Der er eit gult lys

(Dikt, 2005)

Der er eit gult lys
i fjøsen om kvelden
Over glaskuplane
ligg eit tynt lag' av pust og ullfeitt

Tippoldefar byggjer fjøsen
Han legg mørtel mellom steinane
og smir trenaglar med tollekniven
Oldefar sit på hoggestabben
Han skriv med kløyvde blyantstumpar
Farfar kardar hesten i lange tak
Far står i fjøsdøra
Lutar seg mot greipa
og lyder mot fjella

Dei ser meg kome
og legg frå seg arbeidet

 

______________________________________________________________________

Frå Hilde Myklebust: Berre dagar seinare. Samlaget 2005. Side 5-8. 63
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2005.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
_______________________________________________________________________