalds­nes 2-3 kilometer i nord-vest leid. Det heiter «Blodheien» eller truleg rettare Blodteigen. Denne finn me nett burt-med skiftet millom Avaldsnes- og Tarvastad-sokni, og han strekkjer seg fraa garden Uvik mest til Saalhus. Segni segjer der i bygdi at paa Blodteigen hev det ein gong vore eit slag, so det flaut blod yver heile teigen. Til minne um dette slaget trur dei at 5 store bautasteinar er sette som ein kann sjaa attmed Saalhus. I nord-vestre hyrna av Blodteigen finn ein ei rad med gavhaugar [sic], 7 store og mange smaa. Desse haugarne (i skiftet millom Avaldsnes og Tarvastad) trur dei hev vore til sidan dette slaget. Ein av haugarne vert no kalla Prinse­haugen eller Gudtormshaugen; men desse namni er vel helst sette til seinare. Dei hev trutt at det var slaget millom Haakon den gode og Eiriks-sønerne. Dei hev grave i sume av desse haugarne og funne ymse ting fraa bronse-alderen og fraa den allra-eldste jarnalder, so haugarne maa vera mykje eldre en fraa det nemnde slaget.

Ein gong daa Heilag-Olav heldt seg paa Avaldsnes, kom han paa at han vilde byggja ei kyrkja, so mykje folk der skulde hava ein stad aa samla seg og halda gudstenesta. Han tok til aa byg­gja og; men det gjekk ikkje so fort som han hadde tenkt. Difyr var han tung i hugen. Daa kom det til honom ein jutul og spurde kvi han gjekk med slik ein hugverk. Olav svara at han visste ikkje um han gjorde det, og elles var dette noko som jutulen ikkje trong aa bry seg um, sa han. Jutulen sa at han visste kva det var. Du tenkjer aa byggja ei kyrkja; men det gjeng ikkje so fort som du vilde ynskja. Men var det no so at han vilde gjeva honom løn fyr umaken, so skulde han taka paa seg aa byggja huset, og han skulde ikkje vera lengje um det. Kva han vilde hava til løn daa, spurde kongen. Ja han laut hava sol og maane, som han vilde hava til barne-leikor, sa han, og dette skulde kongen setja ho­vudet sitt i vedstød fyre. Dei vart snart samde um denne byggjingi. Naar jutulen var ferdug med kyrkja, skulde han hava sol og maane eller og hovudet aat kongen. Men kunde kongen til den tid faa greida paa namnet aat jutulen, so skulde han ingen ting hava aa krevja.

So tok jutulen til aa byggja, og det gjekk med dagen. Det var ikkje mange dagarne fyrr kyrkja var mest ferdug. Daa vart kon­gen atter tung i hugen. Sol og maane var det ikkje godt aa gjeva burt, og hovudet sitt hadde han ikkje hug til aa missa. So ein dag tok kongen ut og styrde vegen til Blodteigen. Daa han var komen til gravhaugarne ved Haugo var han trøytt og sette seg til aa kvila. Sat og tenkte seg um. Best som det daa var fekk han høyra ein fin song. Han lagde øyra til, og daa var det som songen kom fraa gravhaugarne.
 
      «Bysse, lulle, liten kind!
      I morgo kjem Sigg, fader din,
      med sol og maane til barnet.»

Soleis song det inne i Gudtorms-haugen. Daa hadde kongen fenge vita det som han vilde. Han vart atter glad og tok paa heimvegen med ein gong. Daa han kom til Avaldsnes, heldt jutulen paa med dei siste steinarne øvst paa toppen av taarnet. Daa han hadde lagt til rettes den siste steinen ropte kongen upp til honom:

      «Segg meg no Sigg:
      Trur du den steinen ligg?»
 
Daa jutulen høyrde namnet sitt, stokk han so han kunde ikkje meir. Han stupte med ein gong ned fraa kyrkjetaarnet og sokk langt ned i jordi utanfyr kyrkje-muren. Der vart han til stein og hev stade der sidan. Det er den som dei kallar Synaali aat jomfru Maria.

Um denne steinen er det elles ei sers soga. Han stend ikkje beint upp-ned der utanfyr muren; men han hallar smaatt inn­yver mot kyrkje-veggen. Naar han ein gong hev sige so skakk at han kjem inn-paa muren, daa skal verdsens ende koma, vert det sagt. Men dermed hev folk paa Avaldsnes fenge ei makt som ingen hadde drøymt um. Ein gong dei hadde beinka noko paa mu­ren, slo dei av eit stykke av synaali. Daa vart det godt rom baade fyr muren og fyr bautasteinen.

Synaali er 26 fot lang, og skal vera den høgste bautasteinen i vaart land.
 
 

Frå Syn og Segn 1922. Oslo: Det Norske Samlaget side 279- 282. Elektronisk utgåve 2003
ved Jon Grepstad