Trolldom i Rogaland

(Utdrag frå bok, 1911)

Av Torkell Mauland

Olav Trygveson kom ein gong til Avaldsnes ein paaskaftan og hadde med seg 300 mann. Paa Avaldsnes gjorde dei eit gildt gjestabod fyr kongen. Same natti kom Øyvind Kjelda til Karmøyi med eit langskip og fullt mannskap, og alle mann var seidmenner og andre trollmenner. Øyvind gjekk paa land med folki sine og gav seg til aa trolla. Han sette huldrehatten paa mennerne sine og gjorde ei myrk skodda, so kongen og folki hans ikkje skulde sjaa deim. Daa dei naadde upp til garden vart det ljose dagen, og daa gjekk det annleis en Øyvind tenkte; det myrkret som han hadde trolla fram, kom yver han og fylgjet hans, so dei kunde ikkje sjaa med augo meir en dei gjorde med nakken. Vakti til kongen saag korleis dei for og svinsa i krok og kring, og kunde ikkje skyna kva det var fyr folk. Dei sa det til kongen. Daa stod han upp og alle folki hans og klædde paa seg. Kongen bad mennerne sine væpna seg og ganga av stad og sjaa kven det var. Kongsmennerne kjende Øyvind; dei fanga han og alle trollkararne hans og leidde deim til kongen. Øyvind fortalde daa kongen alt det som hadde hendt han paa ferdi. Sidan let kongen taka deim alle i hop, og førde deim ut paa ei flu og batt deim der. Daa so sjøen flødde laut dei alle lata livet. Den flui kalla dei sidan Skrattaskjer.

So hev Snorre fortalt. Paa Avaldsnes veit dei ikkje stort um dette no. Det einaste er at eit skjer i Karmsundet heiter Pipeskjer, og det segjer dei skal vera det same som Skrattaskjeret. Folk hev tydt namnet gale. Skrattaskjer er det same som trollskjeret (eller trollmannsskjeret); men paa Karmøyi trur dei det heiter so, av di dei skratta og log daa vatnet flødde upp yver deim. Andre segjer daa at dei "peip" og dermed fekk det namnet Pipeskjeret.

Denne trolldoms-soga er den fyrste som me veit aa nemna fraa Rogaland. Ho er nett fraa den tidi daa kristendomen kom her til landet. Øyvind Kjelda var ein viking fraa Austlandet som ikkje vilde taka den nye trui. Olav Trygveson sette eld paa huset som han var i med mange andre heidne trollmenner. Øyvind kom seg upp gjenom ljoren og fekk ryma; men alle dei andre brann inne. Sidan hadde han fare i viking. No kom han til Avaldsnes, og var tenkt aa gjera med kongen det same som kongen fyrr vilde gjort med han. Det var ein strid millom den gamle og den nye trui; men den nye trui var sterkare; ei soga segjer at Øyvind og mennerne hans vart blinde daa dei fekk sjaa kyrkja.

Sidan gjeng det mange hundrad aar fyrr me fær høyra um trolldomssogor i Rogaland. Men hadde skjeri kunna tala, so hadde me kanskje fengje høyra um andre som hev late livet. Og kunde vollarne og tingstaderne tala, so fekk me kann henda høyra um trolldoms-saker som hev vore baade fyrr, i den heidne tidi, og sidan; for trolldom hev dei trutt paa lenger attende en skrift gjeng.

Det bilet daa kristendomen kom, trudde folk at all trolldom hekk i hop med den gamle trui. I dei gamle logjerne kann me sjaa at folk hev trutt paa mange slag trolldoms-kunster. Det var m. a. "utesitjarar" som vilde vekkja upp haugbuarne, og "haugbuarne" var vel helst dei gamle gudarne; for det som dei i heidning-tidi rekna til gode magter, vart til vonde magter i "den kristelege millomalder".

Dei trolldoms-sakerne som me no kann fortelja um, tek til ikring 1580. Daa hadde "den reine lutherske læra" kome inn i landet og var sett i høgsætet; men daa var det sume som trudde paa "trollskap og munke-lygner". Mykje av det som folk daa lengje hadde rekna til gode magter, vart til vonde ting, og dei som hadde ei onnor meining, vart "kjettarar og trollmenner". Daa var det og mange som meinte at dei dyrka Vaarherre naar dei gjorde ende paa trollmenner og trollkjeringar. Ikkje mange hev vore so fuse til aa faa trollkjeringarne dømde som prestarne.

Mykje hev sidan vorte annleis en det daa var. Naar me vert sjuke, so hev me lækjarar som kan hjelpa, men i den tid hadde dei ikkje anna en kloke folk. Sume av desse skyna seg visst betre paa sjukdomar en mange skulde tru, og det var ikkje faa som fekk hjelp fraa dei same; men saman med lækjeraaderne bruka dei sumt som dei kristne heldt fælt og stygt. So trudde mange at det var ved vond manns hjelp at dei fann sine raader, og so vart det strid millom dei kloke folki og slike som berre vilde lita paa gode magter. Det er den striden me her skal nemna nokre døme paa.

Snare Skjelbrei i Gand var ein mann som hadde drive mykje med signing og trolldom. Det kom klaga paa han til bispen i Stavang, og han stemnde mannen inn fyr Domkapitlet. Der vart han "yverhøyrd" den 2dre mars 1581. Barnalærdomen kunde han ikkje rett; men slarvelesing, fabel og draumar og munkedikt, kunde han nøgdi av. Han kunde lesa fyr ikt og fyr huldr, fyr troll og anna slikt, og det var reint merkelegt kor godt han kunde alt sovore.

I Domkapitlet var han mjuk og bad um naade. Han lova at han skulde standa skrift so alt kyrkjefolket saag paa det, og høgt og heilagt gav han sitt ord paa at han aldri meir skulde fara med noko trollskap. Gjorde han det so skulde han refsast paa livet.

Jakob Jonsson Løkje i Time sokn var klaga fyr trolldom i 1584. Dei kalla han ein "forfengjeleg drøymar", og han maa ha vore ein trollmann som kunde meir en mata seg. Den 10de juni 1584 heldt dei forhøyr yver honom i Domkapitlet i Stavang. Det var mange ting han visste raad fyr; han kunde lesa mot ikt og utburd og skarvar, mot troll som hadde huglagt folk, mot sjødriv og fossegrim, haugbuar og fjelltroll, tuftekall og "nebblingar" *) og anna slikt. Han vedgjekk at han hadde skore fem bloduge krossar paa kroppen hennar Tora, kona hans Kosmos Arildsson. Domkapitlet dømde at han skulde standa skrift fyr alle manns augo, og han laut lova at han aldri meir skulde fara med sovore. Gjorde han det so skulde han missa livet.

- Kosmos Arildsson var lagmann i Stavang, i minsto 1570-1585. Tora, kona hans, var "forgjord" og trong mykje aatgjerdsla. Umframt Jakob Løkje var det 3 andre "og endaa nokre til" som det same aaret var fyr Domkapitlet, av di dei hadde freista aa hjelpa henne.

Anna Knutsdotter var gift med Kristen Jute og budde paa Grønho, stend det i Domkapitels-boki. - Ho laut inn fyr Domkapitlet aatte dagar etter Jakob Løkje, av di ho var klaga fyr trolldom. Ho vedgjekk at Kosmos Arildsson hadde henta henne til kona si; ho skulde lesa yver henne fyr skarvar. Sumt anna gale kom og upp um henne. Ho laut lova at ho skulde halda upp med lesing og signing og kross-skjering, og at ho skulde fara ut or bispedømet med ein gong. Sidan flutte ho med mannen sin til Bergen. Der heldt ho paa og hjelpte sjuke folk baade med lestr og andre raader, og det ser ut til at mange hev søkt henne. Tie aar etter vart ho sett fast i Bergen og vart tiltala fyr det ho hadde gjort baade der og i Rogaland. Mange hadde ho gjort gode att; men ein gong hadde det gjenge retteleg gale. Det var ei kona i Bergen som leid mykje vondt, og Anna Knutsdotter skulde fyrst faa greida paa kven som hadde sett det vonde paa henne. Daa bruka ho ei raad som Gudrun Fjelle i Skyld hadde lært henne: ho gav henne inn jord fraa St. Martins kyrkjegard. Naar ho bruka den raadi, kunde ho sjaa um det var dvergen eller nokon gardbu som søkte kona med vondt. Men daa kona hadde fenge kyrkje-jordi, vart det sa reint illa med henne at ho vart mest halvdaud.

Ei kona leid so vondt av ikt at ho illa (snaudt) kunde liggja, og paa ingen maate vera uppe. Til henne vart Anna Knutsdotter henta. Ho stakk noko ingjefer i munnen hennar og strauk henne yver ryggen, og i det same las ho:

       Fly burt du fule ham!
       Gud fri oss fraa last og skam!
       I tri namn: Gud fader,
       Guds son, Gud den heilage ande. Amen.

Dette hjelpte so mykje at kona kunde vera uppe dagen etter. Baade i Rogaland og i Bergen skulde ho hjelpa folk fyr bek (? bit). Det var ein lei sjukdom som sume folk var fødde med. Fyr den bruka ho eit vess som var sa:

       Det var nie Mariar
       dei skulde bit binda;
       den eine bad, og den andre batt: 
       ein finger nedanfyr navlen 
       der skal du bunden liggja 
       alt til doms degi,
       so lengje steinen lagder var 
       alt fraa doms emne.

Eit sjukt barn hadde ho vore hjaa og lese yver det Vaar frue bøn. Daa vart barnet straks godt.

Elles hadde ho lese i gaasafeitt fyr vred, og sendt det til ein mann som var krank. Det vesset som ho bruka fyr vred var sa:

       Vaar herre Jesus reid yver ei bru, 
       der møtte honom ei vond kvinna. 
       "Kor langt skal du?" sa Kristus.
       "Eg vil meg i manna-heim."
       "Kva skal du der?" sa Kristus.
       "Eg skal brjota lem fraa lem
       og rygg fraa rygg," [sa kvinna].
       "Nei, nei," sa Kristus;
       "du skal ingen ljota og ingen brjota.
       Du skal deg i berget blaa;
       det skal du stemna paa."
       I tri namn: Gud fader, Guds
       son, Gud den heilage ande. Amen.

Ho hadde og bruka eit signevess fyr led; men det kunde ho ikkje haatta paa daa ho stod fyr retten. 

Det meste av dette kom upp daa ho var fyr retten i Bergen um vaaren 1594. Der vart ho dømd til aa refsast paa livet; for ho hadde fare med ukristeleg signing og trolldomskunst, og gjort imot dei brevi som kongen hadde gjeve ut, og imot den lovnaden ho hadde gjeve i Stavang.

Anna Torsdotter var gift med Jon Persson og budde paa Sjernarøyarne. Ho var sonakona til Anna Grønho og kunde lesa fyr smott og flòg. Ho og hadde vore hjaa Kosmos og lese yver Tora. I Domkapitlet las ho upp dei bøner eller vess som ho bruka; dei fekk høyra mykje dumt tøys "som det ikkje var bryet verdt aa skriva".

Borghild paa Mæland og nokre til hadde og vore henta til Tora hans Kosmos. I Domkapitlet las ho upp slike ting som ho kunde - liksom dei andre.

- Alle desse var stemnde til Kapitels i 1584. Aaret etter var Gudrun Lappesyls fyr Kapitlet. Ho var vel helst fraa byen; allvisst hadde ho fenge det ordet paa seg at ho var trollkjering og for med signing og spaadom. Ho las upp ymse troll-vess som ho kunde. Millom anna kunde ho lesa fyr folk som var forgjorde, og fyr barnseng-konor, til aa letta føde-riderne. Attaat dette kunde ho lesa fyr vreide (? vred) og fyr smaatroll (? smott) og fyr tuftekallar. I Domkapitlet vart ho lyst ut or fylket.

Alle dei trollmenner og trollkjeringar som her er nemnde fraa 1581-1585, hev vore innstemnde fyr Domkapitlet i Stavang. Dei hadde misbruka Guds namn og fare med noko som var syndugt; difyr laut bispen og dei høgste prestarne (kapitelherrarne) taka seg av deim. Bispen Jørgen Eriksson var ein dugande kar i mange maatar, og han kunde ikkje tola i sitt bispedøme munkelygner og anna som hadde rot i pavetrui. Trollmennerne heldt seg vel helst til den gamle trui, og so skulde dei refsast. Kva raad dei skulde bruka mot slike folk, hev bispen ikkje havt full greide paa; so spurde han kongen. Til svar kom det eit kongabrev som Fredrik den 2dre hadde skrive til bispen og lensherren den 21de september 1584. Kongen hadde vorte vis med at det baade i Stavanger bispedøme og i Bergens var folk som, naar dei vart sjuke, søkte gudlause raader og let folk skjera krossar paa kroppen deira, og bruka signing og fabel og lestr. Dette var forbode i Guds ord, og no vilde kongen leggja det strengt paa tenestmennerne sine, lensherrarne og futarne i desse tvo bispedømi, at dei skulde sjaa vel etter slike ting og ikkje lata folk som for med sovore, sleppa utan refsing. Alle dei som for med slike kunster og raader, skulde utan naade refsast paa livet. Gjorde ikkje tenestmenerne [sic] sin skyldnad i dette stykket, so skulde dei standa kongen til rette.

I Domkapitlet ser det ut til at dei jamt hev dømt mildare en ein skulde venta. Trollmennerne slapp lett etter maaten. Men endaa er det ikkje visst um dei alle slapp so lett som det ser ut til. Umframt kapitelherrarne var det andre kongens tenestmenner som skulde sjaa etter syndarane. Um dei sidan hev dømt, og korleis domen daa var, kann me ikkje vita; for skrifterne som skulde fortelja um det, er ikkje til lenger. Tingbøker hev me ikkje fraa Rogaland som er eldre en 1611, og rekneskap finn me ikkje eldre en fraa 1602.

Hev desse folki sloppe lettare en mange trollmenner og trollkjeringar gjorde sidan, so kann det og vera av di at faa eller ingen hev klaga paa deim eller "lagt sak mot deim". Anna Grønho vart her lyst ut or fylket; men i Bergen vart ho tie aar seinare dømd fraa livet; der var det og minst ei kona som lagde salt mot henne og klaga yver at ho med kunsterne sine hadde ført henne upp i ulukka. Hev dei letta paa domen naar det ikkje var sovori klaga, so samstavar det baade med dei gamle norske logjerne og med den framferdi som dei seinare fylgde.

I lens-rekneskapen fyr 1611 vert nemnd ei trollkjering som heitte Maren Njellsdotter. Ho braut seg ut or fangeholet i Stavang og kom til Madla; der fekk ho vera nokre dagar hjaa ein av mennerne, heitte Olav Torgeirsson. Kvar det sidan vart av henne, vert det ikkje fortalt noko um; men Olav Torgeirsson paa Madla laut bøta til kongen 8 ørtugar 13 mark sylv, for han "hadde hyst og hela med ei trollkjering".

Var det nokon som let dei ordi fara at ein var trollmann, so vilde alltid den som var skulda, rein-vaska seg, um det var raad. Gjorde han ikkje det, so kunde skuldingi verta eit vitnemaal imot han.

I rekneskapen 1604 er fortalt um Sigrid paa Mehus (ved Skyljastraumen) at ho hadde reinska seg fyr ei slik skulding. Rasmus Ysteinstad, ein av grannarne hennar, hadde sagt at ho var trollkjering. So hadde ho lagt sak, og han kunde ikkje prova det han hadde sagt. Han vart dømd til aa bøta 10 dalar.

Eilev Sporaland i Gand hadde lagt trolldoms-sak paa kona hans Sigmund Vatne. Ho lagde salt og han kunde ikkje sannprova det. So vart han dømd 1616 til aa bøta 7 dalar fyr det ordet han hadde sett ut.

----

Dei store trolldoms-salterne tok til her i fylket ikring 1623 og vara til 1684. Trollmenner og trollkjeringar vart daa dømde "etter Guds og kongens log". I Mose-logi hadde dei lært: "Ei trollkjering skal du ikkje lata liva," Kva daude ho skulde lida, hadde dei og eit Guds-ord fyr: "Um nokon ikkje vert verande i meg, so vert han kasta ut som greini og visnar; og dei sankar deim og kastar deim paa elden, og dei brenn". Domarne var hardast i fyrstningi. Sidan kom dei i hug eit anna Guds-ord: "Øksi ligg ved roti av trei; kvart tre som ikkje ber god frukt, skal verta avhogge og kasta paa elden." Daa hende det at dei halshogde trollkjeringarne fyrst og brende liki. So langt heldt dei seg etter Guds log. Kongens logbod mil trolldom var mange; m. a. hadde Kristian den 4de gjeve ut eit brev 12/10 1617. Etter det skulde folk som for med trollskap og maning, mæling og signing, eller som valde ut sers dagar i vika, og vilde syna att det som var burtkome, dømast til aa missa all eigedomen sin til kongen og landlysast fraa kongens land og rike. Dette var liksom mildare en det dei fyrr hadde gjenge etter; men i vaare bygder kjem det nye gjerna seint. Daa dei andre stader tok til aa gjera domarne mildare, var det fyrst at dei her fyr aalvor tok til aa brenna trollkjeringarne.

----

Det er trolldoms-sogorne fraa Rogalands-bygderne eg her vil fortelja um. Fraa andre fylke vert inkje medteke, og heller ikkje fraa byen. Det meste som der kunde vera aa fortelja, kann ein finna i bøkerne til rektor Erichsen. Fraa bygderne i Rogaland tek eg med mest alt det eg hev funne av saker um trolldom.


[Notar:]
*) Nebblingar "skal vera kyrkjetroll".
Grønho er kann henda Grønhaug i Karmsund. Elles kann det vera eit husmannsplass einkvar staden i Fjordene.


Første kapittel i Torkell Mauland: Trolldom. Kristiania: J. W. Cappelens Forlag 1911. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad