Bön

(Dikt, 1866)

Av Hans Mo

 
Gud min Fader! lat meg finna
Kvild i opne Naadar Famn!
Tvaa meg rein og hjelp meg vinna
fram til deg i Jesu Namn;
Syn meg Veg paa Livsens Straumar,
Styr mitt Skip i stilla Hamn.
 
 
Tidleg eg min Prydnad slengde,
dan eg fekk som liten Kind.
Syndalarv eg paa meg hengde, -
vil du sjaa meg, Frelsar min?
Göym meg i dan kvite Bunad,
som du vann paa Krossen din!
 
 

Frå Ferdamannen. Eit Vikoblad aat Aalmugen. Odensdagen dan 28de Marts 1866. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad