Walter Scott: Ivanhoe

(Omsetjing, 1912)

Omsett Av Torkell Mauland
 
 
1STE STYKKET
Det var ein gild skog som voks i den fagre bygdi attmed Don-elvi. Skogen var vid i gamle dagar og klædde alle bakkar og dælder millom Sheffield og Donkaster. Enno kann ein sjaa leivningar av den same skogen kringum herregardarne Wentworth og Wharnkliffe og rundt um Rotterham. Her var det Wandleydraken heldt seg i eldgamle dagar, etter som segni segjer; her stod mange av dei stridaste bardagarne millom her-flokkarne i Rose-ufreden; her var det dei store flokkarne av fredlause heldt seg, som folkevisorne fortel um, og som paa den maaten hev vorte namngjetne.

I desse bygderne gjeng det fyre seg, det meste som me hev aa fortelja um i denne soga. Det var imot enden av den tid som Rikard den fyrste var konge; han hadde site fange ei lang tid, og folket hans hadde vorte nedkua paa alle vis og var drive mest i ørvæna; dei ynskte at han skulde koma attende, men torde ikkje vona det. Adelsmennerne hadde fenge ei endelaus magt i den tid Stefan styrde; Henrik den andre hadde teke det vitugt og lært deim noko lydnad; men no hadde dei fenge att den same endelause fridomen og tenkte ikkje paa anna en aa raada seg sjølve. Dei vanvyrde riksraadet og gjorde tjukke øyro til alle logbodi. Borgerne som dei budde i, bygde dei sterkare, og auka talet paa vaapensveinar; dei gjorde seg til herrar yver alle folk i bygderne der i kring, og nytta alle dei raader dei kunde, til aa verta hovud fyr ei magt som var so stor at dei skulde kunna gjera eitkvart ovgrip i den innalands-striden som det saag ut til vilde koma.
Dei andre jordeigarane, hauldarne eller sjølveigarane, hadde etter logerne rett til aa halda seg frie fyr hardstyret aat lensherrarne; men dei kom no uppi vandskar som vart verre og verre etter kvart som det leid. Mest vanlegt var det at folk gav seg inn under ein av smaakongarne i grannelaget, paa den maaten at han gav dei jord aa styra fyr honom; dei gjorde ei kontrakt seg imillom, so mannen batt seg til aa hjelpa honom naar han tok paa med eitkvart. Dei som gjorde dette, kunde alltid faa fred ei stund; men daa laut dei og gjeva fraa seg det sjølvstendet som alle engelsmenner er so glade i. Daa kunde dei og vera støde paa at um den mannen som skulde vera verja deira, fløykte seg inn i eit vaagaspil, so vart dei og part i det same, kor gale det var. Paa hin kanten var det so, at dei store baronarne hadde mange maatar aa elta og kua dei grannarne som mindre magt hadde, og dei vanta aldri paahit og mest aldri vilje til aa taka paa grannarne og mest gjera ende paa deim, - so sant som dei hadde vaaga seg til aa skilja lag og ikkje vilde halda med deim i alle ting; det som dei daa helst hadde aa lita paa, var at det stillvorne livet dei livde, og landslogerne skulde hjelpa deim i dei vandskarne som tidi førde med seg.

Ein ting som gjorde baade at adelen vart meir hardstyren, og at den mindre mann laut lida so mykje, var det som fylgde etter hertakingi, daa hertug Vilhelm fraa Normandie tok landet. Fire ættleder hadde livt sidan; men endaa hadde blodet aat normanarne og saksarne ikkje mengt seg i hop. Heller ikkje maalet hadde blanda seg, mest av di at den eine parten stødt var byrg av sigren, og den andre heldt paa aa gremja seg fyr usigren. Etter slaget ved Hastings hadde magti fullt og heilt kome i henderne paa norman-adelen, og han hadde ikkje bruka magti med maate, segjer soge-skrivarane. Det skilde lite paa at alle kongsætter og adelsætter av saksarblod var ut-øydde eller burt-jaga fraa eigedomarne sine. Det var jamvel ikkje mange av deim som endaa sat i fedralandet og var bønder, ikkje smaabønder dess meir. Kongarne hadde havt det i tankarne, at dei vilde minka magti aat deim; for dei trudde og visste at dei hadde mykje imot dei folki som hadde her-teke landet. Alle styrarar som var ætta fraa Normandie, hadde synt det so klaart som det kunde gjerast, at dei hadde mest tru paa normanarne. Ibuarane var nedtyngde, og dei fekk veidelogerne og mange andre loger paa nakken, endaa det var noko som var ukjent i dei gamle saksar-logerne; for dei var mykje friare og mildare. Det saag ut som dei beint fram vilde tyngja paa lekkjorne som lensstyret lagde paa folket. Norman-fransk var det maalet som dei tala baade i kongsgarden og i borgerne hjaa dei fine adelsfolki. I retten bruka dei fransk, baade naar dei høyrde vitne og naar dei dømde. Fransk var, stutt aa segja, det fine maalet; det nytta riddarane, og det bruka dei paa tingi; men angelsaksar-maalet som var baade mannslegare og rikare, var ikkje bruka anna en hjaa bønder og trælar som ikkje hadde lært anna maal. Men endaa hadde dei store jordeigarane og dei smaae jordbrukarane sumt aa segja kvarandre; so laut dei finna paa aa blanda maali, skulde dei skyna kvarandre. Dermed vart det eit blandingsmaal med noko av fransk og noko av angelsaksisk; fraa dette steig litt um senn det engelske maalet som no er i bruk, og som er ei so gild ihopblanding av maalet aat dei gamle sigerherrarne og dei yvervundne. Sidan hev det same maalet fenge ein rik islett fraa dei gamle maali og fraa dei maali som vert tala lenger sud i Europa.

Soleis var tilstandet den tid. Eg hev tenkt det rettast aa taka med alt dette her fyreaat, so lesarane kann sjaa at um det ikkje var ufred og uppreist og slike store skifte, so var det ein skilnad millom angelsaksarne og normanarne som kunde minna um at angelsaksarne var til. Naar dei attaat mintest kva dei ein gong hadde vare og kor djupt dei no hadde sakke, so gjorde dette so mykje at dei saari som hertakingi hadde hagt, heldt seg opne alt ned til den tidi daa Edvard den tridje styrde. Det vart liksom ein kile millom dei sigrande normanarane og dei yvervundne saksarane og etterkomarane paa baae sidor. - - - - -

Det var i kveldingi daa soli heldt paa aa glada, paa ei grasrik sletta i den skogen som er nemnd fyrst i dette stykket. Eiker, so gamle at dei kann henda hadde set paa dei romerske hermenner daa dei gjekk der og spanta, stod i hundrad-tal med stutte leggjer men vide kollar og rette greinerne ut yver det gilde grøne graset. Sume stader voks det bok og kristtorn og ymse slag smaaris inn-imillom, so tjukt at solstraalerne ikkje kunde stinga seg igjenom. Andre stader stod dei lenger fraa kvarandre so det vart liksom lange gangar imillom so forunderleg laga at det alltid vert noko fyr auga aa sjaa paa; elles drøymer ein helst um at det er vegjer inn til endaa villare gangar midt inne i ville skogen. Her kom dei raude solstraalerne inn og lyste med bleikt ljos paa greinerne og dei mosegrodde treleggjerne, og fekk det til aa glima framifraa fagert paa dei stykki av marki som dei naadde til. Paa ei stor glenna midt paa denne sletta saag det ut til at dei i gamle dagar hadde havt ei gudedyrking; der var ein haug som var soleis laga at han maatte vera gjort med hender, og øvst uppe paa den saag ein endaa stykke av ein ring med store ruvhogde steinar. Sju steinar stod uppe; dei andre var flutte og laag eit lite stykke ifraa, nokre ned-etter kantarne paa haugen; truleg var det einkvar som var umvend til kristendomen og hadde velt steinarne. Ein stor stein hadde rulla ned-fyre heile haugen og vorte liggjande i ein liten bekk som rann framum haugen. Dette gjorde at det der vart ei risling i bekken som elles rann stillt og utan ljod.

Dei mannaskapningar som høyrde med til dette landskapsbilætet, var tvo i talet. Dei gjeng klædde og er elles aa sjaa til liksom dei uvande skogbuar som i dei dagarne budde i skogbygderne paa vestkanten av Yorksjir. Den eldste var streng og raa og vill aa sjaa til. Klædebunaden hans var so uvand som han kunde vera; det var ei kufta av barka skinn. Haari hadde fyrst vore paa; men no var dei avslitne mange stader, so det var ikkje godt aa segja kva skinn det var, etter dei flekkjerne som var att. Dette klædeplagget naadde fraa halsen og ned til knes, og gjorde alt det som ein krev av kropps-klæde. Halsholet var so trongt at det var so vidt karen kunde smetta hovudet igjenom. Det var greidt at dei tok paa seg dette plagget paa same maaten som dei tek paa seg ei skjurta no eller ei gamaldags brynja i den eldste tidi. Paa føterne hadde han solar (sandalar) som var knytte paa foten med reimar av villsvin-skinn. Upp etter leggjerne var det breide lêr-reimar som var fletta kringum leggen paa ein kunstrig maate. Knei var berre liksom paa ein fjellmann fraa Skotland. Kringum livet var det ei livgjord av lêr, so kufta skulde sitja betre inn-aat kroppen. Livgjordi vart kneppt i hop med ei massing-spenna; paa den eine sida av denne spenna var det eit slag skreppa og paa hi sida eit bukkahorn med eit munnstykke til aa blaasa i. I det same beltet hekk det ein lang og breid tvieggja kniv med hjortehorns-skaft; desse knivarne vart smidde der i grannelaget og vart jamvel i dei dagar kalla Sheffield-knivar. Mannen var berrhovda; det einaste han hadde paa hovudet, var hans eige haar, som var tjukt og flokutt; det var solbrendt og myrkt rustraudt paa lit. Det var so underleg ulikt det lange skjegget paa kjakarne hans; for det var gulvore eller ljost brunt. No er det att berre ein ting paa klædi hans aa nemna; men den er so merkeleg at me ikkje maa gløyma han. Det var ein massingring som han hadde kring halsen. Ringen saag ut mest som hals-lekkja paa ein hund, og var so romleg at mannen godt kunde anda, men so trong at ingen kunde faa han av utan fil; han var lodda i hop kring halsen. Paa denne ringen stod det inn grave i angelsaksar-maal: "Gurt, son til Berulv, er trælen til Kedrik fraa Roterwood".

Denne karen var svinahyrding, og i lag med honom var det ein annan kar som sat paa ein av dei ned-rivne minnesteinarne. Han saag ut til aa vera eit halvt tjug aar yngre en Gurt, og klædi hans var av betre ty og saag vel so fine ut, endaa dei var sameleis paa skurd. Kufta hans var ljost purpur-raud, og der var maala sume furdelege bilæte med ymse liter. Utanpaa kufta hadde han ei stutt kaapa som snaudt rokk midt ned paa laaret. Kaapa var karmosin-raud, men fælt ut-skitna, og var ljost gul paa kantarne. Han kunde flytja kaapa fraa den eine aksli til den andre, og slaa ho heilt um seg um han vilde; dermed gav denne vide og stutte kaapa mannen liksom ein æventyr-svip. Han gjekk med tunne sylvband paa armarne, og um halsen hadde han ein sylvring. Paa den stod det inngrave: "Vamba, son til Vitlaus, er træl hjaa Kedrik paa Roterwood". Denne karen hadde solar av same slaget som den hine; men i staden fyr reimar hadde han eit slag leggjasokkar um føterne; den eine var raud og den andre gul. Paa hovudet hadde han ei huva, og rundt ikring den var det nokre bjøllor, so store paa lag som dei ein fester paa falkar. Desse bjøllorne ringla kvar gong han lea paa hovudet, og han heldt aldri hovudet stillt so lengje som ein minutt, so det ringla mest stødt. Kring huvebrotet var det ein stiv lêrkant med uthogde tungor i øvste breddi, so det likna ei kruna; fraa kollen gjekk ein langvoren pose og hekk ned paa den eine aksli som ei gamaldags natthuva eller ein ystepose eller ein husarhatt. Det var denne lêrkanten som bjøllorne var feste i. Naar ein saag paa dette underlege hovudplagget og lagde merke til andlitet som saag baade halvtullut og fult ut, so kunde ein greidt skyna at han høyrde til dei tenarane som dei heldt i rike hus i dei dagar og kalla hus-narrar; dei skulde hjelpa til aa trøyta tid i naar folk var nøydde til aa halda seg inne i hus. Han hadde liksom den andre karen ei skreppa i livgjordi, men hadde korkje horn eller kniv; tru leg høyrde han til dei folki som dei helst ikkje torde gjeva bitjarn i henderne. I staden hadde han eit tresverd, ikkje ulikt det som koklarane brukar naar dei gjerer sine kunster.

Augnakastet og aatferdi aat desse tvo kararne var likso ulikt som klædebunaden. Trælen saag tung og syrgjande ut; han saag ned paa marki so reint modlaust at ein mest skulde tru han brydde seg um ingen ting; men den elden som av og til loga i dei raude augo hans, kunde fortelja at han ikkje var so dauvleg som han saag ut, men at han kjende seg nedkua og hadde hug til aa setja seg upp imot uretten. Vamba saag ut som ein kvims og kunde aldri halda seg i ro; elles var han, som folk av det slaget mest alltid er, fælt forviten. Han var vel nøgd med seg sjølv og med det han var. Dei rødde med kvarandre paa angelsaksar-maal, for det var, som sagt er, i bruk millom smaafolk, naar dei ikkje var normana-herfolk eller av deim som stod næmast under dei store jordeigarane. Men det kann lite nytta no aa skriva røda paa det maalet; me skal heller taka upp atter noko av ho i umskrift.

Svinahyrdingen bles i hornet so høgt som han kunde; han vilde samla griserne i hop. Dyri svara, og tonen deira var visst likso ven som hans; men dei hasta ikkje aa flokka seg i hop. Sume gjekk og aat paa eikeneter og andre neter, so dei mest vilde sprikka, og sume laag i bekkjakanten, mest nedsøkkte i surpediket, og brydde seg aldri det slag um at gjætaren bles. "St. Vithold forbanna dette svinepakket!" sa Gurt, "forbanna baade griserne og meg! Kjem ikkje skrubben paa tvo bein og tek ein gris eller tvo fyrr dagen er ute, so kann dei kalla meg ein ljugar. No, Takan!" ropa han til ein lurvutt hund som hinka um og skulde hjelpa gjætaren til aa faa griserne i hop i ein dott; men fort gjekk det ikkje; for - anten han hadde mistydt teiknet fraa gjætaren, eller han ikkje visste kva han skulde, eller han vilde gjera vondt - so jaga han deim berre fraa kvarandre og gjorde vondt verre. "Hin slite tennerne or den kvalpen!" sa Gurt, "og usæla kome yver skogfuten som høgg klørne av framføterne paa hundarne vaare, so dei ikkje kann gjera det dei skal. Upp, Vamba, og hjelp meg, so er du gild kar. Spring rundt um haugen og kom attum deim imot vinden, so kann du jaga deim fyre deg som det var skuldlause lamb."

"Det kann hende det," sa Vamba, men røyvde seg ikkje; "men eg hev spurt føterne mine kva dei meiner um dette, og dei er av den meiningi at det vilde vera reint gale um eg, slik gjæv kar som eg er, og so fint som eg er klædd, skulde traska gjenom dei myrarne. Eg skal segja deg ei god raad, Gurt, du skal ropa Takan attende og lata svini sigla sin eigen kos, so vert det normanar av deim fyre morgondagen, anten dei so kjem burti ein flokk med farande hermenner eller fredlause, eller pilegrimarne finn deim, - og det maa vera til stor lette og hugnad fyr deg."

"Svini verta til normanar, og til gleda fyr meg," sa Gurt; "seg meg kva du meiner med det. Eg er for tung i hovudet og for saar i hugen til at eg kann gjeta gaator."

"No, kva kallar du desse gryntarane, som fer ikring paa fire føter?" spurde Vamba. 

"Svin vel, din narr," sa gjætaren; "det er daa noko som kvar tosken veit." 

"Ogsvin er godt saksarmaal," sa narren; "men kva kallar du sui naar ho er skaalda og uppskori og sundlema og hengd upp etter føterne liksom ein lands-svikar? "

"Flesk," svara grisegjætaren.

"Eg er glad at kvar tosken veit det og," sa Vamba, "og flesk (pork) trur eg er god normanfransk. Daa er det so, at so lengje dyri liver og vert agta av ein saksar-træl, so hev dei saksarnamnet sitt; men naar dei kjem i herregarden og skal vera med i gjestabod, daa vert dei normanar. Kva segjer du no, gode Gurt?"

"Det er so sant, so sant, det du segjer, endaa det hev gjenge gjenom ditt narre-hovud."

"Eg kann segja deg meir," sa Vamba i den same tonen. "Den gamle raadsmannen uksen held paa aa vera saksar, so lengje trælar som du gjæter han; men han vert Bif, ein fin frisk fransmann, naar han er etla aat munnarne som gløyper han. Sameleis vert herr Kalv til monsieur de Veau; han er saksar so lengje han treng gjæting og hjelp, men fær norman-namn naar han kjem so langt at dei kann tyggja paa han."

"Ja, St. Dunstan, er det sant kvart ordet du segjer; syrjeleg sant," sa Gurt. "Dei leiver ikkje stort meir aat oss en vêret som me andar i, og hadde det ikkje vore det at dei vil hava oss helsuge til aa taka paa oss det strævet dei hev sett oss til, so hadde me vel ikkje fenge det heller. Det finaste og feitaste er fyr deira bord; det venaste skal det hava til si seng; dei beste og djervaste mennerne vert hermenner hjaa framande herrar og hævdar jordi i andre land med beini sine, so det vert faae att som hev vilje og magt til aa verja dei usæle angelsaksarne. Gud signe hr. Kedrik, husbonden vaar! han hev gjort manns verk og sett seg midt i gapet; men kva hjelp er der i det? No kjem snart Reginald front-de-Boeuf sjølv ned til denne bygdi, so fær me sjaa. - Hit, her!" ropa han atter; "tak deim! Tak deim! Det var godt gjort, Takan; no hev du deim alle fyre deg, so no jagar du deim godt, kar."

"Du Gurt," sa narren, "eg skynar at du held meg fyr ein stor tosk, elles hadde du ikkje vore so ferdug til aa stinga hovudet ditt inn i kjeften min. Sa eg eit einaste ord til Reginald Front-de-Boeuf eller Filip de Malvoisin, at du hev tala svik mot normanarne, so var det ute med den grisegjætaren; du kom til aa dangla i eit av dei trei til rædsla og paaminning fyr andre som hev eitkvart aa segja paa deim som hev magti."

"Du tenkjer daa vel ikkje paa aa svika meg, hund?" sa Gurt. "Det var di skuld at eg kom til aa segja so mykje um dei som hev magt."

"Svika deg?" sa narren. "Nei, det maatte vera ein vis mann som skulde gjera slikt; ein narr skynar ikkje helvti so godt kva som kann vera til gagn fyr han. Men høyr: Kven er det som kjem?" sa han og lydde paa hestatraav som kom nærre innaat.

"Eg er like glad kven det er," sa Gurt; han hadde no fenge svini sine fyre seg og heldt paa driva deim ned ein av dei lange gangarne som me hev tala um, med hunden til hjelp.

"Ja, men eg lyt daa sjaa ridarane," svara Vamba; "kann henda er det nokon som kjem fraa Felandet med bod fraa kong Oberon."

"Du maa aldri tala um slikt," sa svinahyrdingen. "Ser du ikkje det skræmelege vêret han lagar seg til med? Tora slær og stormen tutar nokre halvfjordungar fraa oss. Høyr kor tora brakar! Og slike tjukke dropar beint ned fraa skyerne hev ikkje eg set ein sumardag. Og høyr paa eiketrei! endaa so stillt som det er i vêret, so knakar og brakar det i greinerne; dei ventar storm. Du kann stella deg som ein vitug kar naar du vil; so lyd no meg ein gong, og lat oss skunda oss heim fyrr stormen kjem. Det vert ei fæl natt."

Det saag ut til at Vamba gav gjætaren rett, og han slo lag med honom. Gurt tok upp ein lang stav som laag i graset, og med den i neven steig denne nye Eumæus lange stig fram-etter. Han hadde hunden til hjelp og dreiv heile drifti fram gjenom skogen.
 
 

Frå Walter Scott: Ivanhoe. Fyrste helvti. Paa norsk ved Torkell Mauland. Oslo: Det Norske
Samlaget (Landsmaalslaget) 1912. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad.